Totalt antall sidevisninger

lørdag 6. april 2013

Ein tur rundt på historiske stigar!

Fredag var Prins og eg rundt på historiske stigar her på Grøa og gjekk tur! Eg tenkte å invitere deg med på tur her :)



Våren har ikkje akkurat kommen langt her på Grøa! Snøen ligg fortsatt på dei fleste åkrane, og kuldegrader gjer at iallfall eg dreg vinterjakka godt i rundt meg! Trøysta er at det heilt sør i Europa er berre 13-15 grader (Malaga) -  og så tenkjer eg med skadefro på då vi var på middelhavscruise for nøyaktig to år sidan, og det var stort sett rundt 20 grader alle plassane vi var!


Sunndal Bygdemuseum og Leikvin Kulturminnepark på Grøa er eit kjempeflott område med mykje historie - og med mykje hjarterom! Det er ikkje vanskeleg å trivast på Leikvin! Her ser eg fram til mange trivelege kaffelag til sommaren - og ikkje minst til julemarked siste sundag før jul! Det var ein svært positiv nyskaping no sist år!



Leikvinstøgu (sist sett på framsida av boka "Finn spor fra fortida" av John Roald Pettersen) er den opprinnelege stova - eller støgu som det heite på sunndalsk - som mellom anna Barbara Arbuthnott var eigar av. I følgje Nordmøre Museum sine nettsider, vart denne stova sett opp i 1823, så ho nærmar seg 200 år gammal! Det blir likevel rekna som sannsynleg at delar av stova har vore oppført lengje før 1823, men at ho blei flytta til Leikvin, kor det korkje var ras- eller flomfare!











I Aura Avis i dag (6.april) har museumsstyrar Jarle Stavik fortalt historia om kornlåven frå Opdøl. Det er den nesteldste bygninga i Sunndal - datert til 1639! Låven kom til Leikvin på slutten av 1970-talet.




Kapellet på Leikvin vart sett opp av Mrs Cochran, truleg i løpet av 1890-talet, som på grunn av si anglikanske tru ikkje kunne vere saman med dei sunndalske lutheranarane. Kapellet er bygd saman med Leikvinstøgu med ein svalgang i andre etasje. Kapellet er vigsla til å kunne ha både barnedåpar og vigslar.



Phillipshagen - eineståande i sitt slag! Hagen, som vart laga på slutten av 1800-talet, er oppkalt etter Ethelbert Lort-Philips, som har satt varige spor etter seg i Sunndal. Forutan hagen som han har gitt namn, er det fleire bygningar som han fekk sett opp - Vangshaugen i Grødalen, Tredalsbakken og Philipshaugen i Øksendal. Sist, men ikkje minst, har han bidratt med ei botanisk boksamling som no er i Sunndal kommune sitt eige!
I Philliphagen fins det mellom anna ein rhododendronart som er eineståande i Noreg.
På slutten av 1800-talet fekk Lort-Philips sett opp ein fritidsbustad til seg her i dette området - den heitte Hvilestedet. I 1906 brann denne stova ned til grunnen, og i dag er det mesta uråd å finne restar att etter dette huset. Brannen førte til, i følgje ein artikkel av Kari Schøyen i årsskriftet Leikvin 2011, til at Lort-Philip aldri vende tilbake til eigendommen etter dette, og hagen begynte å vekse att. Under 2. verdskrig vart eigendommen brukt til å oppbevare kanonar og den slags!
Heldigvis har entusiastar tatt vare på Philiphagen sin eigenart, og gjort den til ei perle i den sunndalske natur!




I følgje Nordmøre Museum sine nettsider er det i dag rundt 40 ulike busker og tre i hagen. Fleire av dei er sjeldne, som til dømes himalayaeiner og bambus!






På veg ned bakken frå Philiphagen kjem ein ned mot Driva.
Fredag ville sola gjerne hjelpe til med å smelte snøen!



Driva med utsikt mot Åsbrona!




Eit gammalt kvennhus ved sida av elva Skorga.




Kvennhuset med gapahukområdet til skulen i bakgrunnen.



Like ved kvennhuset er det eit område med fleire svært gamle gravhaugar. Arkeologar trur desse gravene vart tilreidd på området i perioden mellom 300-talet og 900-talet! Gravfeltet på Løykja er det største i sitt slag på Nordmøre.












Vi er heldige som har ein slik kulturminnepark her på Grøa med så lange historiske røter! Det er viktig at vi tar vare på den! Den beste måten å gjere det på er å bruke Leikvin aktivt! Still opp på dugnad i Philiphagen i slutten av april, delta på vikingmarkedet i mai (anten som gjest eller som frivillig), onsdagstreffa sommarstid, og på Alfheimbasaren i august! Bli medlem av Sunndal Museumslag - det koster berre rundt 300 kr i året! Og ikkje minst: Gi tippeandelen din til Sunndal Museumslag! No er det nok sikkert ikkje lenge til det har komme inn nok pengar til å bringe Flåstua til gards og - og då kan Nordmøres eldste bygning komme "heim" utpå hausten! Det gler eg meg til!

Ingen kommentarer:

Etiketter