For somme er det kanskje dagen derpå! Det er iallfall dagen etter kvinnedagen, og det er muleg å jenke ned kraftutbrotet mitt i går til eit litt meir nyansert syn i dag!
Eg fekk - heldigvis - nokre tilbakemeldingar på innlegget mitt, men det var på facebook, så det var ikkje alle som kunne lese dei.
Sjølvsagt ser eg trekk ved den feministiske ideologien som er viktige i samfunnet! I følgje Wikipedia handlar feminisme om å definere dei grunnleggjande politiske, økonomiske og sosiale rettar for kvinner (omsett frå den engelske utgåva), og eg vonar verkeleg det ikkje fins kvinner som meiner det er uviktig! Og sjølvsagt ser også eg at spesielt vi i den vestlege verda har ein kamp å ta for våre medsøstre i andre delar av verda! At ein stiller på lik linje som menn i utdanning og arbeidsliv er faktisk viktig!
Grunnen til at eg tek fram dei store bokstavane, slik eg gjorde i går, er ganske enkel! Eg liker ikkje den måten dei sosialistiske feministane har lagt sin hevd på dagen gjennom måten dei definerer den som sin! Og eg meiner verkeleg at eg ikkje liker at andre kjem og skal nærmast tre ned over hovudet på meg si meining om korleis eg skal løyse mitt familieliv! Akkurat så eg ikkje hadde nok bekymringar i frå før... Og akkurat som at eg er så "haulaus" at eg ikkje kan å tak meg av borna mine!
Det som er spørsmålet, slik eg tenkjer det, er: Kan ein ha ein politisk nøytral kvinnedagmarkering? Kan ein fokusere på dei viktige sakene som treng fokus utan å farge det enten raudt, blått, grønt eller gult? Kan ein feire kvinna og hennar plass og rolle i samfunnet utan å skulle finne ei eller anna barrikade å stå på?
Her trur eg svaret er ja! Men då må det vere det som er agendaen! For slik kvinnedagen markerast i dag, er det ei fortsetjing av det raudstrømpene starta på på midten av 70-talet. Slik det framstår for meg, er deira agenda å fortelje at dei veit det som er den fulle sanninga for alle!
Det er denne framstillinga eg ikkje liker! Og ikkje minst det at mange raudstrømper trur dei må framstille sine feministiske meiningar på ein så utruleg banal og vulgær måte! Kvifor må Helle Gannestad kalle kronikken sin i studentavisa Universitas denne veka for "Feministfitter"? Fann ho ikkje noka betre ord å beskrive si "heilage tru" på? For meg er ei slik vulgærbeskriving å trampe på kvinna og hennar seksualitet meir enn å heidre! Og det er nokså langt i frå den feminismen eg vil identifisere meg med!
På same måten er det einskilde som blir trekte fram i debattar og slikt for å tale kristenfolkets sak, og det er ofte kristne som eg ikkje identifiserer meg med! Og det gjer det vanskeleg å kalle seg kristen! Eg vil ikkje bli sett i same bås som dei som framstiller det å vere kristen og det å ha ei kristen tru på ein anleis måte enn det som kjennes rett for meg!
Tilbake til Wikipedia: I går skreiv eg det eg kalte eit antifeministisk innlegg! I følgje Wikipedia er antifeminisme det å vere fiendtleg innstilt til seksuell likestilling og til forsvar av kvinners rettar. Ut frå den definisjonen er eg nok ikkje spesielt antifeminim, for eg og vil gjerne bruke mi politiske rolle til å tale varmt for kvinners plass i samfunn- og yrkesliv! Men eg blir antifeminim i møtet med sosialfeminismen! Eg er fiendtleg innstilt til måten sosialistane framstiller feminismen, fordi i det rommet er det ikkje plass for dei mjuke verdiane! Og det er dei mjuke verdiane eg vil framheve - og det kan på mange måtar reknast som antifeminint!
Dette er ein blogg om alt og ingen ting - om livet som aleinemor, om turlyst og turglede, om baking og anna matlaging, om små og store gleder, litt politikk og andre ting eg er oppteken av! Og den er på nynorsk!!!
Totalt antall sidevisninger
Viser innlegg med etiketten feminisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten feminisme. Vis alle innlegg
lørdag 9. mars 2013
fredag 8. mars 2013
Ei antifeminisitisk helsing på tampen av kvinnedagen!
I dag tenkjer eg å skrive eit skikkeleg anti-feministisk innlegg! Eit anti-kvinnedagen-innlegg!
Eg vart så provosert av å lese kva barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen har uttalt:
"Man kan si det er like verdifullt å gå hjemme med barn som å jobbe – men det er det ikke." (Intervju i Aftenposten)
Eg vart så provosert av å lese kva barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen har uttalt:
"Man kan si det er like verdifullt å gå hjemme med barn som å jobbe – men det er det ikke." (Intervju i Aftenposten)
Eg blir matt av mindre altså! Dette er altså SVs kronprinsesse si helsing til oss damene på denne kvinnedagen! Hennar hjartesukk er at vi kvinner faktisk ikkje skjønnar kva som vil skje om vi vel å vere heime litt meir med ungane og vel bort arbeidet for ei stakka stund. Stakkar meg som har berre - og det er heilt sjølvvalt - 80 % stilling! Eg skjønnar ikkje kva dei siste 20 prosenta vil utgjere i uoverskueleg framtid! Fortel denne ministeren til meg! Eg mistar pensjonspoeng, eg har naturleg nok lågare løn enn om eg har fulltidsjobb, det blir det mindre feriepengar av - og ikkje minst: Eg yter mindre til staten enn det som godt er! Ergo: Eg må vere ein skattesnytar og unnasluntrar - viss eg skal forstå denne ministeren rett!
Men eg kan fortelje den godaste barne- og likestillingsminsteren kva eg veit om mitt liv og kva mine val har å seie for meg og mine born:
* Ja, eg er aleine med to born
* Eg har 12 mils arbeidsveg kvar dag
* Pendlinga 4 dagar i veka kostar meg rundt 2000 kr/ månad berre i drivstoff
* Eg har vore sjuk, og fulltidsarbeid medfører meir stress som gjer meg meir meir utsett for meir sjukdom
* Eg har valt å gå i gang med eit masterstudium, og det gjorde eg medan eg var sjuk!
Ved å velgje fulltidsarbeid vil eg sjølvsagt
* Få såpass mykje meir i løn at det hadde sikkert svara seg økonomisk
* Køyrt 12 mil dagleg fem dagar i veka som eg ville brukt 10 timar
* Vore mykje meir sliten
* Hatt mindre tid til å følgje opp barna mine
* Og definitivt mindre tid til å følgje opp meg sjølv!
Barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen seier altså til meg at eg må tenke meg om, for det har store konsekvensar for meg å arbeide redusert! Ja, det er visst og sikkert! Viss ho kan fortelje meg kven som skal tak seg av ungane mine når eg på grunn av at eg overga meg til fulltidsarbeidet på grunn av hennar press, med alle dei tidsmessige utfordringar det vil vere, så skal eg vurdere det. Vil ho skrive ut ein sjekk eg kan bruke på husmorvikar? For eg vil ikkje ha tid til å kunne skjøtte både heimen, arbeidet, som altså er lærar på vidaregåande med alle dei tidsmessige utfordringar det er, og mi eiga og barna si fritid, så ein husmorvikar vil vere kjærkommen!
Problemet er berre at i Thorkildsen si verd, så finnes det ikkje rom for husmorvikarar! Folk har ikkje råd til å bruke tusenvis av kroner på at ein slik person skal vere fulltidsengasjert - og kven vil arbeide for luselønn? Folk arbeider ikkje for knappar og glansbilete lenger, og i Thorkildsen si verd skal ein berre arbeide fulltid! Det vil vere eit prosjekt berre dei rikaste har råd til å gjere noko med - vi andre vil vere akterutseilte!
Reknestykket heng med andre ord ikkje på greip, og eg kjenner eg blir mektig provosert av desse sosialistfeministane som liksom skal vite best og setje seg til doms over dei vala vi vanlege dødelege gjer! Eg blir provosert av at andre meiner at ikkje eg skal vite best og ta dei beste vala for meg sjølv og borna mine! Hadde det vore slik, hadde eg heller latt vere å få barn! Eg vil ha meg frabedt denne innblandinga! Hadde det vore noko tak i Inga Marte Thorkildsen, så hadde ho i stedet gjort eitkvart for å få innført maksimumspris på SFO, slik det er på barnehage, slik at ein ikkje må arbeide seg i hjel for å finansiere den SFO-plassen ein må ha til borna sine for å kunne rekke å arbeide så mykje som Thorkildsen vil at ein skal gjere!
Ser verkeleg ikkje likestillingsministeren at det er alt dette maset som gjer at skilsmissetala blir berre høgere og høgere?! Stadig fleire familiar opplever brot i det daglege familielivet, og alt for ofte er det faktisk stress og tidsklemme som er den viktigaste årsaken til at det skjer! Den stadige runddansen rundt gullkalven medfører sjeldan noko godt med seg!
Eg vonar verkeleg det blir regjeringsskifte til hausten! Stort verre enn det som regjeringa har lira ut av seg i det siste, kan det ikkje bli! Viss ein les ein typisk mammablogg av 2013, så handlar dei om at ein må få meir tid frigjort for å få vere ein god forelder! Det skrikast ikkje etter høgare løn og meir arbeid, men det motsette! Nettopp derfor er eg optimist med tanke på haustens val! Vi er stadig fleire i dette landet som skrik etter ei endring:
GI OSS MEIR TID TIL Å VERE SAMAN MED BARNA VÅRE! GI OSS MEIR TID OG HØVE TIL Å FÅ VERE EIN GOD FORELDER OG HA EI TRYGG RAMME RUNDT FAMILIELIVET!
Eg kjem aldri til å definere meg inn i den sosialistfeminismen som femner om kvinnedagen! Og nettopp derfor vil du aldri - ALDRI - høyre meg gratulere ei kvinne med dagen 8.mars! Eg blir aldri feminist - er eg ikkje bra nok som den kvinna eg er, så får det berre vere!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Etiketter
- turblogg (91)
- Stikk ut (61)
- fjelltur (38)
- Sunndal (28)
- Den Norske Turistforeining (23)
- baking (18)
- Eikesdalsvatnet (17)
- friluftsliv (17)
- Grøa (16)
- poesi (16)
- Hoemsetra (15)
- Morotur (14)
- Kristiansund og Nordmøre Turistforeining (13)
- trimtur (12)
- politikk (11)
- Eikesdal (10)
- Eresfjord (10)
- Nesset (10)
- Runar (10)
- Sunndalsfjella (10)
- fjellvettreglane (10)
- sorg (10)
- Gjemnes (9)
- KrF (8)
- Tingvoll (8)
- dikt (8)
- matlaging (8)
- oppvekst (8)
- Innerdalen (7)
- Reiseblogg (7)
- inkludere (7)
- skitur (7)
- skule (7)
- turiststi (7)
- vennskap (7)
- Grødalen (6)
- Reinsfjellet (6)
- brystkreft (6)
- brød (6)
- død (6)
- natur (6)
- omsorg (6)
- snø (6)
- Ålvundeid (6)
- Eikesdalsvegen (5)
- Flånebba (5)
- Goksøyra (5)
- KNT (5)
- Mardalsfossen (5)
- Molde og Romsdal Turistforeining (5)
- Skjorta (5)
- Smisetnebba (5)
- Sunndalsøra (5)
- Trolltind (5)
- Wales (5)
- bry seg (5)
- framsnakk (5)
- kjærleik (5)
- kreft (5)
- omtanke (5)
- turvett (5)
- Averøy (4)
- Dovre (4)
- Fjelltid (4)
- Gammelsetra (4)
- Jenstad (4)
- Jordalsgrenda (4)
- Knut Arild Hareide (4)
- Krafttak mot kreft (4)
- Kristiansund (4)
- Linndalen (4)
- Prins (4)
- Renndølsetra (4)
- Snøheim (4)
- Snøhetta (4)
- Sunndalsfjorden (4)
- Vangshaugen (4)
- kreftbehandling (4)
- kvinner (4)
- oppmuntre (4)
- samfunnsproblem (4)
- Ålvundfjord (4)
- Aukra (3)
- Cardiff (3)
- Cardiff Castle (3)
- Christ Church Cathedral (3)
- Conwy (3)
- Den Norske Turistforening (3)
- Dublin (3)
- Duå (3)
- Eidsvåg (3)
- Ekkertinden (3)
- Grønnfjellet/ Skåla (3)
- Grøvudalen (3)
- Innerdalshytta (3)
- Kilkenny (3)
- Kjell Magne Bondevik (3)
- Kongelhjellan (3)
- Leikvin (3)
- Llandudno (3)
- Lundlia (3)
- Molde (3)
- Nordmøre (3)
- Romsdal (3)
- Store Trolla (3)
- Storlidalen (3)
- Stortinget (3)
- Stortuva (3)
- Strongbow (3)
- Surnadal (3)
- Todalen (3)
- Vinnu (3)
- Visit Waterfalls (3)
- einsemd (3)
- fullmåne (3)
- godteri (3)
- hodelykttur (3)
- knekkebrød (3)
- kongeleg (3)
- kvinnedag (3)
- sakn (3)
- suppe (3)
- sykkeltur (3)
- turistforeningshytte (3)
- verdas beste turkamerat (3)
- Åmotan (3)
- Øksendal (3)
- 100-årsmarkering (2)
- 17.mai (2)
- Angvik (2)
- Australia (2)
- Bjørnstjerne Bjørnson (2)
- Bjørnsund (2)
- Brandstad (2)
- Breifonntind (2)
- Børsetlia (2)
- Coldplay (2)
- Conwy Castle (2)
- Dublin Castle (2)
- Duålisetra (2)
- Fale (2)
- Fræna (2)
- Geitådalen (2)
- Gjevillvasshytta (2)
- Gjøra (2)
- Great Orme Tramway (2)
- Grølia (2)
- Grøvudalshytta (2)
- Halsa (2)
- Holskeidet (2)
- Hufatet (2)
- Inner Gammelsetra (2)
- Inneralen Turisthytte (2)
- Innerdalstårnet (2)
- Irland (2)
- Jonathan (2)
- Julsundmarka (2)
- Jutulbu (2)
- Kilkenny Castle (2)
- Linndalsfallet (2)
- Litjkalken (2)
- Llandudno Cabel Car (2)
- Molde kommune (2)
- Molde sjukehus (2)
- Myrsetvarden (2)
- Ona (2)
- Oslo (2)
- Pembroke Castle (2)
- Rauberghytta (2)
- Rauma (2)
- Reinsetvatnet (2)
- Reinsvassbu (2)
- Reinsvatnet (2)
- Reppa (2)
- Ryssdalsnebba (2)
- Ryssdalsvatnet (2)
- Skarfjellet (2)
- Skorpa (2)
- Smøla (2)
- Strengen (2)
- Sunndal Alpinsenter (2)
- Svartvassbu (2)
- Svøufallet (2)
- Syria (2)
- TV2 (2)
- Trollheimen (2)
- Trollheimsmarsjen (2)
- Trolltind hyttefelt (2)
- Ufsalen (2)
- Vettafjellet (2)
- Vikebotn (2)
- Viklandet (2)
- Waterford (2)
- advent (2)
- basehopping (2)
- bryllaupsdag (2)
- brytebrød (2)
- demokrati (2)
- dessertkake (2)
- einsamheit (2)
- feminisme (2)
- fisk (2)
- forbrukar (2)
- heimlaga Nutella-pålegg (2)
- kong Harald (2)
- kvardagseinsemd (2)
- lykkedagen (2)
- mandelbotn (2)
- mobbing (2)
- moskus (2)
- mørketid (2)
- nasjonaldag (2)
- naturskildring (2)
- polarbrød (2)
- psykisk helse (2)
- sjølvmedliding (2)
- skisesong (2)
- smoothie (2)
- snømåking (2)
- sol (2)
- solnedgang (2)
- stemmerettsjubileet (2)
- taco (2)
- topptur (2)
- tur (2)
- Åbakkfjellet (2)
- "Ingen grenser" (1)
- 1.Kor. 13 (1)
- 1.mai (1)
- 1001 natt (1)
- 17.maitale (1)
- 80-årsdag (1)
- Aksla (1)
- Andrè Escobar (1)
- Animal Wall (1)
- Ari Behn (1)
- Astadvatnet (1)
- Asylmottaket (1)
- Atlanterhavsvegen (1)
- Aune Sand (1)
- Aura (1)
- Aura Avis (1)
- Aurautbygginga (1)
- Aursjøen (1)
- Aursjørittet (1)
- Aursjøvegen (1)
- Aursjøveien (1)
- Barnas Turlag (1)
- Batnfjord (1)
- Bergsvatnet (1)
- Bishop's Palace (1)
- Bitihorn (1)
- Bjørnson (1)
- Bjørnsonstien (1)
- Black Abbey (1)
- Blåfjell (1)
- Blåfjellet (1)
- Blånebba (1)
- Blånebu (1)
- Boggestranda (1)
- Botterlia (1)
- Brann (1)
- Brønnhø (1)
- Bud (1)
- Buddha (1)
- Buddhist (1)
- Buddhist Lent Ending (1)
- Byparken (1)
- Byrampen (1)
- Bårdsgarden (1)
- Børsetkjerringa (1)
- Børsetsetra (1)
- Cardiff Bay (1)
- Chapel Royal (1)
- Church of England (1)
- Church of Ireland (1)
- City Hall (1)
- Claudia Scott (1)
- Clock Tower (1)
- Conwy County Borough (1)
- D/S Eikesdal (1)
- Decius Mus (1)
- Dei britiske øyar (1)
- Den Norske Kirke (1)
- Den Norske Kyrkja (1)
- Djupdalen (1)
- Eidsbugarden (1)
- Eidskremheia (1)
- Eidsvåg Fjordhotell (1)
- Eidsvågfjellet (1)
- Eikaberget (1)
- Eikesdal. Finnset (1)
- Elverhøi (1)
- Et lite stykke Thailand (1)
- Eurovision Song Contest (1)
- Face your fears (1)
- Facebook lokalsamfunn (1)
- Fagerhaugane (1)
- Fagerlhøgda (1)
- Falelia (1)
- Falesetra (1)
- Finnøy (1)
- Fjellstua (1)
- Fjordparken (1)
- Fjordruta (1)
- Flatsetsund (1)
- Flatvaddalen (1)
- Forkynnaren (1)
- Fossa (1)
- Fosterlågen (1)
- Franz Karijord (1)
- Freikollen (1)
- Friends Arena (1)
- Frostadheia (1)
- Gammelsetra Camping (1)
- Geiranger (1)
- Gjemnes meieri (1)
- Gjevillvassdalen (1)
- Gjørashaugen (1)
- Google (1)
- Grasdalen (1)
- Grynningsdalen (1)
- Grøa IL (1)
- Grøa. Skorga (1)
- Grønlia (1)
- Grønnfjellrennet (1)
- Grønvollsteinen (1)
- Grøvu (1)
- Gud (1)
- Gussiås (1)
- Gyldemninga (1)
- HELFO (1)
- Hafellvegen (1)
- Hafsåsen (1)
- Hafsåssetra (1)
- Hagbøsetra (1)
- Halskammen (1)
- Haram (1)
- Hareima (1)
- Hareimdalen (1)
- Harstadfjellet (1)
- Haukåssetra (1)
- Heggem (1)
- Heim kommune (1)
- Hov kirke (1)
- Hov kyrkje (1)
- Hoåslia (1)
- Hoåsnebba (1)
- Hundetjønna (1)
- Håsøran (1)
- Hælfjellet (1)
- Høyt og Lavt (1)
- I det fri (1)
- IL Ulvungen (1)
- Idol (1)
- Ikornneset forminnepark (1)
- Imperium Romanum (1)
- Indergardssetra (1)
- Innerdalen Turisthytte (1)
- Ivar Aasen (1)
- Jakt & Fiske (1)
- Jan Werner Danielsen (1)
- Jan Ødegård (1)
- Jegerregisteret (1)
- Jendemsfjellet (1)
- Joker Sekken (1)
- Jonkerdalen (1)
- Jotunheimen (1)
- Kanndalen (1)
- Kari Bremnes (1)
- Kjerkjeberget (1)
- Kjerringlosjen (1)
- Kjerringnebba (1)
- Kjerringvatnet (1)
- Kongsvoll (1)
- Kristofer Janson (1)
- Kristofer Randers (1)
- Kvernesfjorden (1)
- LItjhareimdalen (1)
- Langbakksetra (1)
- Lars Monsen (1)
- Larsbua (1)
- Leonardo da Vinci (1)
- Linn Skåber (1)
- Linndøla (1)
- Litj-Harry'n (1)
- Litjhareimnebba (1)
- Litjnebba (1)
- Litlkalkinn (1)
- Ljøsåa (1)
- Llandudno Pier (1)
- Lord Bute (1)
- Lort Philip (1)
- Lågfjellet (1)
- Løykja (1)
- Mallorca (1)
- Manchester United (1)
- Mannen (1)
- Mardøla (1)
- Mardølautbygginga (1)
- Martinskåra (1)
- Meekknoken (1)
- Megardsvatnet (1)
- Meisalvatnet (1)
- Midsund (1)
- Midøya (1)
- Millenium Stadium (1)
- Mjølvafjellet (1)
- Moldeheia (1)
- Mulvikknuken (1)
- NRK (1)
- NRK Møre og Romsdal (1)
- Nanthaya (1)
- National Museum (1)
- Naturvernforbundet (1)
- Nelson Mandela (1)
- Nerdal (1)
- Nesaksla (1)
- Nesset Prestegard (1)
- Nils Erik Ulset (1)
- Nofence (1)
- Nordmøre Museum (1)
- Nordmørsskaret (1)
- Nordre Bjørnsund (1)
- Nore (1)
- Norges Jeger- og Fiskeforbund (1)
- Norsk Folkehjelp Nesset (1)
- Nydalen (1)
- Nydalen Studios (1)
- Ola Sagli (1)
- Olof Palme (1)
- Oltervatnet (1)
- Ormonde-familien (1)
- Orta (1)
- Osmarka (1)
- Osmarka Skisenter (1)
- Otrøya (1)
- Pembroke (1)
- Pembrokeshire (1)
- Per Fugelli (1)
- Peter Paul Rubens (1)
- Petter Northug jr (1)
- Philliphagen (1)
- Phillipshagen (1)
- Prestgardssetra (1)
- Quay House (1)
- Rampestreken (1)
- Ramshaugen (1)
- Raubergshytta (1)
- Raudsand (1)
- Raudsand Idrettslag (1)
- Reginald's Tower (1)
- Regines bok (1)
- Reinset (1)
- Reppdalen (1)
- Reppfallet (1)
- Rishaltheia (1)
- Roma (1)
- Romsdalen (1)
- Romsdalseggen (1)
- Romsdalsfjorden (1)
- Romsdalskysten (1)
- Romsdalspanoramaet (1)
- Rosslare (1)
- Routemaster 999 (1)
- Råstu (1)
- Rødset (1)
- Rødsetsetra (1)
- Rørsethornet (1)
- Saghøgda (1)
- Saglimana (1)
- Saksa (1)
- Salsnebba (1)
- Sandøy (1)
- Scandic Parken (1)
- Schnitler (1)
- Schnitlertun (1)
- Sekken (1)
- Seljebøvatnet (1)
- Senedd (1)
- Settemsvarden (1)
- Silsetvatnet (1)
- Sjøvdøla (1)
- Skal vi danse (1)
- Skorga (1)
- Skreåfjellet (1)
- Skrøu (1)
- Slektshistorie (1)
- Slette (1)
- Sommeråpent (1)
- St Canice (1)
- St Canice's Cathedral (1)
- St John the City Parish Church (1)
- St Mary's Cathedral. St Canice's Church (1)
- St Patrick's Cathedral (1)
- St Stephen's Green (1)
- St. Kristoffer (1)
- St. Laurence (1)
- St. Patrick (1)
- Stangvikfjorden (1)
- Stavneset (1)
- Stavneset fyr (1)
- Stavnesets venner (1)
- Stockholm (1)
- Stop shop (1)
- Storbakken (1)
- Storklauva (1)
- Storvatnet (1)
- Stølsvatnet (1)
- Sunndal Jeger & Fisk (1)
- Sunndal kommunes heiderspris (1)
- Sunndal småbåthavn (1)
- Sunndal. sunndalssamfunnet (1)
- Sunndalmarsjen (1)
- Sunndalsfjella nasjonalpark (1)
- Svarthaugen (1)
- Svarttind (1)
- Svendshaugen (1)
- Svinvikrunden (1)
- Svisdal (1)
- Synnøvhaugen (1)
- Søndre Bjørnsund (1)
- TV Norge (1)
- Talstadhesten (1)
- Tappain (1)
- Teppinga (1)
- Thailand (1)
- The Cathedral of the Most Holy Trinity (1)
- The Great Tower (1)
- Thea Næss (1)
- Tingvoll Gard (1)
- Tingvoll kommune (1)
- Tingvoll kyrkje (1)
- Tingvollfjorden (1)
- Todalshytta (1)
- Torbudalen (1)
- Tore Pedersen (1)
- Tovarden (1)
- Tovatna (1)
- Trollvatnet (1)
- Trondhjems Turistforening (1)
- Tsjernobyl (1)
- Tudor (1)
- Tusenårsvarden (1)
- UNESCO (1)
- Ukraina (1)
- Utøya (1)
- Valdres (1)
- Valdresflye (1)
- Valsøyfjord (1)
- Valåsen (1)
- Vassdalen (1)
- Vassdalen-ulykka (1)
- Vassdalsheien (1)
- Vebjørn Sand (1)
- Venjedalen (1)
- Verdensdagen for psykisk helse (1)
- Verdsdagen for psykisk helse (1)
- Vestre Mardøla (1)
- Vetafjellet (1)
- Vettafjellet Øksendal (1)
- Victoria Station (1)
- Viewpoint Snøhetta (1)
- Vike (1)
- Vikelia (1)
- Vikesaksa (1)
- Viklandet Trafostasjon (1)
- Vinnu flyplass (1)
- Vinnufossen (1)
- Vistdal (1)
- Vollasetra (1)
- Vågbø (1)
- Vårjamndøgn (1)
- Watbodha Dhamm Vikebukt (1)
- Waterford County (1)
- Waterford Viking Triangle (1)
- Wexford (1)
- Yksendalsbu (1)
- alkoholfritt øl (1)
- appelsinfromasj (1)
- arkitekt Burges (1)
- baksmell (1)
- barnehage (1)
- basehoppulykke (1)
- biologisk mangfald (1)
- boksing (1)
- brunostrestar (1)
- bryllaup (1)
- buddhisme (1)
- buferdsdag (1)
- bulgur (1)
- bygda (1)
- bygdedyret (1)
- cupcakes (1)
- de Lillos (1)
- den gode lærar (1)
- dugnad (1)
- døden (1)
- eikesdalsnæt (1)
- eisamheit (1)
- engel (1)
- facebook (1)
- falafel (1)
- farsdag (1)
- feitetysdag (1)
- femte høgaste fossefallet (1)
- festival (1)
- fjellsmelle (1)
- fløteprim (1)
- folkehelse (1)
- folkesuvernitet (1)
- forgjengeleg (1)
- formannskapslova (1)
- fornybar energi (1)
- fotball (1)
- frisk bris (1)
- fråflytting (1)
- førjulsfred (1)
- førjulsstemning (1)
- gapahuk (1)
- geit (1)
- gjestfriheit (1)
- godheit (1)
- grovbrød (1)
- grunnlov (1)
- hamburgar (1)
- hamburgerbrød (1)
- hasselnøtter (1)
- heimlaga prim (1)
- hijab (1)
- hjortejakt (1)
- horn (1)
- hummus (1)
- høgspentmaster (1)
- idrettshelt (1)
- idrettsideal (1)
- inkluderande arbeidsliv (1)
- integrere (1)
- isbjørnmonument (1)
- jarl William Marshal (1)
- jegeravgift (1)
- jegerprøva (1)
- jul (1)
- julekrybbe (1)
- juletrefest (1)
- karneval (1)
- katten og rotta (1)
- kikerter (1)
- kjekjøt (1)
- kjelår (1)
- kjøtsuppe (1)
- klatrepark (1)
- kokosbollar (1)
- kong Bhomibol (1)
- kong Henry (1)
- korona (1)
- koronatilstand (1)
- krigsminne (1)
- kronprins Haakon (1)
- kvardagsintegrering (1)
- kveld (1)
- kvitkledde kvinner (1)
- laks (1)
- landskapsvernområde (1)
- landsmøte (1)
- leirskule (1)
- libanesisk mat (1)
- livet (1)
- lokaldemokrati (1)
- lomper (1)
- lort Phillip (1)
- lykke (1)
- lykkekarusell (1)
- lærar (1)
- makt (1)
- marsmallows (1)
- matblogg (1)
- middelalder (1)
- mikrofly (1)
- minneord (1)
- mitt liv (1)
- mogop (1)
- moskussafari (1)
- museum (1)
- musikk (1)
- muslim (1)
- måneformørking (1)
- mørketidsdepresjon (1)
- møte (1)
- naboskap (1)
- nasjonalromantikk (1)
- nasjonalsongen (1)
- naturrett (1)
- nekrolog (1)
- nynorsk (1)
- organisasjonsarbeid (1)
- panna cotta con crema di cachi (1)
- pannekaker (1)
- parlamentarisme (1)
- persimon (1)
- piknik (1)
- prins William (1)
- prinsesse Diana (1)
- psykiatrisk sjukdom (1)
- pårørande (1)
- påskekake (1)
- pølsebrød (1)
- rabarbra (1)
- rabarbrafestkake (1)
- rabarbramousse (1)
- regntidsretreat (1)
- reinhaldarane sin dag (1)
- reinhaldarar (1)
- reinsjakt (1)
- respekt (1)
- riksveg 70 (1)
- rockestjerne (1)
- romsdalingar (1)
- rundstykker (1)
- rusomsorg (1)
- sarkofag (1)
- sauesanking (1)
- sentraliseringspolitikk (1)
- seterlandskap (1)
- sherpatrapp (1)
- sjalusi (1)
- sjømannskyrkja (1)
- skattepolitikk (1)
- skeiser (1)
- slåttadugnad (1)
- smallest house in Great Britain (1)
- snøflyktning (1)
- snøflytktning (1)
- speltmjøl (1)
- sponsing (1)
- staten (1)
- storbyhelg (1)
- surmjølkprim/ surmelkprim (1)
- svigerfar (1)
- sykling (1)
- syrisk bryllaupsfest (1)
- søppelhandtering (1)
- teltliv (1)
- the cat and the rat (1)
- tidstjuv (1)
- til stade (1)
- tinnbryllaup (1)
- torsknuken (1)
- trippelarbeid (1)
- tru (1)
- truger (1)
- trylling (1)
- turblogg. Sunndal (1)
- turtips (1)
- ulykke (1)
- vaflar (1)
- vannkraftutbygging (1)
- veldedigheit (1)
- velferdsstaten (1)
- verdas miljødag (1)
- vikingtid (1)
- vindstyrke (1)
- vinterdepresjon (1)
- vår (1)
- våre nye landsmenn (1)
- vårjevndøgn (1)
- www.ut.no (1)
- Åbittinden (1)
- Ågotinden (1)
- Ågottinden (1)
- Ålesund (1)
- Ålesund kommune (1)
- Ålvundfjorden (1)
- Åmotdalshytta (1)
- Åndalsnes (1)
- Åndalsnes Avis (1)
- Øksendal IL (1)
- Øver Løkhammaren (1)
- Øverlandsvatnet (1)
- Øverås (1)
- Øybjørn (1)
- Øygardsneset (1)
- åleineforelder (1)