Totalt antall sidevisninger

søndag 11. september 2016

Turblogg: Hu hei! Kor er det vel friskt og lett? Oppå Svarttind :)

Det vart ikkje noko "svartlåk" tur til Svarttind, nei! Tvert i mot! Alle som treng å kome seg opp i høgda, bør legge turen innom Svarttind i Vistdal.



I dag var endeleg dagen komen for å teste ut turforma opp til Svarttind på 1094 meters høgd i Vistdal. Skjønt - det skulle ein ikkje trudd når ein såg ut vindauget i Eidsvåg om morgonen i 8-tida. Regnet sila fortsatt ned, og skodda hang langt ned i lia på andre sida av dalen.
Men turplan er turplan! Og vervarselet sa at det skulle klarne opp og bli sol, så det var berre å komme seg avgarde. Heilt oppklarna var det ikkje då vi kom fram til parkeringa på Nerland i Vistdal, men det teikna bra, så det var berre å starte oppover bakkane. Den første delen av turen var det og lett å få tilgang til vatn, så ein treng ikkje ha med ferdig oppfylt flaske med vatn før ein drar heimefrå.

Etter kvart som vi gjekk oppover traktorveien, steig vi over skoddegrensa.

Trolsk stemning med skodda på oppovertur.

Restar etter ei seter.


Vi passerte fleire restar etter setre på turen.
På førehand hadde eg til dømes høyrt om at turen var endeleg bratt nok, og hadde og lest diverse uttalar på facebook om kor lang tid det skulle ta å gå opp.  I turomtalen på stikk ut-sida står det at turen stort sett går i oppoverbakke, og det stemte. Det må jo vere slik om ein skal opp på 1100 meters høgd! Vi som gjekk i lag i dag, er ikkje av dei som har det veldig travelt, og treng god tid, så vi brukte rundt tre timar opp. Oppoverturen gjekk lett og greit. Siste del av turen var litt tyngre, og akkurat der det er eit "litt luftig parti", gjekk det for eigen del omtrent på alle fire oppover. På nedattur fann vi imidlertid ut at det går ein sti til venstre for dette litt flygandes partiet, den ser ein lett når ein skal ned, og då slepp ein unna akkurat den delen av løypa.

Fleire av toppane i Vistdal. Eg trur dei heiter Kjøvhaugen og Kalvgjeltinden. I området bake der ligg og Vasstindbu.

Der ligg dagens turmål. Då er det berre argaste stigninga igjen.
Gjeld om å ha tunga i munnen når ein går her. Men vi slapp unna den luftige delen på nedoverturen.

På turen fekk vi verkeleg bruk for fjellvettreglane.Då vi begynte på ura oppover, kom det regn - som ikkje var meldt - så då var det på med regnklede. Eg hadde pakka med både lue, regnklede og fleecegenser i dag, og fekk bruk for det i fullt monn. Eg angra på at eg ikkje hadde med hanskar.
Vinden og skodda auka på og, så det var litt utriveleg ei stund på toppen. Kjentes ut mesta som kuling i kasta, men heldigvis gav regnet seg ei stund, og vi kunne nyte litt utsikt både mot Eidsvåg og innover mot Eresfjord. Det er verkeleg anbefalt å ta dei hundre metra vidare frå postkassa til toppen ved sidan av for å få ekstra utsikt. Vi var heldige å sjå ein fin regnboge som la seg som eit fint slør over Bugge på andre sida av fjorden.

Der er toppen av Svarttind og postkassa! Målet er nådd! 1094 moh.

Eg og turfølgjet Sissel på toppen. Lykkefølelse!

Skodda kom og gjekk utover mot Bugge og Eidsvåg, og ein regnboge begynte å komme til syne.

Så vart regnbogen godt synleg over Bugge. Eg vonar den brakte mykje hell og lykke til buggingane i dag :)

Det skal vi ha, vi karijordingane - vi synes på fjellet, og vi er godt kledd :)

Utsikt mot fjella på andre sida av Vistdalen.

Endeleg kom Eresfjordsfjella fram og - Skjorta, Vikesaksa, Goksøyra med fleire. I framgrunnen Jamtetind.



No er det haust i fjellet, også på Svarttind.

Nedatturen gjekk greit. Vi hadde ikkje kome langt nedover før det faktisk begynte å hagle. Då var det berre å halde stø kurs på kor ein skulle gå. Stort sett er turen veldig godt merka. Oppe i ura er det eit parti som ikkje er fullt så godt merka, så då gjeld det om å ikkje miste stigen av auge. Det er og vardar oppover frå skoggrensa. Så sjølv om vi fekk litt følgje med skodda, var det ikkje slik at vi kjende oss utrygge.

Fortsatt er det mykje blåbær tilgjengeleg på ruta, så om ein har tid, bør ein absolutt ta seg tida til å fylle opp forrådskammeret. Vi gjorde ikkje det i dag, men eg nytta høvet til å fylle på med nokre nevar for å få ny, ureina energi.

Konklusjonen etter turen er at sjølv om vi hadde mykje ymse ver, og at utsikta ikkje var heilt på topp heile tida, så var det ein utruleg fin tur å ta. Når ein har godt skotøy, stavar og god tid er det heller ikkje spesielt farleg å gå på dei steinate partia sjølv om det var vått og sleipt. Ein må berre hugse at ein kan gli.
God tid, gode sko og god niste er nøkkelord for ein god tur, og det synes eg fungerte veldig bra i dag :)

Kor hen eg er i verda - vis meg kortaste vegen heim :)

Ingen kommentarer:

Etiketter