For å seie det med ein gong:
dette handlar ikkje berre om meg. Dette skriv eg for alle mine medsystre og
medbrødre på Nordmøre som går med den stadige angsten.
Dette skriv eg for kreftpasientar på Smøla, i Aure, Halsa og Surnadal.
Alle oss som har lang veg til sjukehuset i Ålesund.
Måndag denne veka kom nemleg meldinga om at det nye sjukehuset på
Hjelset ikkje skal tilby nokon form for kreftbehandling. Iallfall ikkje
brystkreft og føflekkreft. I ein artikkel på Tidens Kravs nettside (lenke nedst i artikkelen) vil det
ikkje, i følgje to av legane ved Molde sjukehus, bli mulegheit til å få utført
kirurgiske behandling ved det nye sjukehuset. Dette vil gjelde «både utredning,
behandling og kontroller», i følgje legane Dahl og Torjussen. Årsaka er at behandlinga
av desse sjukdommane skal sentraliserast til storsjukehusa i Ålesund og
Trondheim.
Det er ganske mange på Nordmøre som ikkje soknar til Trondheim, og som
derfor må gjennom omfattande søknadsprosess for å få behandlinga si der. Det er
ikkje ein sjølvfølge om ein kjem frå Smøla, Aure, Surnadal eller Halsa at ein
kjem til det sjukehuset som ligg nærast for å få behandlinga.
Då eg las denne artikkelen, kjente eg at eg var meir redd og skremt enn
sint. For kva skal det bli med meg om eg blir sjuk att?
Korleis blir det når ein skal reise minst tre timar kvar veg, og endå
meir for dei som har to ferger, for å få tre-fire timars polioklinisk
behandling for sin kreftsjukdom? Eg tenker på dei som skal ha cellegift. Ein er
ikkje alltid like pigg etter desse behandlingane. Vil det gi rett til drosje
for oss nordmøringar som må til Åse sjukehus for å gjennomføre det? Eller må vi
ta buss om vi ikkje har nokon som kan køyre med oss?
Det er trass alt ikkje alle som har nokon som kan setje av ein heil dag
til å følgje på sjukehusturen. Om ein er aleineforelder slik som eg, trengs
kanskje nokon heime for å ta seg av ungane når mor er borte på behandling.
Dagen ein må starte heimefrå grytidleg morgon for å rekke fram til å
starte cellegiftbehandlinga i rimeleg tid, blir fort lang om ein ikkje kan dra
heim straks behandlinga er ferdig. Kanskje skjer det med andre det som skjedde
med meg. At det blir komplikasjonar under behandlinga. Det kan bli sein kveld
før ein er heime att på Nordmøre.
Eller gir det rett til
overnatting på sjukehotellet? Uansett vil det bli både dyrt og tidkrevjande, og
eg tenker med skrekk og gru på alle dei sjuke pasientane som skal bruke timevis
på å komme seg til behandling.
Så tenker eg på alle oss
som drar på årlege eller månadlege undersøkingar for å sjekke om helsa er
fortsatt ok. Tenke seg om ein skal dra frå Smøla eller Aure til Ålesund for å gjennomføre
ein kontroll som tek maksimum ein time.
Eg er stygt redd for at dette ikkje vil vere til særleg god lekedom for
dei mange sjuke pasientane. Kanskje tenker Helse Midt at det jo er berre rundt
80 nye pasientar i året som kjem til behandling i Molde. Men sanneleg: Dei 80
pasientane er menneske dei og, og dei har rett på ei forsvarleg behandling. Ei
lang reise i forkant og etterkant er ikkje til det beste for sjuke pasientar
som ligg nede slik det allereie er.
Eg vonar Helse Midt tenker seg om både to og tre gonger før dei vedtar
at det nye sjukehuset på Hjelset ikkje skal ha alle dei viktige behandlande
avdelingane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar