Totalt antall sidevisninger

søndag 5. juni 2016

Turblogg: Eg fortel dette kun for EIN grunn!

"Undrer meg på hva jeg faar at se -over de høie fielle..." :)

Då har eg (endeleg) vore på Eidsvågfjellet for første gong. I kveld gjekk eg opp på Grønfjellet/ Skåla - ein tur som eigentleg er heilt ordinær!

Ja, det er heilt sant! Eigentleg er turen opp til Skåla, som dei fleste i bygda seier, er ein ganske enkel tur - ikkje er løypa vanskeleg, ikkje er ho lang, og ikkje opplever du spesielt mykje.
Turen har startpunkt ved bomvegen oppe på Øvre veg i Eidsvåg. Der har ein to alternativ: Anten å starte å gå frå parkeringa ved bommen, eller betale 50 kr og køyre opp til den øvste parkeringa. Då sparar ein seg for truleg ein times gåing totalt, så om ein har litt knapt med tid, slik som eg, så kan det vere greit å betale den femtilappen.

Løypa oppover er ganske grei. Ikkje mykje blaut heller, så lette tursko er suverent på turen. Turen er merka blått, og er ein mellomting av lett og tung - nokre parti er litt tunge, men eit langt stykke går det så slakt oppover, at ein ikkje merkar at ein stig i høgda. Toppunktet på turen ligg på 678 moh, men sidan parkeringa på bomvegen ligg forholdsvis høgt, sparar ein nokre høgdemeter - tippar startpunktet då er på rundt 300-350 moh. Eg brukte 45 minutt opp - då gjekk eg passe hardt, og hadde ingen pauser på oppovertur. Nedover att gjekk eg på rundt halvtimen - men då brukte eg litt tid på å fotografere.

Så var det det med det spesielle med turen då... Det er omtrent ingen ting spesielt med turen - heilt til ein kjem opp!

Når du kjem opp, breier landskapet seg ut i alle retningar! Her i retning Sunndal.
Då utvidar landskapet seg i all sin fylde, og du ser milevidt omkring i alle retningar! Eg pleier ofte å seie, mest på spøk, men og med alvor: Uansett kor eg er i verden, vis meg kortaste vegen heim! Og når ein kjem på toppen av Skåla, er det ikkje tvil om kva som er kortaste vegen heim.

Og derfor må eg berre vise fram nokre bilde frå turen i kveld. Det er så fantastisk å komme opp og sjå seg så vidt omkring. Eg hadde litt lite klede, og til trass for sola, var den kalde snoen ganske påtrengande. Det gjorde at eg forsvann nedover fjellet ganske fort då eg var ferdig å fotografere på toppen.
På nedovertur la eg merke til ein viktig ting som eg vil gi ekstra skryt for til dei som har ansvaret for løypa (det er vel Eidsvåg IL?): Merkinga av løypa er framifrå, og i tillegg er det merka med refleks på stolpane for dei som vil gå med hovudlykt i mørket. Dette synes eg var ekstra bra!

Konklusjonen min er: Denne turen vil eg anbefale på det sterkaste! Det er verkeleg ein av dei flottaste eg har vore på!

I retning mot Tingvoll.

Verdens beste turkamerat, Prins, var sjølvsagt med på turen.
Her ser ein i retning Molde.

Kommentar overflødig :)


Uansett kor eg er i verda, vis meg kortaste vegen heim :)


Ingen kommentarer:

Etiketter