Totalt antall sidevisninger

mandag 15. oktober 2018

Turblogg: Hausten i Sunndal

Hausten i Sunndal har vore over evne vakker i år! Søndag 14. oktober - første vinterdag - vart det mesta 25 grader og full snøsmelting i fjellet. Eg tok ein runde rundt på Grøa.

Fossen Vinnu sett frå garden Leangen på motsatt side av Driva.
I går var ein slik dag eg kunne tenke at å bu i eit rike av fossar er ekte magi! Håpar du får litt inntrykk av det i desse bilda.
Eg har vel sjeldan sett fossen Vinnu så vill og flott som i går. Ut over dagen vaks fossen seg større og større. Bildet under her er tatt i 11-tida om føremiddagen.


Det tok litt tid før eg hadde tid til å komme meg ut på tur - det hadde faktisk begynt å regne, og skodda seig sakte på. 
Der stien opp til Vinnu startar, var det flaum, men heldigvis ikkje verre enn at det gjekk an å gå forbi. Så då vart det ein superrask tur opp til det nedste fallet ved fossen, der Stikk ut-postkassa er, tok nokre raske bilde før eg mesta spurta ned att.


Under det nedste fallet ved Vinnu - rett ved turpostkassa.

Ville Vinnu!
Skorga er naboelv til både Vinnu og meg sjølv. Eg har flott utsikt til elva frå soveromsvindauget. I helga var den eit prektig syn. Dette bildet er vel å merke tatt laurdag - søndag var ho endå større.



Eg har vel knappast sett det vere noko særleg til vatn i elva til høgre. Litt er det, for eg hugsar at eg drakk der langt oppe i lia på veg til/ frå Litlkalkinn, men søndag var det meir vatn enn normalt. Sidan dalen heiter Litlhareimdalen, kan det hende elva heiter Litlhareima? Nokon som veit?

Hareima til venstre og "Litlhareima" til høgre.
Siste stopp på turen min gjekk til elva Grøa, som kjem ned Grødalen. Eigentleg er elva regulert, men søndag gjekk ho langt utover si normale breidde. Det var flott å sjå, og ho buldra godt på veg nedover mot Driva, som ho møter lenger ned i bygda.




Bildet tatt på brua over frå gartneriet til eine Grødal-garden.


Ingen kommentarer:

Etiketter