Totalt antall sidevisninger

lørdag 9. mai 2020

Turblogg: Ettermiddagste ved Seljebøvatnet

Eg har vore til Seljebøvatnet tidlegare - har til og med spist frukost der på veg til arbeid. Men eg trong ei påminning om kor vakkert det er der :) Mesta eventyrleg!


Seljebøvatnet i Ålvundfjord er stort sett kvart år ein stikk ut-post. Men det er ikkje kvart år eg kjem meg dit likevel. Men i år arbeider eg ganske hardt for å finne tilbake til den gode, gamle turforma mi, og då er dette ein fin plass å starte. Og så fekk eg veldig godt turselskap av Anisa - mi gode turvenninne. Vi har vore på fleire turar saman, og no gler vi oss over å finne turforma saman.
Det meste du treng å vite om turen, kan du lese på stikk ut-sida, men du køyrer utover riksveg 70 mot Kristiansund frå Ålvundfossen (om du kjem frå Sunndal/ Surnadal). På veg nedover ein lang bakke, kjem du til ei 60-sone. Like før der er det ein veg inn til venstre. Når du køyrer den eit par hundre meter, kjem du til parkeringa. Det er litt dårleg skilta. Så er det berre å parkere bilen og starte på den fine turen oppover mot Seljebøvatnet.



Når ein går oppover mot vatnet, har ein Stortuva i bakgrunnen - den er og stikk ut-post.

Ein benk å kvile på er det og på veg oppover. Anisa kviler til ære for fotografen.
Denne vegen oppover er ikkje veldig gammal. Om eg ikkje tar feil, vart han jo laga for å frakte ut tømmer frå skogen. I utgangspunktet er jo ein brei grusveg litt stussleg, men ein er jo i naturen, så det er fint å gå. Og det er ein ekstremt populær tur å gå - vi møtte mykje folk som var ute. Den er jo ikkje spesielt lang, turen, og sjølvsagt treng ein ikkje å sette seg ned når ein kjem fram.
For å forskjønne naturen undervegs, har det blitt måla steiner og plassert ut på stubbar på vegen oppover - veldig koseleg.



Det er lett å finne vegen oppover, for han er godt merka. Tar du til venstre,
kjem du til eit anna lite vatn som ligg bortanfor Seljebøvatnet.
Her tenker eg at det er på sin plass å fortelje om første gongen Anisa og eg skulle til Seljebøvatnet. Det var faktisk den første gongen vi gjekk på tur saman, og det vart dagen for villfaring... Eg hugsar ikkje året, men truleg 2015, og det var ikkje, så langt eg hugsar, så fin veg oppover dit då. Villfaringa starta allereie rett etter parkeringa, fordi vi tok opp ein veg som går til høgre. No har åra gått, og minnet er litt vagare, men iallfall hamna vi rett ut i eit myrlendt terreng, og vi greide ikkje å finne Seljebøvatnet. Løysinga vart at eg ringte ein av våre politikarvenner i bygda, og han prøvde så godt han kunne å forklare. Vi begynte å gå nedover, og endte opp heilt nede ved avkøyringa til campingplassen, så vi var verkeleg ute på villtur...! Og ikkje minst klissvåte på beina. Vi flirer godt av denne historia enno :) Omtrent akkurat det samme skjedde då vi skulle til Myravatnet den same dagen, men den fann vi.

Utsikt mot Smisetnebba og Flånebba - også to stikk ut-postar.
Endeleg framme ved Seljebøvatnet :)
Etter ein halvtime - tre kvarter er vi framme oppe ved den flotte gapahuken som har blitt sett opp ved vatnet. Her er det ordna til slik at ein kan grille og sitte tørt og godt når ein spis. Det er gratis ved inne i gapahuken ein kan bruke. 
I Seljebøvatnet er det fint å bade, og det skal og vere småfisk der. Litt lengre borte fra gapauken er det ein plass ein kan vere om ein vil ha det litt meir fredeleg.
Anisa og eg hadde tatt sikte på å ha med te og ha tepause for riktig å nyte ettermiddagen. Fotografering høyrer sjølvsagt med - og heldigvis kom det ein høveleg kar vi kunne gripe fatt i for å fotografere oss. Det endte med at vi inviterte han på teselskapet vårt :)



Gapahuken sett nedanfrå.

Skeia ut med ein sjølvie for ein gongs skuld :)


Prins er alltid lykkeleg for å få vere med på tur :) Han er mest som ein liten kjendis blitt :)

Eg er verkeleg takksam for det gode turfellesskapet Anisa og eg har i kvarandre <3

Stort bord og benke å sitte ved inne i gapahuken. Kjempeflott område for å ha triveleg lag med fleire :)

Så er det tid for å ta vegen tilbake - og heller komme att ein annan gong :)

1 kommentar:

pathaniafackler sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

Etiketter