Totalt antall sidevisninger

søndag 26. april 2020

Endeleg tid for å gå i kyrkja igjen

Den koronatilstanden er ikkje så bra - han set ein stoppar for veldig mykje. Mellom anna gudstenestene. Men no kan du gå i kyrkja i Hov kyrkje på Sunndalsøra.

Endeleg kunne eg dra på gudsteneste igjen.
Sidan 12. mars har samfunnet vore mesta ute av drift. Det er ikkje mykje ein kan ha gjort i alle desse vekene etterpå - vekke var døgnrytma kor eg slo opp rundt kl 05.30 for å komme meg avgarde heimanifrå kl. 06.30 til jobb. Vekke var og alle fritidsaktivitetane - alle møta eg skal på. Og gudstenenestene eg prøver å dra til så ofte som mogleg.
Så kom organisten Ingebjørg Charlotte i Hov kyrkje på den geniale ideen om at kanskje ein kan ha gudstenester kor ein melder seg på. I samråd med smittevernlegen i kommunen vart det einigheit om at ein kan ha gudstenester med 25 menneske i kyrkjerommet - inkludert dei tilsette.
Først gjekk tilbodet til dei som kjem fast til kyrkja - ein fin handfull aldrande som ikkje er så bevandra i internettverda. Eg fann ut før helga at det skulle vere fint å gå i kyrkja igjen.

Alt er klart for den som vil komme i kyrkja.
Det er rart med det med å gå i kyrkja, trua på Gud og alt det her store som er vanskeleg å sette ord på. Etter å ha stått som medlem i Baptistsamfunnet sidan eg meldte overgang dit som 20-åring, gjekk eg tilbake til Den Norske Kyrkja då jenta mi skulle konfirmere seg for tre år sidan. Då hadde eg hatt eit avstandsforhold til alle gudshus ganske lenge. Gjekk omtrent ein gong i året, og det var på allehelgensdag første søndag i november for å minnast han som var borte.
Litt ironisk nok fekk eg ein telefon ein gong om eg ville stille til val på soknerådsvalet. Då måtte eg berre seie at det ikkje var aktuelt sidan eg ikkje var medlem. Men at det kunne vere aktuelt om eg meldte meg inn att.
Så kom tida for at dotter mi skulle starte konfirmasjonsførebuingane. Det første var at ho måtte melde seg inn i Den Norske Kyrkje for å kunne bli konfirmert. Då ho vart døypt i Kristiansund som baby, vart ho nemleg automatisk medlem der eg var medlem. Då bestemte eg meg for at det var dags for å melde overgang - eg synes det er ein fin verdi at heile familien står samla same plassen.
Når ein konfirmerer seg, må ein i kyrkja på ein del gudstenester, og jenta trong ein sjåfør. Nokre gudstenester vart det på oss, og eg kjende det gjorde godt for heile meg.

Så stoppa det opp då konfirmasjonen var ferdig, og eg var tilbake i det same sporet som før. Då det nærma seg tida for å sette i hop liste til soknerådsvalet, tilbydde eg mitt namn på lista. Av alle ting kom eg rett inn i soknerådet, og eg var ønska som ny leiar.
Men kva skulle eg gjere med det nye vervet og i det vervet?
Eg velte det mest nærliggande: Å begynne å gå oftare i kyrkja. Vise interesse for den organisasjonen eg er leiar for. Putte pengar i kollektskåla og gå til nattverd. Så enkelt og så vanskeleg.

Derfor var det ganske uhøveleg med stenginga av samfunnet, for eg kom ut av den gode søndagsrytma mi.
Men endeleg vart det tid for gudsteneste att. Og det er vel sjeldan ein kan seie at kyrkja er fullsett - men etter gjeldande standard var ho det. Av 25 menneske som var veldig glade for at vi endeleg kan møtast att i gudstenestefellesskap - med antibacdynka never og i god avstand til den ved sidan av. For å synge salmar, høyre bibeltekstane lest og høyre på preika.
I tala minte soknepresten om tidlegare epidemiar og pandemiar som har herja verda. Ein av dei var spanskesjuka, som tok fleire menneskeliv enn 1. og 2. verdskrig til saman. Presten ba oss hugse at også dei før oss hadde hatt tøffe tider. Det fekk meg til å tenke på at bestefar Franz hadde hatt to søstre, Inga og Anna, som begge døydde av spanskesjuka i rundt 1920. Vi visste ikkje av dei før eg begynte med slektsforskning og då fann namna deira og dødsårsaken i folketellingane og kyrkjebøkene.
Å avrunde gudstenesta med kyrkjekaffe i midtgangen med god plass mellom kvar av oss, var det som gjorde gudstenesteturen min til ei kinderegg. Det tredje elementet var nemleg sykkelturen til og frå kyrkja. Det er mesta 10 km kvar veg, og det var rett og slett vidunderleg å starte dagen med ein slik frisk sykkeltur.
Mens eg satt der i benkerada, tenkte eg at det var rett og slett ei stor glede å få komme tilbake til kyrkja igjen - ei så stor glede at eg ville fortelle om det her.

Så velsigna godt med Ingebjørg Charlotte og Helge Storset som tar ansvar for kyrkjefolket sitt.

På vegen heim måtte eg legge vegen om Hovslykkja kyrkjegard, kor du finn denne engelen.

Ingen kommentarer:

Etiketter