Totalt antall sidevisninger

fredag 29. november 2024

Turblogg: Del 2: På husmorsykkelferie i Todalen

Når eg vaknar etter ei litt uroleg natt på Todalshytta Lodge i Todalen, skin sola, og eg er klar til å finne ut kva Todalen kan gi meg av opplevingar. Hald deg fast: Her kjem omtrentleg 80 bilde frå ein fin dag og fin sykkeltur :)


Området rundt Todalshytta er nydeleg, og eg kan godt skjønne at Ethelbert Lort Phillips forelska seg i staden. Det er til stor glede for oss i det 21. århundret at han bygde denne hytta på slutten av 1800-talet. Og det berikar Todalen at denne flotte turisthytta ligg i bygda.



Her budde ikkje eg...
Ethelbert Lort Phillip og kona hans, Louise, dei som teikna og bygde hytta, har ein naturleg plass med si historie. Her er eit stort bilde av han og hunden. Det er forunderleg at ein mann frå Wales forelskar seg så ekstremt i indre Nordmøre at han bygger totalt fem store sportsvillaar, der fire av dei står enno, med praktisk plassering for å drive fiske og rekreasjon - og det for rundt 120-130 år sidan. To av desse villaane, Vangshaugen i Grødalen og Todalshytta, er turisthytter som drivast av Kristiansund og Nordmøre Turistforeining.




Arve Evensen er styrar på Todalshytta.




Todalshytta er ikkje berre ein lodge, sjølv om det gjennom somrane kjem mange fiskarar dit. Det er ei turisthytte, og er du medlem av ei turistforeining, får du rabatt på overnattinga. Det er sti over til Innerdalen derifrå, men om du kjem deg til Kårvatn øvst i bygda, har du fleire moglegheiter, både til Innerdalen, Storlidalen og Trollheimshytta.


Klar til avgang frå Todalshytta - klar for å sjå litt meir av bygda :)
Sykkelen er pakka og klar til avgang. 


Eg hadde eigentleg både ein draum og ein plan om å kunne sykle heilt opp til Kårvand og sjå meg rundt, men innsåg ganske fort at eg ikkje hadde tid. Returen ville nemleg ta mykje tid.
Det gode er jo at turen ligg der klar til å gjere om att - og då ha turisthytta på Kårvand som turmål.



Den første stikk ut-turen eg skal gjere denne dagen startar ved Todalen kyrkje frå 1861. Denne steinen er sett opp til minne om todalingar som kjempa for fedrelandet under 2. verdskrig.




Frå kyrkja går turen langs Toåa tursti, ein fin grusveg som er perfekt å sykle, og ikkje spesielt lang før ein nede ved elva kjem fram til ein flott gapahuk som er sett opp. Der kan ein grille, sole seg, fiske, slappe av, lese bøker. Med andre ord: Du treng ikkje ha det så travelt som eg hadde det. Vegen går vidare nedover langs elva til brua like ved sjøen.















Nede ved brua over ei blikkstille Toåa går turen over mot Todalsøra for å kikke litt der, før vegen går i retur mot ferga på Kvanne.



Så var det tid for å legge turen utover langs Todalsfjorden. Eg hadde eit par stikk ut-postar eg skulle stikke innom før eg måtte dra heim att. 
Bilde under her er frå utsida av butikken, og eg tok ein kort stopp på benken utanfor før eg sykla vidare.
Første stoppet mitt var Svinvikrunden, som er det som var vegen til og frå Todalen før tunnellen kom. Ganske utruleg at det køyrde bussar der i gamle dagar. Det er langt meir lettvint å trille sykkelen oppover bakkane for å nyte den fine utsikta utover fjorden mot Drøpping og Rykkjem.
Eg kan jo legge til at vegen eg sykla nede ved sjøen på tur innover til Todalen dagen før, også er ein del av denne turen.

Ved dette busskuret skal du ta oppover vegen for å komme på Svinvikrunden.






Også sykkelen likte å nyte utsikta... (hehe...)


Ho her er veldig fornøgd med turen og véret.

Ein gong i tida køyrte den lokale bussruta her...

Svinvik Gard, som er kjent for å ha eksklusiv og god mat.



Turen er ved vegs ende ved krysset ned mot Svinvik Gard og Svinvik Arboret. Når ein skal sykle på utsida av tunnellen, må ein ta til høgre ned den vegen du ser i bildet.
Men no skal vi ta oss ein liten tur innom arboretet, som har veldig mykje historisk botanikk og har kompetanse innanfor historisk botanikk, som til dømes rhododendronplanter frå 1800-talet. Sidan eg ikkje hadde all verdas tid, vart det eit kort besøk, men eg var sliten og svolta.






Tok meg tid til kaffi og litt bakst.



Så bars det vidare i retning Kvanne. Då eg sykla dagen før, la eg merke til ein veg eg kunne ta av gjennom skogen i retning Mulneset, som posten heiter. Men då eg sykla denne dagen, greide eg ikkje å legge merke til han - endå eg snudde for å leite meire...
Eg skulle tatt av på Åsbøen mot venstre, og det hadde gjort turen både lettare, kortare og finare gjennom skogen. Så enda på visa var at eg sykla til det som er turens offisielle start like ved idrettsplassen til Søya på Kvanne, og gjekk så det som er den offisielle stien. 
Det angra eg på, for han var ikkje noko fin. Gjørmate og dårleg - slike stiar er eg lite begeistra for.
Viss eg hadde tatt til venstre i krysset kor det er stikk ut-pil mot høgre, hadde eg trilla sykkelen oppover bakkane forbi ein gard og vidare opp lia på ein fin skogsveg. Det hadde vore mykje trivelegare. Men den vegen veit eg om no, for eg tok jo den nedover att.

Eg burde tatt oppover Søysetvegen her i retning garden Søyset.



Her startar den dårlege stien. Trøysta er at sluttpunktet er flott.


Like før eg kom fram til Mulneset, som du vil sjå har fin utsikt utover fjorden, oppdaga eg denne vegen som eg kunne gått. Men først må eg på Mulneset, utsiktspuntet du sannsynlegvis har lagt merke til frå ferga over fjorden eller frå ferjekaia.







Då eg starta på returen frå Mulneset, var eg iallfall sikker på at eg skulle ta den lettaste vegen ned att. Men då eg hadde gått eit kort stykke frå utsiktspunktet, oppdaga eg altså at vegen kunne tatt meg bortover i retning vegen mot Todalen. Seinare sjekka eg det opp på Stikk ut i Surnadals facebookside, så lysta til å teste ut dette på den neste turen til Todalen er stor. Eg må ta retning Bjønndulu for å komme ut på vegen på rett plass.




På veg nedover lia kom eg forbi garden Søyset. Der stod to hestar og nytte kvarandre sitt selskap. Vel nede i krysset nedanfor garden, var det ikkje langt å gå for å komme tilbake til sykkelen min, og ta resten av vegen ned til ferjeleiet på Kvanne.
Husmorsykkelferien min vart skikkeleg fin - og veldig mykje fordi det blei så fint vér denne dagen, og dermed fekk eg sett og opplevd veldig mykje. 
Det freistar absolutt å ta ny sykkeltur til Todalen, men då skal eg heilt opp i enden, og heller ha litt enklare standard på overnattinga. 
Om du fulgte meg heilt fram hit: Tusen takk for følget :)




Fergekaia på Kvanne.


Oppe der ligg Mulneset.

Lettvint å ta med sykkel på ferja :)

Ingen kommentarer:

Etiketter