Onsdag kveld begynte eg å gå til Hammartoppen, som ligg ovanfor Sunndalsøra. Sidan eg ikkje vart ferdig med turen, returnerte eg fredag kveld: Og for ein flott tur det vart!
|
Kanskje har du sett dette motivet før av jarnbaneskinna med Sunndalsøra i bakgrunnen. |
Fredag kveld tok eg beina fatt oppover med Hammartoppen som turmål. For å ta det elementære først: For å kunne starte på turen til Hammartoppen, har ein vel eigentleg to moglegheiter. Den vanlege måten å komme seg dit er å køyre gammalvegen mot Øksendal (til høgre på utsida av tunnellane). Etter å ha køyrt forbi byggefeltet kjem ein så til avkøyringa mot Statkraft, og der må ein svinge opp til venstre og køyre heilt fram til parkeringa ved bommen.Frå bommen går ein i rundt ti minutt oppover. Svingane ser ganske like ut, og der ein skal ta opp til høgre, er det ein liten varde/ nokre nedrivne steinar som markerer plassen. Så ser ein og at stien startar oppover bakkane.
Stien til Synnåhaugen er fin å gå, stort sett ganske fin og brei, men tidvis blaut og myrete. Du kan lese meir om turen her. Lenka er til blogginnlegget eg skreiv om å gå vintertur til Synnåhaugen.
|
Synnåhaugen - då er ein midtvegs på turen. |
For å forklare skikkeleg kor stien vidare til Hammartoppen er (sidan det ikkje er skilta), legg eg til nokre bilde frå då eg gjekk turen omtrent på samme dato i fjor haust.
Like bak hytta på Synnåhaugen går stien vidare oppover. Når du har gått under denne trafomasta, fortsett du mot venstre over myra og opp ein liten bakke.
|
Hammartoppen er rett ovanfor dei høgste trea. Ein ser ei stor ur ein skal til høgre for. |
|
Rett under hammaren - snart framme. |
|
Sjølvsagt var den vesle Prinsen min med på turen i fjor. I dag (10.sep) er det ein månad sidan vi avliva Prins, verdas beste turvenn, og eg saknar han veldig - særleg når eg ser eit bilde som dette. |
Totalt brukte eg no denne gongen ganske nøyaktig 1 1/2 time i frå parkeringa, men eg går jo ikkje superfort. Det er uansett supert å komme fram. Historia til Hammartoppen kan du lese om på bildet under her. Historia går meir enn hundre år tilbake i tid til anleggstida under første verdskrig - i den tida dei begynte å bygge ut vatnet i fjella i rundt til elektrisitet.
|
Restar av tunnellen som vart bygd. |
Resten av bilda her var tatt fredag kveld i rundt klokka 20.30 - ein veldig fin og varm seinsommarkveld/ tidleghaustkveld. Alle bilda er variasjon over stort sett eit par tema/ motiv som er dei mest vanlege å fotografere på Hammartoppen.
|
Utsikt mot Sunndalsøra. |
|
Utsikt mot Opdølstranda, Opdøl og Ålvundeid - og ein blikkstille Sunndalsfjord. |
|
No tar hausten på seg kåpa si. |
|
Viss du spør meg om eg vil vere åleine heime eller åleine ute, svarer eg åleine ute. For om eg sitt inne i det vesle rommet heime, vil eg likevel vere åleine. Om eg er åleine i det store rommet ute, veit eg at ein eller annan stad sitt det minst ein til som og er åleine. (Eigen visdom) |
|
Så tok eg siste sjølvien og tok på meg hovudlykta for å tusle ned att etter ein nydeleg kveldstur :) |
|
Då eg kom ned att til Synnåhaugen ei lita stund seinare, hadde kveldsmørket begynt å senke seg over Sunndalsøra. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar