Totalt antall sidevisninger

lørdag 30. mars 2024

Turblogg: Del 1: Husmorsykkelferietur til Todalen

Mot slutten av sommarferien kom eg til sans og samling, og tenkte med sjølve meg: No fortener eg å dra bort på husmorferie! Og slik vart det.

Ein telefon vart tatt til styraren på Todalshytta i Todalen for å høyre om det var ledig og ope, og så pakka eg med meg nokre klede. Endeleg skulle eg få prøve sykkelveskene som eg hadde fått kjøpt brukt.

Dette sykkelveskesettet fekk eg kjøpt veldig pent brukt av ei. På tide å ta det i bruk.

Eg og sykkelen fekk skyss uti Ålvundfjord, og frå der var det om å gjere å rekke ferga frå Rykkjem til Kvanne og trø dei par mila til Todalshytta. Ferga la inntil kaia på Rykkjem då eg kom, og då var det berre å nyte det midlertidige solskinnet og godvéret. Men det mørkna til...

                                

Kvanne fergekai.

Vérmeldinga var ikkje den aller beste for turen innover Todalsfjorden, og ganske riktig: Eg hadde ikkje sykla veldig langt frå fergeleiet før det begynte å regne. Då var det berre å stoppe ved første busstopp og få på meg regnkleda for å sykle vidare. 

Regnvéret heldt på omtrent til eg kom fram til Todalshytta. Derfor vart det tatt veldig få bilde av turen innover fjorden. Eg hadde fått tips av ho Møyfrid på ferga om å ta av ved skolen på Melhus og sykle nedover bakken der. Det var snarveg på veg mot Todalen, og eg sparte nok rundt tre kilometer på å ta den vegen.

Det kan vere rasjonelt å ta den smale grusate vegen ned bakken her.
I innlegget som omtalar returen frå Todalen vil eg fortelle om ein annan veg eg hadde lyst å teste ut, men av ymse årsakar ikkje fekk gjort. Det blir neste gong. Det finst nemleg ein annan (snar)veg ein kan ta.

Som nemnt tok eg ikkje mange bilde på tur innover fjorden. Men når ein kjem til Svinvika, kjem ein til ein tunnell, ikkje veldig lang, berre 1 km, så ein kan sykle gjennom han. Men viss turen og opplevinga er viktigast, er det mykje bedre å svinge av til høgre i retning sjøen, og sykle gammalvegen bortover. Det er ikkje kortare, men langt meir idyllisk. Gammalvegen er ein del av Svinvikrunden, som er ein populær Stikk ut-tur, og i innlegget som omtalar returen, skal eg fortelle om resten av Svinvikrunden. Absolutt vel verd å bruke tid på den.
Rakaneset, kor Todalsfjordprosjektet ein gong skal komme, på andre sida.

Todalen i sikte.


Turen starta klokka 17 frå fergeleiet. Klokka 18.30 kom eg til dette skiltet som fortalte at eg var komen fram til Todalen. Men enno hadde eg nokre kilometer igjen til Todalshytta Lodge, og rundt tjue minutt seinare kunne eg trille sykkelen inn på plassen til hytta som lort Philip bygde i 1901. Det er samme byggherren som på Philipshaugen i Øksendal (1899), Tredalsbakken på Sunndalsøra (1896) og Vangshaugen Turisthytte i Grødalen (1905). Ganske utruleg og interessant at ein engelskmann kan påverke byggeskikken så til dei grader på eit lite område som Sunndal og Todal. Men det er veldig stor glede for oss reisande at arbeidet hans har blitt tatt så godt vare på.

Endeleg framme på Todalshytta Lodge. Regnkleda er våte.
Eg sjekkar inn på lodgen - det er ein attraktiv plass for mange laksefiskarar å komme til - og betalar ein del pengar. Heldigvis er eg medlem av Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT), og får dermed litt rabatt på prisen. Hytta er nemleg eigd av KNT, men drifta gjerast av ein styrar, og prisen på losjementet og måltida settast etter det. Men: Husmorferie er husmorferie, så eg smilar fornøgd for at eg tok meg tid og råd å gjere denne turen :) Og trass alt var eg heller ikkje heilt gjennomblaut når eg kjem fram. 

Det viser seg at eg ikkje er heilt åleine, for ei som brukte sommaren på fotvandring i Trollheimen og Sunndalsfjella hadde søkt tilflukt på Todalshytta fordi véret ikkje var bra nok til å gå over fjellet til Innerdalen. 

Uansett: Eg vart tildelt rom nummer 1 - Fjøs POOL... Viss det var noko eg sakna når eg kom med blaute klede inn på rommet, så var det nokre hengarar å henge dei våte kleda på. Men det og ordna seg - det var heldigvis både ein stol og ei gardinstang på rommet. Det gjeld å gjere seg hjelpt. Så dette med manglande hengarar trakk ned min sluttkarakter på rommet dessverre.


Dette er omtrent heilt likt som på Phillipshaugen. Artig å sjå korleis
lort Phillips brukte om att teikningane frå Phillipshaugen. 
Menyen til restauranten til lodgen er omfattande - og Ethelbert lort-Phillips har fått påverka menynamna i stor grad. Restauranten, Kammerpike Edits spiseri, har fått namnet etter Lort Phillips kammerpike som han og kona hadde med frå England. Eg velte å spise Etheltberts ulendte viltlasagne, og den smakte veldig godt. Til dessert tok eg creme brulé, som og var god. 




Fint område inne å spise frukosten.
Sjølvsagt fins det mange bilde og informasjon om byggherren og historia til huset. Her er det eit bilde av lort Phillips og hunden hans. Som allereie nemnt har denne historia vore viktig i prosessen med å finne gode namn til dei ulike romma. 





Eg stakk nasen innom døra på dette rommet, som har ei fin utsikt ned mot sjøen. Det er vel ikkje til i undrast på at det var jo dette rommet eg burde ha lege på...



Neste dag skein sola frå mesta skyfri himmel, og etter frukost var det tid for å gjere meg klar til avgang. Men når eg er på Todalshytta Lodge for første gong, må eg ta ein ekstra kikk og nyte den fine staden.




                                                                                 
Arve Evensen er vertskap på Todalshytta Lodge, og i følge nettsida til hytta har han lang erfaring innanfor laksefiske. Besøk av laksefiskarar er nok ein av hovudpilarane av hytta si inntektskjelde, og det er lagt godt til rette for at fiskarar skal opphalde seg der ei stund.
Frå Todalshytta syklar eg glad og nøgd vidare, og kva eg opplevde på resten av sykkelturen, fortel eg i neste episode.
Lady Ingunn i sitt ess i morgonsola i Todalen :)

Ingen kommentarer:

Etiketter