Totalt antall sidevisninger

onsdag 20. mars 2019

For ei lykke! No tar sola overhand!

"For eit kav det har vore i vinter, det er godt at det stunder mot vår", står det i "Har du haurt" frå "Lady Arbuthnott". Men i dag er natt og dag like lange, og no vil sola ta overhand!

Desse bilda var tatt tidlegare i vinter. Det er snø her no.



Vårjamndøgn, som betyr at natt og dag er ganske like lange, kan komme på 19., 20. eller 21. mars. For nerdar som meg er det artig å vite at den dagen har gitt presedens, altså avgjerande betyding i all ettertid, for når tid påska vart stadfesta. Og hadde vårjamndøgn denne gongen komme 21. mars, hadde det vel vore påske til helga. I staden må vi vente ei stund til... Men det var ikkje det eg skulle skrive om.
Det viktige for meg er at i dei kommande månadane vil det vere meir dag enn natt, og kanskje meir sol enn regn. For det har vore eit kav i vinter...
Denne veka er det skodespelar Linn Skåber som har andakten i radioen. Ho snakkar heilt enkelt om dei viktige ting i livet - om korleis vi er mot kvarandre, korleis vi må hugse å stille opp for kvarandre. Om einsemd og nestekjærleik.
I dag snakka ho om kor viktig det er å ha ein avtale. Det er ikkje alltid ein treng hjelp til noko bestemt, men ein treng det å ha ein avtale som fortel at nokon kjem på besøk. På måndag snakka ho om det å vere nabokjerring - at ein stilte spørsmål om det var nokon i gangen i blokka ein ikkje hadde sett på ei stund. Det er sjølvsagt ikkje ord til frelse det ho tilbyr, men det er gode ord for dagen som gir påminning om dei små, men viktige tinga.

Når eg vel å fortelje dette, er det kanskje mest for å minne meg sjølv på at eg kom meg gjennom vinteren. Då eg skreiv noko om at det hadde vore den verste vinteren nokon gong på Facebook soldagen (4. februar på huset mitt), var det fleire som kommenterte at vinteren i Sunndal blir vanskelegare og vanskelegare.
Akkurat det gjorde det godt å få støtte på. Eg tenkte kanskje dei innfødde frå dalen hadde vent seg til mørketida gjennom mange år. Sjølv sa eg vel allereie etter første vinteren her i dalen at mørketida i Tromsø var som ein sommardag i forskjell...

Men no har eg altså velt å gi all mi glede til denne dagen - den internasjonale dagen for lykke - og altså vårjamndøgn! No håpar eg alle kan glede seg saman med sola - no er det ho og lyset som skal ta overhand i nokre månadar framover.
No legg eg dei tunge månadane som har prega vinteren bak meg og begynner å sjå framover. Litt og litt, skritt for skritt.

Ingen kommentarer:

Etiketter