Kongsvoll 9. mars kl. 10. |
Med stor skam å melde: Eg hadde aldri stoppa på Kongsvoll før... Ja, ein gong må vere den første. Og det var no.
Tenke deg: Du stoppar på parkeringa (eller eventuelt jarnbanestasjonen - alle tog stoppar på Kongsvoll!) - og når du kryssar over E6, er du ute i terrenget! Så enkelt og så greit!
Frå Kongsvoll har du mesta all verdas moglegheiter for turar. Det er både sommar- og vintermerka sti til turisthytta Reinheim, i følge ut.no er det 14 km å gå. Frå Reinheim kan du gå straka vegen mot Sunndal (KNT-hytta Åmotdalshytta) eller mot Snøheim og Snøhetta. Vi skal ta retning Stroplsjødalen og Reinheim, men så svinge av mot høgre.
I det vi passerar over brua over Driva, høyrer vi at det klukkar i elva.
Greit å starte turen med ein sjølvie - Oddvar Olafsen og eg :) |
Men - du treng ikkje bruke så mykje pengar på det, sjølvsagt avhengig av kor informert om moskusen sitt liv og lagnad du vil vere. Det er nemleg laga til ein eigen moskussti som kvar og ein kan følge for eigen risiko. Her får du guiding av skilta innover i terrenget.
Eg hadde invitasjon frå Oddvar om å bli med på privat moskussafari. Han elskar å ta bilde av moskusen - uansett årstid. Og denne dagen var håpet hans at det skulle vere eit lett drag av snø i moskuspelsen.
Allereie her har Oddvar fått auge på to moskus oppe på haugen til høgre. I tillegg har han lagt merke til at det er to menneske der oppe og. Vi ser spor i snøen etter andre som har gått føre oss. Det går greit med trugene; det er ikkje for mykje snø, og det er heller ikkje for lite snø.
Etter ei stund må vi ha mat. Nista smakar suverent godt i kulda. Det begynner å bli nokre timar sidan vi drog frå Sunndalen, og vi har allereie gått eit par-tre kilometer. Maten fortærast mest i stillheit mens vi skodar på fjella i rundt og grunnar på kor mange moskus vi skal sjå i dag.
Der Oddvar har sett moskus tidlegare i vinter, ser han at flokken står og ventar på oss. Han teller opp 18 moskus på god avstand. Orkar eg å gå heilt bort dit? Jau, klart eg gjer!
Inne ved området kor dei er, heiter det Høgsnyta, og vi er på 12-1300 meters høgd.
Her startar moskusløypa. Følg merking. |
Men korleis tar ein seg innover i terrenget ein vinterdag? Jau, no var det endeleg dags for å få prøve meg på truger - det hadde eg aldri gjort før, så det gledde eg meg på.
Oddvar er ein mann med mykje utstyr, så han hadde sagt frå på førehand at han skulle ta med broddar, stavar og truger til meg. Med andre ord: Alt var i dei beste hendene. Trugene var av ganske god kvalitet - prisklasse rundt 1500 kr. Viss ein skal ha trugar for å gå ein del turar, er det nok like greit å investere i kvalitet. "Du får det du betalar for", seier Oddvar. Sjølv har han noko dyrare truger.
Jaudå, så etter å ha passert under jarnbanebrua og opp ein liten bakke, er det klart for å ta på oss trugene. Litt hjelp for å skjønne korleis dei festast, men så er det berre å stabbe seg avgarde. Eg føler meg som ein unge som har fått på seg sko for første gong...
Det funkar heilt greit å gå, litt tungt, men greit. Vagt begynner eg å minnast siste turen med fjellskia i fjor - den som gjekk innover Geitådalen...Fekk litt same tunge følelsen... Eg har ikkje tatt av fellene enno...
(Du kan lese meir om den turen her).
Kongsvoll ligg på 900 m.o.h., og vi skal opp på 12-1300 meters høgd. Slakk og fin stigning oppover - ikkje nokon veldig bratt motstand. Som sagt var det rundt 10 kuldegrader, knappast eit vinddrag og sol frå blå, blå himmel. Vi må finne ut kor mykje eller lite klede vi skal ha på oss mens vi går. Dunjakka går av først, og eg går med ullskjorte og ei god fleecejakke eg har. På beina er det stillongs og den nye og solide vinterbuksa mi.
Etter ei stund finn eg ut at eg må bytte: Av med fleecejakka og på med dunjakka. Etter kvart som vi kjem oppover, kjem det ein litt kald trekk sigande, eller skal eg seie smygande, for han var mesta umerkeleg. På att med fleecejakka og. Ikkje lett å bli klok på kva som er for mykje eller for lite.
Allereie her har Oddvar fått auge på to moskus oppe på haugen til høgre. I tillegg har han lagt merke til at det er to menneske der oppe og. Vi ser spor i snøen etter andre som har gått føre oss. Det går greit med trugene; det er ikkje for mykje snø, og det er heller ikkje for lite snø.
Her går vegen rett fram gjennom Stroplsjødalen mot Reinheim, men vi tar til venstre. |
Så begynner Rondane å stige fram. |
Etter kvart som vi kjem høgare og terrenget blir meir goldt, stig meir og meir av Rondanes fjellrekker fram. |
Mens vi satt og åt, sat vi og fulgte med dei to menneska som var ikkje så veldig langt frå dei to moskusane. Vi gjekk i den retninga dei var - vi skulle trass alt sjå på moskus.
Dei to karane viste seg å vere frå Nederland, og dei var ute i same ærend som oss, om enn i ei litt meir ekstremutgåve - teltovernatting i ei veke i fjellheimen!
Vi tok av trugene ved steinen der dei stod, og slo av ein prat med dei. I og med at eg tok bilde av dei til avisa og, fekk eg namna deira, og info om sosiale media blei utveksla. Nye venner på Facebook og følgarar på Instagram er alltid kjekt :)
Truger, broddar og stavar var dagens turutstyr. |
Dei to moskusane gjekk fredeleg og beita, og dei let seg ikkje affisere av at det var skodelystne turistar rundt dei. Det er no mest som eit under at det er nok mat til dei i området der.
Oddvar (.v.), Niels og Gertjan i ein god samtale om til dømes kamera :) |
Småe menn i stort landskap. |
Der borte er Grønbakken, kor eg gjekk i frå i fjor til Snøheim. Det finn du meir om i dette blogginnlegget. |
Etter å ha snakka ei lita stund med våre to nye nederlandske venner og beskua moskusane på høveleg avstand, er Oddvar rastlaus og vil vidare. Han har vore fleire gonger i området tidlegare i vinter, og veit at det pleier å stå moskus lenger inne i fjellet. Vi må vidare, og seier "ha det" til både karane og moskusane.
På vegen møter vi på skilting som ser ut som på bildet under. Vi er på rett veg - dette er merkinga for moskusruta.
4 km var det å gå frå parkeringa til dette skiltet. Enno har vi i eit stykke att å gå. |
Fotosession :) |
Inne ved området kor dei er, heiter det Høgsnyta, og vi er på 12-1300 meters høgd.
Artig å sitte og betrakte den prektige flokken av dyr på god avstand. Vi går utover denne kammendu ser for å sjå dei litt nærare. Men det er viktig å understreke at du må halde god avstand! Viss moskusen begynner å komme mot deg, har du ikkje mykje å stille opp med...
Ein skikkeleg hustrig sjølvie :) |
Moskusen hadde ikkje snø i pelsen, men Oddvar var fornøgd med fotomoglegheita. |
Også i dette området ser vi andre folk. Dei er frå Sveits, og var ei vekes tid på Dovre for å studere moskusane. Etter å ha tatt dei bilda vi ville, snudde vi og begynte på tilbakevegen. Det er lettare å gå ned enn opp...pussig det der...
Vi møtte att Niels og Gertjan der vi møtte dei på oppovertur. Moskusane hadde gått sin eigen veg, men på nedoverturen såg vi mange spor etter dyra og moskusbæsj.
På oppoverturen spurte eg Oddvar om kor mykje snø det var mogleg å gå på truger i - når blir det for mykje snø... På nedovertur hamna vi inn i skogen... og der var det mykje snø... Så eg fann iallfall ut kor mykje snø det var for at eg skulle synes det var for mykje til å gå med truger... Eg gjekk, ramla, reiste meg opp att, gjekk, ramla, reiste meg opp att...
Eg var utruleg sliten då vi kom ned att til bilen. Men det blei gått rundt 15 km totalt, det var friskt og godt, og gjorde godt for heile meg :)
No kan du kikke litt meir på bildene under her, så kjem det nok vonleg ein ny turblogg om ikkje for lenge. No går det mot lysare tider og litt meir turaktivitet :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar