Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Knut Arild Hareide. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Knut Arild Hareide. Vis alle innlegg

søndag 14. mars 2021

I teneste for samfunnet

På laurdag avslutta eg ti år samanhengande som styremedlem i Møre og Romsdal KrF. Korfor gidder eg halde på?!


 For å ta det først: Det var ei blanding av frivillig og ufrivillig avgang. Det har kome ein regel om at ein ikkje skal sitte meir enn seks år samanhengande. Eg synes det er heilt greit, for det var tid for å la andre dyktige nordmøringar ta plassen min.

Men ti år? Ja, det vart det. Første gongen eg stilte til val, var i 2009. Eg trudde det var mest som ein "walk over", så eg vart grundig skuffa då eg ikkje ein gong fekk nok stemmer til å bli varamedlem... Men to år seinare var det plass til meg, og med det som skjedde på heimebane, var eg veldig glad for at eg fekk ha ein plass å dra til som var min. Stort sett er det mamma som har tatt seg av ungane - iallfall etter at eg vart åleine. Då var desse korthelgene på hotell ein velfortent tur borte heimefrå.
Mange dyktige folk har eg møtt på min veg - det har og sjølvsagt vore av det gode. For ikkje lenge sida dukka det opp eit bilde på Facebook frå då Dagrun Eriksen, då ho var stortingsrepresentant og nestleiar, besøkte årsmøtet i Geiranger. Kjell Magne Bondevik, vår nestor/ æresmedlem og evig optimist, har vore på besøk, og det har også Kjell Ingolf Ropstad, Dagfinn Høybråten, Knut Arild Hareide, Olaug Bollestad...

Nei, ti år i eit fylkesstyre er ikkje så mykje å skryte av, men eg kan seie litt om drivkrafta.
For meg er det sjølvsagt å bidra på mitt vis i samfunnet. Å ha samfunnsengasjement på eitt eller anna vis er viktig for meg - og det er noko eg verdsett hos andre menneske eg møter. Vi som har velt å engasjere oss i politikken, gjer det for å ta samfunnet vidare i den retninga vi ønsker.
Nei, det var ikkje heilt tilfeldig at det vart KrF. Eg var vel litt påverka av mamma, men eg fann ganske tidleg ut at det var partiet som dekte dei verdiane eg stod for - og det er noko eg opplever nær sagt kvar dag. Som Kjell Magne Bondevik sa i fylkesårsmøtet på laurdag (via ZOOM-overføring heimefrå):
"Nokon har spurt om eg skal skifte parti sidan andre i familien har gjort det, men det skal eg ikkje. Eg har vore medlem i KrF i 55 år, og det skal eg fortsette med. Det blir som med fotball: Ein kan ikkje skifte ut laget ein heier på om det går litt dårleg. Eg kan ikkje begynne å heie på Rosenborg no!"
Og begge delar er heilt sant: Eg kan ikkje skifte ut KrF for noko anna - og eg kan ikkje skifte ut MFK for eit anna lag (og særleg ikkje no når MFK er Noregs beste lag i Europa <3 )
Ti år, ja, i organisatorisk teneste. Eg er ikkje ferdig! Det eg starta med i Ytre Nordmøre KrFU i 1995 - etter at Aud Inger Aure vann valet i Kristiansund - vidareførte i Tromsø KrF og har gått vidare med i Sunndal KrF, det er absolutt ikkje avslutta. Livet - også det politiske livet - går i fasar, og no er det politikken i Sunndal eg skal konsentrere meg mest om (og så er eg vara i eit utval i fylkespolitikken). Og folka eg møter på fylkessamlingane i Møre og Romsdal KrF vil fortsette å møte meg der, for eg skal jo dra dit for lokallaget i Sunndal. Så eigentleg er det ikkje så mykje som er annleis enn før. Berre det å ha eit verv mindre å skjøtte.
Om eg ikkje har påverka nokon til å bli KrF-veljar, håpar eg at eg har påverka nokon til å bli politisk aktiv. Vi treng politikarar som står opp for sine saker - det er slik demokratiet byggast!

Det er inga hemmelegheit at eg er stor fan av Knut Arild Hareide - det er trist han
trekker seg frå politikken når han avsluttar stortingslivet til hausten.

 

søndag 28. april 2013

Glimt frå KrFs landsmøte i Trondheim

Då er ei "kjøle" intens landsmøtehelg over! Mykje god politikk vart utforma - mykje av det kostar mykje pengar - og så hadde vi det kjøle triveleg saman!

Her kjem nokre glimt frå landsmøtet! Dessutan har eg lovt å publisere innlegget eg hadde på talerstolen fredag.
Den store saka på landsmøtet var om partiet skulle halde vidare på vedkjenningsparagrafen. Skal ein som vil tenestegjere for partiet - uavhengig av om det er høgt eller lågt nivå - kunne risikere å bli avkrevd svar på om ein er kristen? Og dessuten: Kva skal vere partiets plattform og ideologi?  Det var ein lang debatt, og her er kva eg sa:

"Då eg gjekk på bibelskulen for over tjue år sidan, hadde eg jobb ved sidan av på eit konditori. Ein gong spurte sjefen meg om det var folk i kassa. "Eg trur det," svarte eg. "Tru kan du gjere på skulen, men her må du vite," var svaret eg fekk!
Hordaland KrF viser i eit av forslaga sine til regimentlæra, men eg vil ta klår avstand frå at Krfs lære og ideologi framstår som ei kristen tru.
Vi er samla her frå mange leirar  nokon har ei enkel kvardagstru eller ei enkel barnetru og nokon har eit aktivt forhold til Bibelen og kyrkjegange. Det er ikkje vi som ringjer inn til kyrkjetid sundag kl. 11 - det er det kyrkja som gjer! Vi må akte oss vel for å ikkje bli so konservative og ytterleggåande i vår ideologi utforming at vi framstår som ei eiga trusretning. Det kan verke fråstøtande for oss som har berre den enkle, kvardagslege trua!"

Eg er nøgd med at eg langt på veg vart sitert av politisk redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten i dag!!

Vel - vi kom i hamn med avstemninga om desse to spørsmåla. Det vart ei solid overvekt på at ein ikkje skal avkrevjast vedkjenning for å kunne vere aktiv i partiet. Og vi vart og einige om at det er fortsatt det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret som er verdigrunnlaget i partiet. Kristeleg Folkeparti er bygd på kristendemokratiske prinsipp med Bibelen som plattform.

Det er mange som er redde for at KrF no vil bli eit utvatna parti - ikkje kristent nok lenger liksom! Men eg trur ærleg talt at det er folk som ikkje har lest partiprogrammet og som ikkje har sett seg inn i saka. Det er lett å hengje seg på media si populistiske framstilling!
Eg er ikkje bekymra for KrF si framtid med dette programmet i handa!

Det vekte og ein del reaksjonar at lesbiske Christine Koht var festkveldens hovedgjest. Eg kan på mange måtar skjønne det, for om ein ikkje kjenner til eller likar hennar direkte veremåte og måten ho rydder seg plass på, kan eg godt forstå at ein kjenner seg litt ubekvem i situasjonen. Slik eg opplevde showet hennar, låg det iallfall ikkje noko ondsinna i det, eg synest ikkje det var for drygt heller - sjølv med eit bannord inkludert. Og bodskapen hennar var jo heilt klar: KrF har ein bra bodskap, men ein må faktisk by på seg sjølv om ein skal gjere han salbar!
Når det gjeld det med homofile og homofili, så held eg på og utarbeider eit blogginnlegg om det i løpet av nokre dagar! Eg trur nok eg vann å bli litt meir liberal/ reflektert om temaet i løpet av landsmøtet!

Landsmøtet hadde besøk av heidersgjesten Kjell Magne Bondevik, som naturleg nok fekk ståande applaus! No skjønnar eg at han er skikkeleg skuffa i kveld etter Molde sin kamp på Røkkeløkka, men når han før helga konstaterte fakta, så gjaldt det følgjande: Statsministeren skulle vitje Rosenborg i helga. Sist gang ein sitjande statsminister gjorde det, var i 1997, då Jagland gjorde det - og ein såg jo korleis det gjekk! Ergo: Sidan Stoltenberg besøkte RBK i helga, så er det all grunn til å tru at han vil tape valet!

Heilt til slutt - ei rekke fotoglimt frå landsmøtet:


Christine Koht i aksjon - med og uten kjolen oppi strømpebuksa!


KrFUs fylkesleiar Victoria Tornes tala om retten til å styre sin eigen matvareproduksjon.
3.kandidat til Stortinget - Simon Moldvær Grimstad.


Fire av dei fem yngste i KrFs stortingsgruppe. f.v. Kjell Ingolf Ropstad, Dagrun Eriksen, Øyvind Håbrekke og
Knut Arild Hareide. Line Henriette Holten Hjemdahl var ikkje med på KrFs unge fotballag.
Knut Arild Hareide intervjuast av Kjell Magne Bondevik! KrFs flotte kapital!



Gjenvalgt leiartrio - Bjørg Tysdal Moe, Knut Arild Hareide og Dagrun Eriksen.
Nybakt pappa - gjenvalt leiar!
Frå omvisninga og kveldskonserten vi var på torsdag kveld i Erkebispegarden og Nidarosdomen.
Møre og Romsdal KrF sin delegasjon! Gruppa kjempa for mange saker: Landbruk i og utanfor Noreg, fiskeri, sidemål og sjukehus! Men heilt einige om kor langt nordover Nord Noreg-banen skal gå, var vi ikkje!




Klar for festen laurdagskvelden!


Bloggredaktøren på veg ned frå talarstolen.

fredag 22. mars 2013

Strålande dagar på Løvebakken i Tigerstaden!

Denne veka var eg så heldig at eg fekk delta på eit tredagars lærarkurs på Stortinget - populært kalt Løvebakken! Løvene finn du på utsida av stortingsbygninga, og i følgje historia var det arkitekten som visste av to fangar på Akershus som kunne greie å hogge ut desse løvene i stein.



Kurset starta måndag med forelesning av Stortingets mest erfarne politikar, nemleg Per Kristian Foss, som tala om budsjettarbeid. FrP sit med leiaren av Kontroll- og konstitusjonskomiteen, Anders Anundsen, som orienterte om den komiteen sitt arbeide. Måndag starta også høyringa om statens eigarskap i ulike selskap, så fokuset låg mykje på det! Og som han sa: Det låg eit univers mellom korleis opposisjon og posisjon oppfatta denne saka!




Måndagen vart avslutta med middag i kjellaren, men før det, fekk eg ei flott omvisning i bygget av vikarierande stortingsrepresentant, Steinar Reiten - ein dyktig representant for Møre og Romsdal KrF!!!



Programmet var kjempetett alle tre dagane, og tysdag må eg nok sei valforskar Bernt Aardal var mest interessant! Om det var pga det suspekte kartbiletet han hadde laga for å illustrere korleis ein kan teikne eit politisk kart - og kart over Sunndal låg ytst - skal vere usagt! Men i eit valår - berre drøye fem månadar att til valdagen  - er det jo prognosar på kva folk vil stemme som er interessant!


Onsdag var vi med på spontanspørretimen, og det var interessant, ja, mesta artig, å sitje på galleriet då partileiar Knut Arild Hareide stilte statsminister Jens Stoltenberg til veggs om familiepolitikken og valfridom! Svaret Stoltenberg ga, ga Hareide grunn til å seie eit halleluja - noko stortingspresident Dag Terje Andersen kunne stadfeste var eit parlamentarisk uttrykk!
Det er ikkje lov å ta bilete med mobilkamera i stortingssalen, fordi telefonen skal vere avslått, så derfor har eg ikkje bilete frå akkurat det, men det er mogleg det dukkar opp på e-post til meg!
Etter spørjetimen var vi på omvisning i Stortinget - ikkje mykje ulik den eg fekk med Steinar på måndag! Her kjem eit glimt frå den!

Anne Tingelstad Wøien frå SP orienterte om komitearbeid. 


På Minitinget kan elevar på vidaregåande komme og prøve seg som stortingspolitikarar!

Omvisning i det nedlagte Lagtinget.


Måleriet av Anna Rogstad, første kvinna som fekk plass på Stortinget.

Omvisning i Eidsvollsalen.

Kopi av signeringa av Grunnlova er utstilt i ein monter. Neste år -
på 200-årsjubileet vil orginalen bli utstilt!


Biletegalleri av dei som møtte på Eidsvoll i 1814. I midten ei liste over haugianarane
som ikkje ville bli avbilda, og dei som det er silhuettbilete av,
var fiskarar og bønder som ikkje hadde råd å ta fotografbilete av seg.

Kongeportrett.


Kongeportrett.






søndag 17. mars 2013

Vestanfor Atlanterhavsryggen og austanfor Kaukasus!

I kveld kom eg heim frå eit begeistrande årsmøte i Møre og Romsdal KrF! Også denne gongen kjende eg at det er der plassen min er, og det er der eg brukar tid, krefter og ressursar! Det er begeistrande å høyre partileiar Knut Arild Hareide stå og fortelje om kvifor Noreg treng ei ny regjering til hausten, og det er endå meir begeistrande å høyre lang levd erfaring fortalt av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik! Han snakka først og fremst om menneskerettigheiter og fredsarbeid grunna i tanka at alle mennesker er født like - livet er heilagt og ukrenkeleg!

Det er her KrF er på heimebane, for sjølv om det til sjuande og sist er politikk Bondevik snakkar om når han snakkar om det å skape fred i land som har levd under mange års diktatur, så er det og ideologi som går rett inn i KrFs sentrum! Vi som bur i trygge, fredelege Noreg har eit ansvar for at andre og skal kunne få leve i fred i eit demokratisk samfunn!

Trudde du denne begeistringa mi kom over natta for at KrF gjorde eit veldig godt val i Kristiansund og Aud Inger Aure vart ordførar i byen medan eg budde der i 1995??? Nei, langt i frå! Og kvifor KrF, kva er det eigentleg med Ingunn og KrF?

Eg skal vel kanskje vere forsiktig med å leggje tyngda på lærdommen om 1.mai som arbeidsdag heller enn arbeidarane sin frigjeringsdag, men det har og vore med å forme meg! Ein bonde kan faktisk ikkje ta fri om dagen heiter 1.mai! Uansett var vi no berre seks menneske som budde på Hoemsetra, så det var ingen som vart krenka av at dagen var avsett til potetsetting!

Heime på Hoemsetra skal det liggje ein diplom frå Redd Barna frå eg var 11 år gammal - eg hadde holdt basar og fått inn nokre kroner! Eg skal og ha ein diplom til frå Redd Barna frå eg var 12 år gammal: eg hadde laga avis - trykt på stensilark som var vanleg då! Eg trur det var stensilert opp i ti eksemplar, og gjekk unna "som hakka møkk"! Altså - heilt store summen inn i kassa til Redd Barna var det ikkje, men iveren etter å gjere noko for dei som ikkje hadde det så bra, var tent!
Eit år eller to seinare var det sjekking av sur nedbør gjennom laurdags-Barnetimen i radioen (nei, det var ikkje sur nedbør i dalføret rundt Eikesdalsvatnet! Eikesdalsvatnet var Noregs reinaste innsjø - 28 meter klar sikt - for ein del år tilbake!)! Seinare kom engasjementet rundt Ikke mobb kameraten min-kampanjen og eit visst engasjement mot apartheid!
Då eg var 16 år gammal bestemte eg meg for at eg var mot abort! Og førsteåret på vidaregåande var eg den einaste i min klasse som stemte KrF på skulevalet! Og eg var ikkje kristen ein gong! Som blodfersk nyveljar stemte eg KrF ved stortingsvalet i 1989! Det var det året Carl I Hagen stakk innom Molde i valkampen, og på mitt spørsmål om kva han ville gjere med bøndene når alle gardsbruka vart nedlagt, berre kom med eit utydeleg babbel! Ikkje visste vel eg i 1989 at eg meir eller mindre skulle prate profetisk! Det er jammen ikkje mange gardsbruk att!

Det som slår meg med desse historiene frå oppveksten min er at sjølv om eg vaks opp på den avsidesliggjande garden Hoemsetra ved Eikesdalsvatnet - eg måtte bruke ferge om eg skulle nokon stad - så kunne eg likevel lyfte hovudet og få eit vidsyn som gjekk langt lenger enn dei høge fjella rundt vatnet var synlege! Når eg tenkjer tilbake på det, eg er stolt over kor viktige dei hendingane har vore i forminga av meg som eit samfunnsinteressert menneske!

Altså - som medlemmar av det frie, demokratisk Noreg har vi eit ansvar om å flytte oss ut av den lille navla vi bor i for å lyfte auga og få eit vidsyn som går vest for Atlanterhavsryggen, sør for Middelhavet og aust for Kaukasus! Det er det norske samfunnet sitt ansvar, og det er enkeltmennesket sitt ansvar! Ein treng ikkje å vere politikar for å utrette noko - alle har eit ansvar!

Med det for auget gler eg meg veldig til å fare på lærarkurs på Stortinget som startar måndag og lære meir om demokrati! Det skal bli kjekt med ein avstikkar til hovudstaden, og sjølvsagt skal eg sjå innom partivenene mine - samme kor tett program det er!


Partileiar Knut Arild Hareide og fylkesleiar Arild Iversen.


Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevil talte om menneskerettigheiter!


Solid møteleiing av Victoria Tornes og Paul Kristian Hovden!

Arild Iversen og vikarierande stortingsrepresentant Steinar Reiten! Ikkje rart ein blir begeistra med så mange dyktige folk i rundt seg!!!

Etiketter