STÅ IKKE VED MIN GRAV
Stå ikke ved min grav og gråt over meg.
Jeg er ikke der,jeg sover ei.
Jeg er de tusen vinder som blåser.
Jeg er solskinn over skogens åser.
Jeg er nysnøens milde kjærtegn.
Jeg er det kalde, friske høstregn.
Når du våkner i et hastig morgenfokk,
er jeg den raske, stigende flokk
Av stille fugl i sirkelflukt,
jeg er stjerneglans over havets bukt.
Ikke stå ved min grav,
vær ikke lei.
Jeg er ikke der,
jeg døde ei!
Skrive av Mary Frye (1905-2004) Norsk oversetting: Espen Tangen
(kopiert frå http://dikt-og-vers.origo.no)
I dag var femte bryllaupsdagen eg var og sette ned blomster på grava hans, og i dag hadde eg med roser og andre blomster frå eigen hage. Rosebuska var det han sjølv som planta for nokre år sidan.
I dag har eg mintes bryllaupsdagen vår.
Det var ikkje så mange som visste at vi skulle gifte oss mens vi ferierte på Mallorca. Litt tilfeldigvis var begge brørne til Runar der + niesa vår i tillegg til vår jente. Ho var mesta fem år gamal, og var veldig stolt av at vi gifta oss. Ho meinte seg sjølv inkludert i det reknestykket.
Etter sjølve viinga, gjekk vi ned i kjellaren i kyrkja og skifta om til badeklede! Så var det berre å springe dei femti - hundre metra ned til havet og kaste seg uti. Bryllaupsmiddagen tok vi etter at spanjolane hadde fått gjort ferdig siestaen sin.
Dessverre er eg ikkje sikker på om eg har så mange bilde frå bryllaupet. Kanskje har eg tatt dei ut på papir - då kan eg kanskje publisere nokre seinare. Dei bilda eg viser fram her, var det ein fotograf som tok av oss, slik at vi kunne bruke dei etterpå. Her er link til då eg skreiv om det for tre år sidan.
![]() |
Til døden skilte oss....<3 |
![]() |
Dette heng på korktavla på kjøkkenet. Fint å ha ein engel som passar på. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar