Totalt antall sidevisninger

torsdag 19. juli 2018

Turblogg: Det var (Børset)kjerringa si det!

Tidlegare i sommar var eg så heldig å få ta turen til Børsetkjerringa på Ålvundeid i Sunndal saman med venninna mi, Anisa. Her kan du sjå korleis den turen er :)

Utsikt mot Ålvundeidet, Sunndalsfjorden (t.v.) og Ålvundfjorden (t.h.) sett frå Børsetkjerringa.
Vi starta om føremiddagen ein litt grå laurdags morgon. Skodda låg delvis ned i fjella, men det var lovnad frå meteorologane om at det skulle bli bedring.
Turen startar frå parkeringsplassen til Børsetlia Alpinanlegg på Ålvundeidet, det er på ca 200 moh. Første del av stien går oppover slalombakken. 
Du kan lese nokså greit om turen på Stikk uts nettside.


Etter å ha gått eit lite stykke oppover bakken, kjem ein til eit kryss kor ein har eit par val. Du kan fortsette å gå rett oppover slalombakken eller gå til høgre og følgje ei anna rute. Vi bestemte oss for å fortsette opp Børsetlia.



Mot toppen av slalombakken begynner ein å få god utsikt mot Ålvundeidet og Sunndalsfjorden.

Du veit du er på rett tur når du kjem til toppen av bakken.

Ingen tvil om at mitt gode turfølge, Anisa, er ved godt mot :)
På toppen av Børsetlia - dit brukte vi omtrent ein time presis - fortsett stien på ein typisk fjellsti. Då har vi allereie komme oss opp på rundt 540 moh. Det vil seie at i høgdemeter har vi allereie komme over halvvegs - men det tyngste ligg fortsatt foran oss.
La det vere sagt med ein gong: Henrik Børset har gjort eit utmerka oppmerkingsarbeid på heile turen. Du veit alltid kor du skal gå hen. Dette er ein tur den ikkje alt for fjellvante kan gå åleine (men det er som oftast kjekkare å ha selskap!).

Sjølvsagt tar du til høgre - du skal jo på Børsetkjerringa. 

Utsikt mot Reinsetvatnet og Ålvundjorden.

Opp der skal vi! Men følg raud merking, så går det bra!
Etter kvart som vi kjem høgare og høgare opp, betalar utsikta seg. Her har eg skrudd inn kameraet på telefonen på panorama.




Då vi skjønte at vi skulle ganske bratt oppover, fann vi ut at vi trengte lunch for å kunne orke å gå resten. Då kunne vi nyte utsikta mot Reinsetvatnet og Ålvundfjorden. Så var det berre å sale på seg sekken att og ta fatt på dei neste høgdemetera.



Heilt ok lunchutsikt :)
Utsikt mot Kjerringvatnet og Vassnebba (t.v.) og Viromkjerringa (t.h.).
Oppover i litt ulendt terreng går det! Men vi nærmar oss toppen!


Toppen av Børsetkjerringa er nådd! For å klargjere det litt: Dette er ved den første toppen, kor Stikk ut-kassa står. Går du vidare bakover, kjem du til den høgaste toppen på Børsetkjerringa, som er på 1009 moh. Staden kor Stikk ut-postkassa står, ligg på ca 960 meter. Det er berre å ta seg nokre minutt til å nyte utsikta og skrive seg inn i boka. 

Ja, Anisa, dette er bra :)

Varden kor Stikk ut-postkassa står.

Ganske bra utsikt, ja!

Første topptur saman var ein suksess!

Panoramautsikt frå Sunndalsfjorden til venstre til Ålvundfjorden til høgre.
På Stikk ut-sida står det tre alternativ for å kome seg ned att. Det eine alternativet er å gå same veg tilbake. Sidan stien opp er noko kronglete, bratt og delvis ulendt, er ikkje det den kjekkaste vegen å ta. Det står og eit forslag om å gå attover mot Litjråket, som er eit lite vatn. Frå der kan ein gå vidare til Kjerringvatnet og ned heile Børsetlia att. 
Vi fulgte pila mot høgre på dette bildet, og valgte dermed å ta rundturen som står innteikna på Stikk ut-sida.


Denne postkassa har eg jo sett på mange bilde, og no fekk eg endeleg svaret på kor ho står. I den kassa har Ulvungen IL ei turbok ein kan signere i. Stikk ut-skiltinga er meint for dei som kjem opp til toppen denne vegen. For oss var det tid for å ta ei ny matpause - ein blir ganske svolten når ein går slike turar.
Dessutan var det tydeleg at veret var på tur å letne. Hadde vi visst at det skulle letne så kraftig som det gjorde, hadde denne turen vore finare å ta lengre ut på ettermiddagen i solskin. 





Denne delen av turen ligg på 955 moh.


Så starta vi på turen nedover. Første delen av stien var ganske bra, og etter det vi trudde var eit par hundre høgdemeter, men som vel berre var maks 150 høgdemeter, kom vi til eit kjempeflott utkikspunkt. Her var det flott å ta ein stopp for å fotografere. Og som ein ser: Veret var verkeleg på tur å letne.
Frå dette punktet må ein sjå seg verkeleg godt for dei neste høgdemetera nedover. Det er nemleg lett å komme bort frå stien om ein er uoppmerksam, og då hamnar ein på ein plass kor det er veldig vanskeleg å komme seg vidare nedover. Så mi oppfordring er: FØLG DEN RAUDE MERKINGA NØYE! Og kjem du bort frå merkinga, er det best å gå tilbake den vegen du kom til du finn att den raude merkinga.



I dette området er det lett å miste dei raude merka. Ver oppmerksam!

Her ser ein området ein har tilbakelagt, og det er ulendt terreng.
Då vi hadde komme oss ned frå det vanskelege partiet, var vi komne til Kjerringlosjen, som ligg på 770 moh. Det var der vi fann ut at lengre oppe hadde vi ikkje gått 200 høgdemeter sjølv om det verka slik. 



Børsetsetra ligg øvst på eit område som tydelegvis ein gong vart dyrka.


Her ser ein ganske godt distansa ein har tilbakelagt.

Børsetsetra 470 moh.

Skilting frå Børsetsetra og vidare oppover lia.
Etter å ha gått eit stykke til på ein skogsveg, kom vi til ei skilting som viste vegen mot Børsetlia og parkeringa. For oss som hadde bilen der, var det praktisk å ta den vegen. Då fortsett du vidare gjennom skogen i retning slalombakken. Som ein ser på dei kommande bilda, dukkar det opp ein del skilt på vegen som viser kor du skal gå.








Gjennom skogen går det.

Etter ei stund kjem du ut i Børsetlia ved det skiltet du passerte på vegen oppover. Då veit du at turen er snart slutt! 

Då vi kom ned slutten av slalombakken, låg han bada i sol.

Yes, der oppe var vi! Ein flott tur var slutt!

Ingen kommentarer:

Etiketter