Totalt antall sidevisninger

søndag 14. mars 2021

I teneste for samfunnet

På laurdag avslutta eg ti år samanhengande som styremedlem i Møre og Romsdal KrF. Korfor gidder eg halde på?!


 For å ta det først: Det var ei blanding av frivillig og ufrivillig avgang. Det har kome ein regel om at ein ikkje skal sitte meir enn seks år samanhengande. Eg synes det er heilt greit, for det var tid for å la andre dyktige nordmøringar ta plassen min.

Men ti år? Ja, det vart det. Første gongen eg stilte til val, var i 2009. Eg trudde det var mest som ein "walk over", så eg vart grundig skuffa då eg ikkje ein gong fekk nok stemmer til å bli varamedlem... Men to år seinare var det plass til meg, og med det som skjedde på heimebane, var eg veldig glad for at eg fekk ha ein plass å dra til som var min. Stort sett er det mamma som har tatt seg av ungane - iallfall etter at eg vart åleine. Då var desse korthelgene på hotell ein velfortent tur borte heimefrå.
Mange dyktige folk har eg møtt på min veg - det har og sjølvsagt vore av det gode. For ikkje lenge sida dukka det opp eit bilde på Facebook frå då Dagrun Eriksen, då ho var stortingsrepresentant og nestleiar, besøkte årsmøtet i Geiranger. Kjell Magne Bondevik, vår nestor/ æresmedlem og evig optimist, har vore på besøk, og det har også Kjell Ingolf Ropstad, Dagfinn Høybråten, Knut Arild Hareide, Olaug Bollestad...

Nei, ti år i eit fylkesstyre er ikkje så mykje å skryte av, men eg kan seie litt om drivkrafta.
For meg er det sjølvsagt å bidra på mitt vis i samfunnet. Å ha samfunnsengasjement på eitt eller anna vis er viktig for meg - og det er noko eg verdsett hos andre menneske eg møter. Vi som har velt å engasjere oss i politikken, gjer det for å ta samfunnet vidare i den retninga vi ønsker.
Nei, det var ikkje heilt tilfeldig at det vart KrF. Eg var vel litt påverka av mamma, men eg fann ganske tidleg ut at det var partiet som dekte dei verdiane eg stod for - og det er noko eg opplever nær sagt kvar dag. Som Kjell Magne Bondevik sa i fylkesårsmøtet på laurdag (via ZOOM-overføring heimefrå):
"Nokon har spurt om eg skal skifte parti sidan andre i familien har gjort det, men det skal eg ikkje. Eg har vore medlem i KrF i 55 år, og det skal eg fortsette med. Det blir som med fotball: Ein kan ikkje skifte ut laget ein heier på om det går litt dårleg. Eg kan ikkje begynne å heie på Rosenborg no!"
Og begge delar er heilt sant: Eg kan ikkje skifte ut KrF for noko anna - og eg kan ikkje skifte ut MFK for eit anna lag (og særleg ikkje no når MFK er Noregs beste lag i Europa <3 )
Ti år, ja, i organisatorisk teneste. Eg er ikkje ferdig! Det eg starta med i Ytre Nordmøre KrFU i 1995 - etter at Aud Inger Aure vann valet i Kristiansund - vidareførte i Tromsø KrF og har gått vidare med i Sunndal KrF, det er absolutt ikkje avslutta. Livet - også det politiske livet - går i fasar, og no er det politikken i Sunndal eg skal konsentrere meg mest om (og så er eg vara i eit utval i fylkespolitikken). Og folka eg møter på fylkessamlingane i Møre og Romsdal KrF vil fortsette å møte meg der, for eg skal jo dra dit for lokallaget i Sunndal. Så eigentleg er det ikkje så mykje som er annleis enn før. Berre det å ha eit verv mindre å skjøtte.
Om eg ikkje har påverka nokon til å bli KrF-veljar, håpar eg at eg har påverka nokon til å bli politisk aktiv. Vi treng politikarar som står opp for sine saker - det er slik demokratiet byggast!

Det er inga hemmelegheit at eg er stor fan av Knut Arild Hareide - det er trist han
trekker seg frå politikken når han avsluttar stortingslivet til hausten.

 

Ingen kommentarer:

Etiketter