Totalt antall sidevisninger

onsdag 11. desember 2024

300 mil på sykkel i 2024! Kva gir du meg!!!

Då eg starta opp sykkelsesongen 24. januar i år i rundt 8 kuldegrader, var det heilt utan idé om kor langt eg skulle sykle i år. Men no sit eg her med fasiten mesta 11 månadar seinare: Eg passerte 300 mil!

Fullmåne 25. januar om morgonen! Det er desse augeblikka eg lever for!!!

På veg heim frå arbeid 24. januar i mange minusgrader.
Her kjem eit resymé av nokre av turane eg har gjort i år - og til slutt ei lang rekke grunnar for at eg orkar å sykle alle desse mila. Eg håpar du blir med i fortellinga og at du blir inspirert til å kaste deg på sykkelen :)

Sist vinter var isande kald. Det førte til at sykkelen blei parkert i garasjen i oktober/ november då kulda kom. Då hadde eg sykla mesta 100 mil den hausten og i overkant av 200 mil (meiner eg å hugse) i løpet av året.
Etter som tida gjekk - november - desember - januar, blei eg meir og meir rastlaus. Men kulda satt hardt i, og ville ikkje sleppe. Anten måtte eg berre ta tolmodet i bruk og vente på mildare tider eller så var det bare å give laus på kuldesykling. 24. januar starta eg opp i 8 iskalde kuldegrader. Utfordringa var å sjå om eg trivdes i kulda...
Nokre ord om sykkelen forresten. Dette var ein litt i overkant tung Xeed, og det var første sesongen med piggdekk på han. Og det var for så vidt heilt greit akkurat det, men med sommardekk synes eg han var tung og uvøren for meg.


6. februar - og kulda varer ved...

6. februar på veg heim. Fy, det var kaldt!
Så begynte kulda og isen å sleppe taket, og eg kunne ta fram go'sykkelen som eg har sykla så hundre mange mil med! Dette ser verkeleg lovande ut :)


Langtursesongen startar

Etter å ha sykla mange mil tur-retur Grøa - Sunndalsøra, kunne eg endeleg starte med tursykling i påska. 30. mars gjekk turen frå Eidsvåg til Eikesdalsvatnet. Det er ein tur eg er veldig, veldig glad i, og kvar meter, kilometer og mil av dei 3,8 mila innover til parkeringsplassen vår ved vatnet, er rein nyting å sykle.




Tursesongen fortsette med sykkeltur til Dalavatnet i Litledalen i slutten av april. Heimefrå Grøa til Litledalen og tilbake att blei 45-50 km, og var ein skikkeleg suksess i det fine vårvéret.



Rundt ein månad seinare, 25. mai, var eg tilbake på samme turen i eit endå finare og varmare vårvér. Det er verkeleg supert å ha slike turar som er nokre mil og som har fin natur, litt slit og mykje godheit i seg. Blant anna fann eg ein kjempefin plass ved vatnet kor eg kunne ta ein rastepause. Desse to turane opp til Dalavatnet vart ein god oppvarmar for det eg skulle gjere seinare på sommaren.



Så kom 3. juni, og eg fann plutseleg ut at det er noko som heiter verdas sykkeldag - den internasjonale sykledagen! Det markerte eg med å lage ei facebookgruppe som heiter Sykling i Sunndal, og formålet er å få fram kor mange fine sykkelturar ein kan gjere i Sunndal. Eg håper på endå større oppslutning og interesse rundt sida når det blir meir vårleg.


Sykkeltur til Innerdalen

Ein tur eg gjorde for første gong i fjor, i 2023, var å sykle frå Ålvundeid til Innerdalen. Skjønt... eg syklar ikkje til Innerdalen - eg trillar sykkelen frå Nerdal og mesta heilt opp i Innerdalen. Og eg trillar han nedover det brattaste partiet på returen.
Men uansett - det er ein kjempefin tur å ta. Og så er det veldig kult å ta bilde av sykkelen med Innerdalstårnet i bakgrunnen!




Rett etter skoleslutt selte eg den litt for tunge, svarte sykkelen, og fekk i staden kjøpt meg ein lettare og kulare og lysegrønn Xeed-sykkel. Den måtte umiddelbart testast, og det betydde at den kjære oransje sykkelen min vart degradert. Eg har hatt så mange fine opplevingar med han, men no var det tid for å satse på ein nyare modell og turvenn. I tillegg kjøpte eg med ei sykkelveske som er veldig lett å hekte av og på, og den er verkeleg praktisk.


Sykkeltur i Tingvoll over veg og myr

I sommar hadde eg sett meg ut eit anna turprosjekt etter å ha studert Tingvoll-kartet så nøye som mogleg. Eg køyrde til Meisingset, og derifrå sykla eg utover mot Vågbø, og la og turen innom nokre Stikk ut-postar. På Vågbø begynte eg å trille oppover mot Norska. Ved skihytta sette eg frå meg sykkelen mens eg sjølv stakk opp på toppen. Frå skihytta tok eg sykkelen over den laaaange myra gjennom Langdalen i retning turvegen mellom Tingvoll og Torjulvågen. Undervegs trakka eg over på den eine foten, og det var utruleg vondt, men eg måtte berre gå vidare. Då eg kom bort til vegen som om vinteren er skiløype, hadde eg to val: Å ta til venstre og ta kortaste vegen mot Tingvoll eller ta til høgre og sykle til Torjulvågen. Det eg ikkje tenkte på, er at når eg bestemmer meg for å sykle NED til Torjulvågen, betyr det og at det er ganske mange høgdemeter nedover. Som jo og skal trillast oppover att på returen (med den vonde foten...!). Det tok verkeleg på tida, men eg greidde også å nyte turen. 


Siste post på turen var heilt nede ved sjøen og bortover langs ein sti på veg mot Svinneset utanfor Torjulvågen. Eg sat og undra på kva som var på andre sida av fjorden, men når eg ser på kartet i ettertid, er det Surnadal i retning Bølandet på andre sida.
Då eg avslutta turdagen i Tingvoll, hadde eg sykla og gått inn seks Stikk ut-postar, så det var ein skikkeleg triveleg turdag med nysykkelen - og turen vart på rundt 30 km. Heldigvis har eg vennar på Tingvoll som forbarma seg over meg, så eg fekk skyss tilbake til Meisingset utpå kvelden.


Og sommartradisjonen tur til Eikesdalsvatnet

Men utover sommaren såg eg at mila begynte verkeleg å trille avgarde, og det var berre for meg å trakke på i retning nye mål. Det var på tide med ein ny tur innover frå Eidsvåg til Eikesdalsvatnet.


Turen frå parkeringa vår og til Eikesdal gjekk i nydeleg sommarvér, og det er ingen ting som kan måle seg mot det speglblanke Eikesdalsvatnet. Ein viktig del av turen er å trille sykkelen opp til Mardalsfossen - og på same nivå som det å ta bilde av sykkelen med Innerdalstårnet i bakgrunnen, er det å ta bilde med sykkelen med Mardalsfossen i bakgrunnen.





Men ein må vel ut å sykle litt i regnvér om ein skal bli herda!! På bildet under skryt eg eigentleg hemningslaust over at eg har bikka 200 mil - men minner samtidig om at det er berre i gjennomsnitt litt over ei mil for dag. Altså: Ikkje mykje å skryte av.

26. juli: 200 mil!

Den lange, bratte turen over Aursjøen

Så kom den store dagen med den store turen! Dotter mi Ingvild og eg bestemte oss for å sykle Aursjøvegen og legge inn overnatting på Aursjøhytta. Før vi kom oss avgarde, oppdaga eg at det var sjølvbetening på hytta på måndagar (altså ikkje betent som dei andre dagane...). Ok, då hadde vi det ikkje så travelt med å kome fram. Då vi sykla frå Sunndalsøra, venta rundt 40 km og rundt 900 høgdemeter foran oss den dagen. Det var berre å gyve laus!
Sidan Ingvild ikkje hadde sykkel her, brukte ho nysykkelen med dobbeltveske på, og eg tok gammalsykkelen med berre ei veske på.




Pause for å fylle opp det innvendige reservoaret er viktig! Langt der framme ser vi vegen vi skal forsere i dei nærmaste timane. Hallarvasslia ventar!



Endeleg - omtrent oppe på toppen av Hallarvasslia, og der vart det skikkeleg matpause. Syklane trong å kvile seg, dei og ;)


Så går turen vidare oppover, og det som var retteleg komisk på denne lange trilleturen - ekstremt lange trilleturen... - var at tre gonger stoppa folk eg kjenner og beklaga at dei ikkje kunne hjelpe meg med skyss på grunn av sykkelen... Og eg svara kvar gong at det gjekk fint fordi eg skal kome meg til Aursjøen på eiga kraft.


På veg gjennom Torbudalen.

Då er vi over i Molde kommune og Romsdal :)

Endeleg! Der framme er Aursjøhytta! Vel å merke starta vi seint, i seinaste laget, frå Sunndalsøra, men kor sliten ein blir av å vere på tur heile dagen... Og der låg Aursjøen med skodda som eit trolsk bakteppe. Gjett om eg jubla då eg kom fram!!!

Neste morgon rigga vi oss klare for å fortsette turen ned mot Eikesdal. Endå var det nokre høgdemeter til, for høgaste punktet ligg på rundt 950 meter over havet ute ved det punktet ein går ned mot Aurstaupet og den plassen som liknar på Preikestolen.




Høgaste punktet på turen er Brønnhø på 947 m.o.h.
Frå Brønnhøa kastar Aursjøvegen seg hemningslaust nedover Finnsetlia. Her gjeld det å passe godt på bremsane på sykkelen! Sidan eg ikkje veit akkurat om eg kan stole på den gamle sykkelen min, bremsar eg annan kvar gong, slik at ei bremse ville vel alltid virke. Det gjekk heldigvis bra heile vegen, vi traff nokre engelskmenn på motorsykkel å prate med, og tok og ein stopp etter å ha køyrt gjennom den artige Finnsetlitunnellen.
På Finnset vart det kaffistopp hos kjenningar, og der fekk vi fleire historier om kor vanskeleg Finnsetlia kan vere å køyre for store bubilar. Vi møtte heldigvis ingen på vår tur over fjellet. Så det kan jo vere greit å legge til at tur i august er nok mykje meir komfortabelt enn i ein ferietravel juli.
Turen gjekk fort nedover Eikesdalen og vidare utover Eikesdalsvatnet. Ingvild avslutta turen på parkeringa vår, for ho ville over til den vakraste feriestaden, mens eg måtte sykle heilt ut til Eidsvåg og rekke bussen der tilbake til Sunndalsøra. Vel å merke bytta eg til nysykkelen, så fekk gammalsykkelen stå parkert ved parkeringa vår nokre dagar.

Ingvild fann eit par femkløver, så det betyr vel mykje lykke.
Det gjekk verkeleg ikkje fort utover frå Eikesdalsvatnet til Eidsvåg. Frå Ingvild og eg sa "ha det", hadde eg 3 1/2 time på meg til bussen gjekk. 
I Buggestranda stoppa eg ved elva Gryta, den som er utbygd, og der greidde eg akkurat å slepe meg til elva og få nytt, friskt vatn på flaska. Det begynte å bli krise, for vatnet eg hadde, var tappa på Aursjøhytta...
Heldigvis brukte eg berre litt over halvtimen på den siste mila frå Bugge, så det var faktisk ikkje så dårleg fart når eg ser på det i ettertid... Og eg hadde trass alt nokre mil og høgdemeter i beina.
Men eg kom halsande inn døra til mamma i Eidsvåg, og ho måtte hjelpe meg å få av sykkelveskene, som heilt ærleg har ein håplaus festeordning. Men størrelsen på dei er bra.
Bussen rakk eg, og det var godt å kome heim og slappe fullstendig av!

MEN: Eit varsku her!

Eg har nokre tankar eg synest er viktig å formidle om denne turen: Sykkelturen langs Aursjøvegen er verneverdig! Men turen er under sterk trugsel. 
Og eg skjønnar at vi menneska må ta omsyn til dei trua villreinsdyra på Dovre. Men eg kan absolutt ikkje vere einig i at det betyr at ferdselen langs Aursjøvegen som ei åre skal opphøyre, slik nokon foreslår. Det ligg forslag om at vegen skal kappast av ved Torbuhalsen (grensa mellom Sunndal og Molde), og det betyr at det heller ikkje skal vere lov å sykle heile strekninga. Det er eg faktisk heilt i mot, og eg trur eg har mange med meg i akkurat dette. Visst må ein finne gode måtar å verne reinsdyra i fjellet, men allmenn ferdsel i fjellet er regulert i allemannsretten, og den gjeld og i Eikesdals- og Sunndalsfjella.

Supersliten syklist på Bugge! 50 minutt til bussen går.

Inn i fjellheimen i Sunndal

Ny tur og nye moglegheiter :) Datoen er 25. august, og eg køyrer til Jenstad ovanfor Gjøra og parkerer der for å dra sykkelen oppover fjellvegen mot Linndalen og mot Lundlia. Så oppover omtrent 300 hundre høgdemeter trillar eg sykkelen, og første stopp er lunsjpause på KNT-setra Gammelsetra. Der er det alltid så triveleg å ta lunsjpause ved det store bordet utanfor hytta.
Denne dagen har eg tenkt meg lenger innover dalen, for eg skal har lyst å sjå hytta Bjerckeroa, som eg har høyrt ein del om. Det er ei privateigd hytte som blei bygd av ferierande engelskmenn tidleg på 1900-talet. Det kjem meir om hytta i årsskriftet Leikvin som Sunndal Museumslag gir ut.
Planen er å ta sykkelen innover Linndalen til Dindalen neste sommar. Men denne dagen returnerer eg for å ta turen over den fine trebrua ved Linndøla før eg syklar ned til stikk ut-posten vved brua over Reppa, ikkje så langt frå Lundlia. Og så var det å trille eit godt stykke (150 høgdemeter) i oppoverbakke igjen.



Piken på broen... - altså dama på brua.

Kva vann eg på alle desse mila eg sykla?

Resten av hausten har eg forflytta meg mellom heime på Grøa og nede på Øra, og plutseleg bikka eg altså dei magiske 300 mila sykla no for ikkje lenge sidan. Etter å ha berre sykla 200-250 mil i 2023, var det godt å løfte syklinga eitt nivå opp. Og eg er klar til å gjere det neste år og.
Eg brukte overraskande berre ti månadar på det, det utgjer rundt ei mil for dag, så ikkje så all verda å skryte av faktisk. Men ekstra hyggeleg at eg greidde å følge opp same farta som eg hadde då eg bikka 200 mil.
Så litt om kva eg har oppnådd med å sykle så mykje.
Først og fremst ei mykje bedre helse. Eg kjenner eg har bedre form enn før, og eg trur at eg har sluppet unna ein del sjukleg grums på grunn av syklinga. På same måten som når ein går tur, er det knappast tid til å tenke tunge tankar når ein syklar, så det er verkeleg bra for den mentale tilstanden.
Eg har hatt mange fine naturopplevingar. Å sykle i mot fullmånen er noko av det finaste eg gjer, og månen har ei utruleg tiltrekkingskraft. Kvar gong eg syklar innover langs Eikesdalsvatnet blir eg ekstraordinært glad, men det gjer meg kjempeglad å trille sykkelen opp lange bakkar og (blir berre litt lei innimellom). Og så kjem eg overstrålande glad og opplagt på arbeid om morgonen når eg syklar - så det er ein sosial gevinst og, slik eg ser det.
Så har det jo gitt ein suveren miljøgevinst. Rundt 260 mil av dei 300 måtte eg ha tatt likevel om eg velte bilen - men eg velte sykkelen. Det er mykje spart eksosutslepp og mykje asfalt som ikkje blei slitt av bilen min.
Ikkje minst har det vore veldig bra for bilen å bli spart for desse mila. Eg har grovt rekna på at eg har spart langt over 10 000 kroner på å la han stå. Ein må vel rekne omtrentleg 20 kroner per mil, og då blir det over 5000 kroner. I tillegg måtte eg ha kjøpt nye sommardekk på bilen i løpet av dette året, men no er det utsett til dekkskiftinga til våren. Eg måtte vel og ha skifta olje ein gong i løpet av desse mila og hatt meir sørvis på bilen. Så pengane tikkar kvar gong bilen startast.
Sjølv om eg kjøpte ny sykkel (og selte ein annan) - og har lagt igjen pengar på sykkelsørvis - gjekk eg i godt overskot økonomisk, så det har vore eit godt bidrag til privatøkonomien og.
Mens eg syklar, tenker eg ofte på andre fine turar eg har lyst å gjere. Før, då Prins levde, gjekk eg jo omtrent alle turar med han. Etter ei stund kjente eg at det er ikkje alltid så motiverande for meg å gå turar åleine. Å bruke sykkelen har blitt ei fin erstatning, for når eg går der og trillar i oppoverbakkar eller rullar i nedoverbakkar, er eg ikkje åleine - for eg har jo sykkelen.





Og der var 300 mil passert! Er stolt av meg sjølv av den innsatsen!

Ingen kommentarer:

Etiketter