Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Dovre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dovre. Vis alle innlegg

søndag 17. mars 2019

Turblogg: Ei oppleving av dei sjeldne!

Eg tenkte eg skulle gjere eit intervju med den dyktige naturfotografen Oddvar Olafsen, gjerne mens vi gjekk ein tur. Eg fekk ei turoppleving av dei sjeldne!


Vi avtalte å starte tidleg heimefrå laurdags morgon, og Oddvar plukka meg opp litt over kl. 8 om morgonen. Nokre få kuldegrader på Grøa auka på etter kvart som vi nærma oss Oppdal. Det var meldt rundt -10 grader på Kongsvoll, og då vi kom der rundt kl. 10, skein sola. Her var det berre ein ting å gjere: Å komme seg ut i terrenget!


Kongsvoll 9. mars kl. 10.
Med stor skam å melde: Eg hadde aldri stoppa på Kongsvoll før... Ja, ein gong må vere den første. Og det var no.
Tenke deg: Du stoppar på parkeringa (eller eventuelt jarnbanestasjonen - alle tog stoppar på Kongsvoll!) - og når du kryssar over E6, er du ute i terrenget! Så enkelt og så greit!
Frå Kongsvoll har du mesta all verdas moglegheiter for turar. Det er både sommar- og vintermerka sti til turisthytta Reinheim, i følge ut.no er det 14 km å gå. Frå Reinheim kan du gå straka vegen mot Sunndal (KNT-hytta Åmotdalshytta) eller mot Snøheim og Snøhetta. Vi skal ta retning Stroplsjødalen og Reinheim, men så svinge av mot høgre.
I det vi passerar over brua over Driva, høyrer vi at det klukkar i elva.


Greit å starte turen med ein sjølvie - Oddvar Olafsen og eg :)
Det er fleire aktørar på strekninga Oppdal - Dombås som tilbyr moskussafari, også frå Kongsvoll Fjellstue. Dei varer 4-7 timar og kostar 4-500 kr per vaksen, men går for det meste i sommarmånadane.
Men - du treng ikkje bruke så mykje pengar på det, sjølvsagt avhengig av kor informert om moskusen sitt liv og lagnad du vil vere. Det er nemleg laga til ein eigen moskussti som kvar og ein kan følge for eigen risiko. Her får du guiding av skilta innover i terrenget.
Eg hadde invitasjon frå Oddvar om å bli med på privat moskussafari. Han elskar å ta bilde av moskusen - uansett årstid. Og denne dagen var håpet hans at det skulle vere eit lett drag av snø i moskuspelsen.

Her startar moskusløypa. Følg merking.
Men korleis tar ein seg innover i terrenget ein vinterdag? Jau, no var det endeleg dags for å få prøve meg på truger - det hadde eg aldri gjort før, så det gledde eg meg på.
Oddvar er ein mann med mykje utstyr, så han hadde sagt frå på førehand at han skulle ta med broddar, stavar og truger til meg. Med andre ord: Alt var i dei beste hendene. Trugene var av ganske god kvalitet - prisklasse rundt 1500 kr. Viss ein skal ha trugar for å gå ein del turar, er det nok like greit å investere i kvalitet. "Du får det du betalar for", seier Oddvar. Sjølv har han noko dyrare truger.
Jaudå, så etter å ha passert under jarnbanebrua og opp ein liten bakke, er det klart for å ta på oss trugene. Litt hjelp for å skjønne korleis dei festast, men så er det berre å stabbe seg avgarde. Eg føler meg som ein unge som har fått på seg sko for første gong...
Det funkar heilt greit å gå, litt tungt, men greit. Vagt begynner eg å minnast siste turen med fjellskia i fjor - den som gjekk innover Geitådalen...Fekk litt same tunge følelsen... Eg har ikkje tatt av fellene enno... 
(Du kan lese meir om den turen her).


Kongsvoll ligg på 900 m.o.h., og vi skal opp på 12-1300 meters høgd. Slakk og fin stigning oppover - ikkje nokon veldig bratt motstand. Som sagt var det rundt 10 kuldegrader, knappast eit vinddrag og sol frå blå, blå himmel. Vi må finne ut kor mykje eller lite klede vi skal ha på oss mens vi går. Dunjakka går av først, og eg går med ullskjorte og ei god fleecejakke eg har. På beina er det stillongs og den nye og solide vinterbuksa mi. 
Etter ei stund finn eg ut at eg må bytte: Av med fleecejakka og på med dunjakka. Etter kvart som vi kjem oppover, kjem det ein litt kald trekk sigande, eller skal eg seie smygande, for han var mesta umerkeleg. På att med fleecejakka og. Ikkje lett å bli klok på kva som er for mykje eller for lite.




Allereie her har Oddvar fått auge på to moskus oppe på haugen til høgre. I tillegg har han lagt merke til at det er to menneske der oppe og. Vi ser spor i snøen etter andre som har gått føre oss. Det går greit med trugene; det er ikkje for mykje snø, og det er heller ikkje for lite snø.


Her går vegen rett fram gjennom Stroplsjødalen mot Reinheim, men vi tar til venstre.

Så begynner Rondane å stige fram.




Etter kvart som vi kjem høgare og terrenget blir meir goldt, stig meir og meir av Rondanes fjellrekker fram.
Etter ei stund må vi ha mat. Nista smakar suverent godt i kulda. Det begynner å bli nokre timar sidan vi drog frå Sunndalen, og vi har allereie gått eit par-tre kilometer. Maten fortærast mest i stillheit mens vi skodar på fjella i rundt og grunnar på kor mange moskus vi skal sjå i dag.


Mens vi satt og åt, sat vi og fulgte med dei to menneska som var ikkje så veldig langt frå dei to moskusane. Vi gjekk i den retninga dei var - vi skulle trass alt sjå på moskus. 
Dei to karane viste seg å vere frå Nederland, og dei var ute i same ærend som oss, om enn i ei litt meir ekstremutgåve - teltovernatting i ei veke i fjellheimen!
Vi tok av trugene ved steinen der dei stod, og slo av ein prat med dei. I og med at eg tok bilde av dei til avisa og, fekk eg namna deira, og info om sosiale media blei utveksla. Nye venner på Facebook og følgarar på Instagram er alltid kjekt :)


Truger, broddar og stavar var dagens turutstyr.
Dei to moskusane gjekk fredeleg og beita, og dei let seg ikkje affisere av at det var skodelystne turistar rundt dei. Det er no mest som eit under at det er nok mat til dei i området der. 







Oddvar (.v.), Niels og Gertjan i ein god samtale om til dømes kamera :)
Småe menn i stort landskap.
Der borte er Grønbakken, kor eg gjekk i frå i fjor til Snøheim. Det finn du meir om i dette blogginnlegget.
Etter å ha snakka ei lita stund med våre to nye nederlandske venner og beskua moskusane på høveleg avstand, er Oddvar rastlaus og vil vidare. Han har vore fleire gonger i området tidlegare i vinter, og veit at det pleier å stå moskus lenger inne i fjellet. Vi må vidare, og seier "ha det" til både karane og moskusane.
På vegen møter vi på skilting som ser ut som på bildet under. Vi er på rett veg - dette er merkinga for moskusruta.


4 km var det å gå frå parkeringa til dette skiltet. Enno har vi i eit stykke att å gå.

Fotosession :)
Der Oddvar har sett moskus tidlegare i vinter, ser han at flokken står og ventar på oss. Han teller opp 18 moskus på god avstand. Orkar eg å gå heilt bort dit? Jau, klart eg gjer!
Inne ved området kor dei er, heiter det Høgsnyta, og vi er på 12-1300 meters høgd.


Artig å sitte og betrakte den prektige flokken av dyr på god avstand. Vi går utover denne kammendu ser for å sjå dei litt nærare. Men det er viktig å understreke at du må halde god avstand! Viss moskusen begynner å komme mot deg, har du ikkje mykje å stille opp med... 


Ein skikkeleg hustrig sjølvie :)
Moskusen hadde ikkje snø i pelsen, men Oddvar var fornøgd med fotomoglegheita.
Også i dette området ser vi andre folk. Dei er frå Sveits, og var ei vekes tid på Dovre for å studere moskusane. Etter å ha tatt dei bilda vi ville, snudde vi og begynte på tilbakevegen. Det er lettare å gå ned enn opp...pussig det der...
Vi møtte att Niels og Gertjan der vi møtte dei på oppovertur. Moskusane hadde gått sin eigen veg, men på nedoverturen såg vi mange spor etter dyra og moskusbæsj.
På oppoverturen spurte eg Oddvar om kor mykje snø det var mogleg å gå på truger i - når blir det for mykje snø... På nedovertur hamna vi inn i skogen... og der var det mykje snø... Så eg fann iallfall ut kor mykje snø det var for at eg skulle synes det var for mykje til å gå med truger... Eg gjekk, ramla, reiste meg opp att, gjekk, ramla, reiste meg opp att... 
Eg var utruleg sliten då vi kom ned att til bilen. Men det blei gått rundt 15 km totalt, det var friskt og godt, og gjorde godt for heile meg :)
No kan du kikke litt meir på bildene under her, så kjem det nok vonleg ein ny turblogg om ikkje for lenge. No går det mot lysare tider og litt meir turaktivitet :) 







søndag 12. august 2018

Turblogg: Så var det dags for Snøhetta!

Helga 2.-4. august var eg på helgetur til Snøheim med nettsamfunnet Fjelltid. Laurdag var det dags for tur til Snøhetta. Eg tenker fortsatt på "Ingen grenser"-gjengen som gjekk dit.


La det vere sagt med ein gong: Eg har utruleg stor respekt for den turen "Ingen grenser"-gjengen gjorde frå svenskegrensa til Snøhetta. Der gjekk lamme, kortvokste, blinde, døve med meir oppover den steinate ura, og det var berre avslutninga på turen! I ettertid kan eg seie eg bøyer meg i støvet for dei!

Laurdag 3. august: Klart for tur til Snøhetta. Då eg vakna ikkje heilt utkvilt etter ei kald og delvis sømnlaus natt i teltet, var det berre å krype ut og tenke positive tankar. Eg skulle til Snøhetta! Det har vore eit mål i fleire år - eigentleg sidan eg såg "Ingen grenser" på TV. Viss dei funksjonshemma deltakarane greidde å kome seg opp på toppen, måtte no eg og greie det!
Eg laga niste og tok med dei mest nødvendige tinga: Regnklede, stilongs, tjukk og tynn fleecejakke, mat, drikke og kamera. Kan ikkje gå på topptur utan skikkeleg kamera! 
Eg hadde aldri vore så høgt i fjellet før, så det var ikkje heilt godt å vite kva som var nødvendig og ikkje. Veret skiftar fort, heiter det, men det betyr vel begge vegar - både bedre og dårlegare?!
Det var ganske bra med sol og ein heilt ok temperatur då Fjelltid-gjengen starta turen kl. 9. Eg gjekk berre i ulltrøye og turbukse (vel å merke den varmaste), men mange gjekk i t-skjorte og litt lang shorts.

Det låg til rette for ein fin tur opp til Noregs høgaste fjell utanfor Jotunheimen.

Tidleg morgon og klar for tur! 

Snøheim som utgangspunkt gir eit vell av turmoglegheiter!
Så var vi startklare frå Snøheim. Her var det berre å finne ein høveleg plass i gjengen for å ha nokon å gå saman med. Mi mistru var om nokon gjekk så sakte som eg veit eg går.
På den nedste delen av stien går ein forbi restane etter gamle Reinheim fjellhytte. Seinare vart ho bygd opp att eit godt stykke nærmare Kongsvoll. Ein må og over ei elv. Og NB! NB! Det er der du må fylle opp vassreservoaret for turen! Det er ganske mange steinar lagt ut i elva for å komme seg over, men ein må likevel passe seg så ein ikkje plumpar uti eller blir våt.


Etter eit lite stykke til kjem ein til ei eller anna slags hytte. Her venta dei raskaste på oss saktaste, og det var fotografering av gjengen.
For å seie litt om Fjelltid: Det er sosialt nettsamfunn som har eksistert i fleire år, først under namnet Fjelldate, før det endra namnet til Fjelltid. I førsten var nok meininga at ein skulle finne nokon å ha ein date i fjellet med eller ein date med fjellet, men som Fjelltid har det vorte ein arena på nettet å møte andre fjellinteresserte. Så har det blitt stadig fleire turar administratorane arrangerer. I starten var det mest Rondane, Valdres og Hardangervidda. Så var nok eg ein av dei som klaga og sa det måtte komme turar litt lengre nord og, og no trur eg dette var den tredje turen dei hadde til Dovre. For meg var det første tur saman med Fjelltid. Det er ein god ting å møte andre som og likar å gå i fjellet. Gjengen som var samla denne helga var i alderen frå 20-åra til 60-åra.


Så starta sjølve stigninga. Frå Snøheim til Snøhetta er det omlag 800 høgdemeter og heile vegen går på stein, stein og atter stein! Det er veldig godt merka med både sommarrute og vinterrute (truleg mange som går på ski frå Reinheim). På bildet under ser ein både litt av merkinga og stien frå Snøheim.


Etter kvart vart vi ei firergruppe som gjekk bakerst og danna baktropp - nokon må ta den rolla og! Og vi heldt følge heile vegen både opp og ned! Jarle veik knappast ein tomme frå meg, og det var utruleg trygt og godt - eg er slettes ikkje vant til ei slik steinvandring. Og etter kvart vart ikkje veret det beste heller. Jarle kallar seg for hyggeleg skuld for "gledesgutt", og eg tenker alle burde ha fornøyinga med å gå tur saman med ein gledesgut! Turen blir så utruleg mykje trivelegare og lettare å gå.
Og dessutan var han utruleg snill. Eigentleg var ikkje sekken for tung, eg skulle greidd å komme meg opp med alt eg hadde pakka, men når han spør om eg treng litt sherpahjelp, seier eg ikkje nei.


Oppover og oppover bar det, og det var tungt til beina. Eg hadde velt dei største/ kraftigaste skoa frå Salomon denne helga, og dei vart delvis glatt då det begynte å regne. Eigentleg var dei nok litt tunge og gå i og, så dei andre turskoa mine hadde nok vore vel så bra på denne turen. 
Fortsatt var det blå himmel, litt sol og t-skjortetemperatur.


Ser du pipa som stikk opp frå fjellet midt i bildet? Det er toppen. Med andre ord - fortsatt eit godt stykke att. Viktig å ha godt med energiprodukt i sekken. Eg hadde med noko slags energisjokolade og eple (og for lite vatn...), og eple i tursekken er mitt beste tips. Det gir både energi og væske. Eg hadde delt opp epla i biter, slik at eg porsjonerte dei ut over heile turen. Boksen med nøtter eg skulle ha, låg att i teltet...


Snøhetta er ved foten inn i Sunndalsfjella. Åmotdalshytta ligg i Dovre kommune, men er eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforening. Først var plana mi å gå frå Jenstad til Snøheim via Loennechenbua og Åmotdalshytta saman med ein annan som skulle på weekenden, men det vart droppa, og eg er nok litt glad for det. Ein treng ikkje gå over Snøhetta for å gå frå Åmotdalshytta til Snøheim, men dei fleste gjer nok det. Det hadde blitt to dagsetappar på rundt 20 km kvar, og det er jo eit stykke...



Turen begynner å gi utsikt. Usikker på kor høgt dette er, men kanskje 1700 meters høgd.
For kvart skritt vi tar, begynner toppen å nærme seg. Det fine med turen er at kvart skritt gir nye høgdemeter, så ein kjem forholdsvis fort oppover i høgda. Og høgda på pipa som ein ser meir og meir av, er ein god målestokk på at ein nærmar seg.


Så kom eg endeleg fram til Snøhetta! Eg greide det. Men akkurat då var eg mest opptatt av å få i meg mat - ete lunchen med utsikt! Vi fekk ete maten vår i fred og ro, men ein av dei som kom opp ei stund før oss, fekk plutseleg selskap av ei svolta lita mus...
Her er videoen eg laga til direktesending på Facebook for å fortelje at eg var komen opp. Meld frå kor du går - både på lange og korte turar :D PS! Farga på lua var ikkje tilfeldig!


Så var det berre å gi seg i gang med fotograferinga! Og eg er jo ikkje flink på verken retningar eller stadsnamn. Men om eg ikkje tar mykje feil, skal ein kunne skimte Reinheim i det fjerne her.


Vesttoppen og Midttoppen.

Ein av dei andre hadde med hunden Theo, og han fall eg pladask for :)




Her går stien vidare til Midttoppen og Vesttoppen.
Ja, eg greide å komme meg opp - det var drygt, men bra!
Herleg utsikt, men eg skulle kome fram tidlegare. På ryggen foran beina går stien vidare mot Åmotdalshytta.





Nedover ryggen går stien vidare mot Åmotdalshytta. Det er vel og ein sti på andre sida av det bortaste vatnet ein ser.


Noko av det aller tyngste og drygaste med turen, var at veret skifta ganske ofte, og dermed måtte eg på og av med regnbuksa (og då + skoa). Elingane varte som oftast ikkje lenge, men eg var ikkje interessert i å bli våt. Det at det stadig kom regn, gjorde at steinane vart våte, og ein måtte passe ekstra på for ikkje å gli og ramle.
Veret skiftar fort i fjellheimen, men vi vart heldigvis ikkje overmanna av skodde.
Apropos det: Eg las ein artikkel på nett nettopp om ein av "Ingen grenser"-deltakarane som vart overmanna av uver på veg ned frå Snøhetta, og då måtte han og Lars Monsen overnatte i telt mens stormen rasa utanfor. Det er eg glad eg slapp å oppleve.
Eg har stor respekt for det "Ingen grenser"-gjengen fekk til. Kanskje vi ikkje er ofte nok takksame for det å vere funksjonsfriske og ha to bein som tar oss (mesta) dit vi vil?


Nytt livsmotto: "Det spelar inga rolle kor sakte du går, så lenge du ikkje stoppar" - Konfucius :)

Etiketter