Totalt antall sidevisninger

mandag 11. mai 2020

Turblogg: Ei vinterleg vårvandring

Dei siste par dagane har veret lagt seg mykje i nordvestleg retning... Og då kom det...snø... Derfor tok eg meg ein tur ut i kveld og fotograferte. Kom mai, du skjønne, milde...

Skorga sett frå den eine Torske-garden.


Eg har ei rute her i bygda eg likar godt å gå, og det er heimefrå mot skulen og inn i skogen gjennom gravfeltet med graver frå bronsealderen, over elva Skorga og bort og opp til Philipshagen, hagen som er att etter Lort Philip. Om gravfeltet kan ein lese litt meir her. Det første eg støter på etter gravfeltet, er kverna ved Skorga.

Kverna ved Skorga.
Skorga renn ut i Driva like nedanfor kvernhuset. Av og til ligg det stokkender og duppar der, men no er det ei stund sidan eg har sett dei. I bokstaveleg forstand går stien vidare over stokk og stein og opp ein kort bakke til Philipshagen.
Eg googla Philipshagen, og her er ei rekke av fine bilete frå Instagram som viser hagen i sin vakraste skrud rundt midtsommars. Ethelbert Lort Philip sette verkeleg sitt preg på Sunndal med sin heilt eigenarta byggekunst. Han hadde eit hus der Philipshagen ligg, Vangshaugen i Grødalen har han bygd, Tredalsbakken på Sunndalsøra og Philipshaugen i Øksendal, og i tillegg også Todalshytta i Todalen i Surnadal. Han var ein drivkraft for oppstarten av lakseturisme i Sunndal på slutten av 1800-talet. I denne teksten frå Digitalt Museum kan du lese meir om Philipshagen.
Den ein gong vakre hagen har blitt vanstelt gjennom åra, og i dag er det kommunen som eig han. No er planen å lage ei venneforeining som skal bidra til å få inn pengar for å sette han i stand slik han ein gong var i fordums prakt.
Dei første rododendroane har allereie begynt å blomstre frå seg, men om ikkje lenge står heile hagen i full blomstring når dei neste rododendronslaga står for tur. Det kan vere verd å få med seg!



Ved sidan av Philipshagen ligg det som var Lady Arbuthnotts hus, Elverhøi. Det er i dag i familien Bridgeman som eig denne eigendomen. Tidlegare eigde og han Philipshagen, men overgav hagen i gåve til kommunen i 2012. I denne artikkelen frå Digitalt Museum og i denne artikkelen frå Digitalt Museum kan du lese meir om korleis lakseeventyret kom til Elverhøi og Sunndal. Lakselordar og rikmannsfolk frå Skottland og England henta Sunndal inn i verda. Vil du vite meir, finn du og fleire artiklar om dette på Digitalt Museum.


Philipshagen
Rett over vegen for Elverhøi ligg Leikvin, som er museet i Sunndal. Sunndal Bygdemuseum er ein del av Nordmøre Museum. Her er det mange bygningar, og dei eldste er frå 1600-talet. Viss ein vil ha meir innsikt i sunndalshistoria, og spesielt lakselordhistoria, er Leikvin ein flott stad å stoppe innom. Museumsstyrar Jarle Stavik har ein flott blogg kor han samlar artiklar om Sunndals historie, og her kan du lese om den gamle Oppdølslåven som har ein inskripsjon frå 1639.
Snøen låg som eit lett teppe over Leikvin om kvelden 11. mai.
Løa i bakgrunnen er, så langt eg hugsar, den eldste bygninga på museet. Holtstuo kan du lese om her.
I 2013 fortalte eg i bloggen her om ein liknande rundtur, kor eg viste fram fine vårbilde. Der omtalte eg blant anna flyttinga av Flåstua som skulle skje seinare det året. Den skal vere Nordmøres eldste bygning, og her kan du lese ein artikkel på NRK om ho.

Flåstua til venstre, smia til høgre.
Neste stopp på runden var Løykja kyrkjegard. I kveld var det ikkje først og fremst for å sjå til gravene til mine eigne, men for å ta nokre bilde av kontrasten grøn skog og kvit snø.
På kyrkjegarden ligg mellom anna Lady Barbara Arbuthnott begravd med sine næraste rundt seg. Kyrkjegarden ligg på ei mark kor det er gjort mange funn frå heilt tilbake til romartida.
No er det Hov kirke på Sunndalsøra som er hovedkyrkje for sognet; det har ho vore i meir enn 300 år. Før det var det ei kyrkje på Løykja som var hovedkyrkja. Jarle Stavik har skrive meir om kyrkja og kyrkjegarden i dette blogginnlegget. Vil du vite endå meir om utgravingane som er gjort, kan du lese denne rapporten frå NTNU.





På heimveg tar eg ein liten kikk på utsikta ned dalen - mellomsnøbygene...den 11. mai!

Ingen kommentarer:

Etiketter