Totalt antall sidevisninger

søndag 10. september 2023

Turblogg: Ein nydeleg kveldstur til Hammartoppen

Onsdag kveld begynte eg å gå til Hammartoppen, som ligg ovanfor Sunndalsøra. Sidan eg ikkje vart ferdig med turen, returnerte eg fredag kveld: Og for ein flott tur det vart!

Kanskje har du sett dette motivet før av jarnbaneskinna med Sunndalsøra i bakgrunnen.
Fredag kveld tok eg beina fatt oppover med Hammartoppen som turmål. For å ta det elementære først: For å kunne starte på turen til Hammartoppen, har ein vel eigentleg to moglegheiter. Den vanlege måten å komme seg dit er å køyre gammalvegen mot Øksendal (til høgre på utsida av tunnellane). Etter å ha køyrt forbi byggefeltet kjem ein så til avkøyringa mot Statkraft, og der må ein svinge opp til venstre og køyre heilt fram til parkeringa ved bommen.
Frå bommen går ein i rundt ti minutt oppover. Svingane ser ganske like ut, og der ein skal ta opp til høgre, er det ein liten varde/ nokre nedrivne steinar som markerer plassen. Så ser ein og at stien startar oppover bakkane.
Stien til Synnåhaugen er fin å gå, stort sett ganske fin og brei, men tidvis blaut og myrete. Du kan lese meir om turen her. Lenka er til blogginnlegget eg skreiv om å gå vintertur til Synnåhaugen.

Synnåhaugen - då er ein midtvegs på turen.

For å forklare skikkeleg kor stien vidare til Hammartoppen er (sidan det ikkje er skilta), legg eg til nokre bilde frå då eg gjekk turen omtrent på samme dato i fjor haust.
Like bak hytta på Synnåhaugen går stien vidare oppover. Når du har gått under denne trafomasta, fortsett du mot venstre over myra og opp ein liten bakke.



Hammartoppen er rett ovanfor dei høgste trea. Ein ser ei stor ur ein skal til høgre for.

Rett under hammaren - snart framme.
Sjølvsagt var den vesle Prinsen min med på turen i fjor. I dag (10.sep) er det ein månad sidan vi avliva Prins, verdas beste turvenn, og eg saknar han veldig - særleg når eg ser eit bilde som dette.
Totalt brukte eg no denne gongen ganske nøyaktig 1 1/2 time i frå parkeringa, men eg går jo ikkje superfort. Det er uansett supert å komme fram. 
Historia til Hammartoppen kan du lese om på bildet under her. Historia går meir enn hundre år tilbake i tid til anleggstida under første verdskrig - i den tida dei begynte å bygge ut vatnet i fjella i rundt til elektrisitet.


Restar av tunnellen som vart bygd.
Resten av bilda her var tatt fredag kveld i rundt klokka 20.30 - ein veldig fin og varm seinsommarkveld/ tidleghaustkveld. Alle bilda er variasjon over stort sett eit par tema/ motiv som er dei mest vanlege å fotografere på Hammartoppen.



Utsikt mot Sunndalsøra.

Utsikt mot Opdølstranda, Opdøl og Ålvundeid - og ein blikkstille Sunndalsfjord.


No tar hausten på seg kåpa si.



Viss du spør meg om eg vil vere åleine heime eller åleine ute, svarer eg åleine ute. For om eg sitt inne i det vesle rommet heime, vil eg likevel vere åleine. Om eg er åleine i det store rommet ute, veit eg at ein eller annan stad sitt det minst ein til som og er åleine. (Eigen visdom)





Så tok eg siste sjølvien og tok på meg hovudlykta for å tusle ned att etter ein nydeleg kveldstur :)

Då eg kom ned att til Synnåhaugen ei lita stund seinare, hadde kveldsmørket begynt å senke seg over Sunndalsøra.

Etiketter