Totalt antall sidevisninger

tirsdag 16. mars 2021

Eit bilde av han far og meg - eit halvt år etter pappa

I dag er det eit halvår sidan pappa døydde, og eg kjenner for å skrive nokre ord om papparolla. Og så kjem eg med ei lita hemmelegheit ein eller annan plass i teksten.


16. september somna pappa stille inn, og kanskje kom vel døden stille som ein venn til han. Han hadde ikkje fleire dagar igjen her på jorda, og i dag har eg lyst å stoppe opp litt ved det.

Vinteren har gått fort, og eg har ikkje hatt tid å sakne pappa så mykje, men no når det går mot vår og det kriblar i kroppen etter å komme meg til Hoemsetra, kjenner eg på saknet.
Det å kjenne på saknet etter Hoemsetra, trur eg i stor grad var noko familien hadde felles. Stort sett kom pappa seg alltid oppover minst ein tur om vinteren for å sjå til båt og hus, og snart skulle det vere tid for oss andre å dra oppover og. Slik har det ikkje vore denne vinteren. Vi har ikkje kome oss oppover langs Eikesdalsvegen, båten har ikkje hatt vårt tilsyn, men ganske nyleg fekk eg melding om at tre hjortar lever livets glade dagar på Hoemsetra :)
Kan du skjønne eg saknar heime, når Marit Solveig Finset sendte meg desse fine bilda ganske nyleg...?!




Overskrifta til dette blogginnlegget er henta frå ein song av Claudia Scott - "A Picture of My Dad and I". For nokre år sidan var ho med i "Hver gang vi møtes" på TV2, og eg trur eg oppdaga den songen då Tone Damli song han. Ei stund seinare var Claudia Scott og hadde konsert på kulturhuset på Sunndalsøra, og eg var der som journalist. Eg fortalte henne at eg likar songen veldig godt, og lurte samtidig på om eg kunne prøve å omsette han til nynorsk... Og det sa ho var greit.
No skjønnar eg at nokon stussar... Blant anna er eg ikkje spesielt flink i engelsk, men på den andre sida er eg veldig god i norsk. Men det er ikkje lett å greie å omsette naudrima frå engelsk til nynorsk - og noko heilt anna er det å tolke og oversette ein song og behalde elementa i historia. Eg har trass alt sett omtrent alle episodane av "Hver gang vi møtes", så eg har fått med meg det...
Eg har prøvd på det fleire gonger - hentar fram teksten til songen og prøver å finne ein god måte å fortelje historia på. Songen handlar om ein fisketur ho gjorde saman med far sin - og korleis "eg-personen" i teksten tenker tilbake på dette fine barndomsminnet.

Eg prøvar også å tenke tilbake på desse barndomsminna med pappa. Eg trur kanskje ikkje pappa var ein slik pappa som samla på minne saman med ungane sine - tida var for travel - det var så mange kvardagar med fjøs, fiske, vedarbeid, slåttonn, hjelpe andre med meir... 
På ein måte gjer kanskje ikkje det så mykje. Alle i familien var jo samla på Hoemsetra, så barndomsminna mine handlar om kvardagslivet. 
Meir trist blir eg når eg tenker at det knappast finst bilde av pappa og meg saman. Det er som oftast eg som fotograferer, og eg kom ikkje på at eg mangla eit bilde av pappa og meg. Siste dagen til pappa på Hoemsetra i fjor sommar, sørga eg for å ta bilde av han saman med naboane - men ingen tok bilde av han og meg.
Minna sitt ikkje nødvendigvis i bilda, men bilda er med på å friske opp minna. Eg har mange minne lagra berre fordi eg har dei på bilde, utan bilda er minna borte frå min indre harddisk.

Det siste bildet av pappa tok eg for å markere mamma og pappa sin 53 års bryllaupsdag.
Enno er heldigvis ikkje pappa borte frå min indre harddisk, og no når eg begynner å ha sjukdommen hans på avstand, er det minna om pappa som trer meir fram. Støtt og stadig høyrer eg ting han sa på sin sedvanlege måte, anten det var ein litt lettvint måte å svare på eller det var nokre gode råd. Likevel slit eg med å setje saman den songteksten til å bli ei personleg forteljing om pappa og meg som eg kan fortelje. Kanskje hadde det vore enklare om eg hadde eit bilde av oss som kunne fortelje? 

Etter å ha leita litt, fann eg eit par bilde frå ein fin fjelltur/utflukt Ingvild og eg hadde med mamma, pappa og broder Terje då Ingvild enno var så lita at ho kunne sitte i bæremeisen. 


Alltid godt å ha ei pappahand som stør deg <3

Pappa på sitt beste - på fest hos sine eigne i Brønnøysund - søster Liv med ryggen til.

Siste kvelden på Hoemsetra var olsokfeiringa sist sommar saman med gode venner.

Siste turen over Eikesdalsvatnet.

Pappa, broderen og eg er avbilda i boka Kraft i Nesset som kom i 2020.

Nokre PS heilt til slutt:
1. Viss du greier å komme med nokre gode idear om korleis eg skal skrive om songen, tar eg i mot dei :) Songen med Claudia Scott kan du høyre og lese her. 
2. Viss du har bilde av pappa og meg, blir eg veldig glad for å sjå/ få :)
3. No pågår "Krafttak mot kreft", og du må gjerne vere med å bidra med pengar som går til å forske meir på vanskelege kreftsjukdommar. Du kan til dømes støtte Ingvild og hennar sitt russekull gjennom denne sida (t.d vippse til 461051).

19. mars: Eit absolutt siste PS! Eg har endra bilde øvst i teksten: Heldigvis er det jo eit bilde av pappa og meg - eg måtte berre ha hjelp av mamma for å komme på det - og dette bildet er heilt unikt: Ein kreftsjuk og ei med (viste det seg seinare) broten fot avgarde på jaktoppskyting på Bugge :) Begge to greidde det, og for å seie det slik: Pappa var nok både imponert og stolt av meg, sjølv om han kanskje ikkje sa det så tydeleg. No er geværet hans mitt <3

Det blir snart stein til pappa og - men det er ikkje så lett når ein skal lage stein til seg sjølv samtidig -
 det har eg prøvd, så det veit eg.


1 kommentar:

Unknown sa...

mange gode minner fra hoemsetra, spesielt med Aril og Olsokk, husker også den siste Arildosaur på trappa, litt rart at han er borte nå, så altfor tidlig.

Etiketter