Totalt antall sidevisninger

søndag 20. januar 2019

Turblogg: No er skisesongen begynt!

                     På tide å børste støv av bloggen - skisesongen er i gong! 


Litt ungdommeleg initiativ gjorde at vi kom oss ut i skiløypa i dag. Mens junior ikkje higa så sterkt etter skitur, var vi på damesida litt meir interesserte.
For første gong på veldig lenge, kjentest det ut som at det var eg som var eigar av tida mi - det var ikkje noko lærararbeid som hasta eller avisarbeid som skulle gjerast - og det kjentest veldig befriande.
Det var eg som bestemte kor vi skulle, og sidan vi aldri hadde vore i Storlidalen i Oppdal før, vart det dagens turmål. Ein viktig grunn til det, var at det skulle vere sol der... Jaja, så feil kan ein ta - sola har ikkje kome attende der enno i år... Så viss det er sola du leitar etter - ikkje dra til Storlidalen i januar...


Vi parkerte ved Storli gard (det kostar 50 kr - kan vippsast eller betalast kontant), for der startar skiløypa innover dalen i retning Tovatna. Først slakt og fint, men etter kvart litt meir oppoverbakkar. Det hadde kome ganske mykje snø i Storlidalen siste dagane, og i går (laurdag) vart det trakka opp spor i den sentrale delen av dalen og innover til Tovatna. Ser på Facebook no at dei har trakka ganske mykje spor i rundt dalen i dag. Om du vil halde deg orientert, kan du like sida til Storli gard.


På yr.no stod det at temperaturen skulle vere rundt -10 grader i dag... Etter kvart som vi nærma oss Storlidalen, kraup målaren lenger og lenger ned på bilen vår. -18 grader stod det då vi kom fram til parkeringa der...Og vi hadde ikkje tenkt tanken at det kunne bli så kaldt.
Det var berre å starte opp og gå for å halde varmen.


Dette er jo stien som Turistforeininga driftar sommarstid, og på skiltet visast vegen mot Kårvatn øvst i Todalen og til Innerdalen i Sunndal. Storlidalen er jo super fordi det er mange moglegheiter for lange, gode turar i Trollheimen - anten du vil fortsette mot Gjevilvasshytta, Innerdalen eller Todalen.
Turen inn til trimposten ved Tovatna, tippar eg (basert på kartlesing) er rundt 5 km. Det er to vegar ein kan gå, så vi tok den øvste innover og motsatt tilbake igjen. Tida vi brukte, er vel ikkje all verda å skryte av, men vi er enkle fotfolk på tur med smørefrie, treige ski. Forresten må eg nemne at Aleks har nye ski denne veka - felleski, må vite. Mor er i gang med å finne ut korleis ein kan ha best mogleg utbytte av skia...
Inne ved snuplassen ordna vi oss litt plass så vi kunne sette oss og ete nista. Det skal godt gjerast i -18 å ete utan vottar... Og stakkars hunden hutra av frost.






Det var rett og slett ikkje vanskeleg å trivast i slikt vakkert landskap. Eg satsar på at vi drar fleire turar dit i vinter. Storli gard er nemleg open med kaffiservering på søndagane. Det kan vere ein fin måte å avslutte turen på.
Blant anna på grunn av eit fall eg hadde, vart iallfall eg isepine kald, og då vi kom til bilen, var det varme i setet det einaste eg lengta etter.
Det gjorde godt i både kropp og sjel å kome seg ut og gå på ski. Hovudet har vore nedsylta i alt for tunge tankar den siste månaden, og det gjorde så godt å komme meg ut og tenke på noko heilt anna og kjenne at den friske lufta gjorde meg godt.
Overgangen frå jul til det nye året er generelt sett ei ganske dårleg tid for meg - det skjer det same kvart år, og eg sig ned i ei dryg form for sjølvmedliding. Når eg endeleg ser at det har blitt lysare dagar og at sola er på tur å komme, blir det meste bedre. No driv eg nedtelling til sola kjem på huset mitt 4. februar :) Det er rart kor mykje sola og lyset har å seie for eiga oppleving av seg sjølv.
Så om du slit med mange tunge tankar og spinn i eige gørr - då er mi oppfordring at du må komme deg ut og kjenne frisk luft i nasen. Det gir ei ubetaleg sjelebot <3


Ingen kommentarer:

Etiketter