Totalt antall sidevisninger

onsdag 15. juni 2016

Turblogg: Turdag og turglede i Julsundmarka :)



Fotografert på Gammelsetra.
I går, tysdag, var eg på stikk ut-tur i Julsundmarka. Og med handa på hjartet: Eg kjente verkeleg på at turgleda kjem innanfrå.
Redigert 22.september 2017 etter ein fin hausttur i Julsundmarka med fleire bilde.

Sett frå Gammelsetra i september.
Det var ein vakker dag, mild vind og mykje sol, og eg hadde tenkt eg skulle gjere nokre stikk ut-turar før eg drog vidare på det møtet eg skulle på. Det er lurt å planlegge stikk ut-turar i forbindelse med andre gjeremål.
Dette innlegget handlar om turane eg gjorde i Julsundmarka, som ligg på fastlandsdelen av Aukra kommune. Akkurat i dette området ligg det fleire postar nokså tett, så det er rimeleg effektivt å kunne samle fire-fem postar på nokre få timars rundtur. Fordi eg synes det er veldig praktisk, er det det eg vil fokusere på.

Eg parkerte ved gamleskulen i Julsundet, slik det står på stikk ut-nettsida (om turen til Fangholsetra kan du lese her). Frå der ruta startar, kan ein gå først til Gammelsetra, så vidare anten mot Storklauva, Eidskremheia og Rishaltheia (i Molde), eller ein kan legge vegen forbi Svartnakken, og så gå opp Storklauvstien til Storklauva. Det er fritt val, og eg trur eg synes det var greit å gå opp Storklauvstien i staden for å gå han ned.

God skilting opp frå Hola, som det heiter der.












Ved starten står det ein stor informasjonsplakat om turmulegheitene i området. Frå der går det ganske rett oppover på ein grusveg, og den første posten eg kom til, var Gammelsetra. Då hadde eg gjort eit val om kva veg eg ville gå, og eg valte venstre. Gammelsetra er eit flott utkikspunkt på ca 153 meters høgdemeter, og har utsikt til både Molde, Vestnes, Midsund og Aukra.

Så var det dette med å leite etter kortaste vegen heim :)



Frå der gjekk eg vidare på stien som ein ser godt. Stien gjekk litt opp og litt ned, over stein og berg og med mange lette parti. Sidan det var berre den stien eg kunne velje, rekna eg med at eg var på rett veg. Etter ei stund, vanskeleg å seie kor lenge, kom eg til ein kryssande veg som skilta stikk ut mot venstre. Hadde eg tatt mot høgre, hadde eg hamna på Fangholsetra, men nokre damer eg møtte sa eg måtte ta til venstre for å komme til Storklauva - og åtvara meg om den bratte bakken. Jau, den går oppover, men ikkje verre enn at ein treng sopass bakketrening.



Då eg kom opp på Storklauva, fekk eg endå betre utsikt utover - også mot Fræna. Storklauva ligg på 312 moh. Frå der kunne eg sjå randen av havet som gjekk som ein boge i den ytterste ytterkanten. For eit innlandsmenneske som meg er det alltid fascinerande å komme nærmare havet. Hadde eg kunne velt, hadde eg naturleg nok ville vore der ved solnedgang langt utpå kvelden for å sjå dei flotte fargane det gir.


Flott utsikt i mange retningar frå Storklauva.

Utsikt mot Bjørnsund i bakgrunnen for Gossen.

Veldig kjekt å vere på venninnetur :)
På Storklauva hadde eg begynt å få litt tidsnaud, så eg skunda meg vidare. Etter ei lita stund kom eg fram til det som eg ser på som det mesta flottaste med heile turen, nemleg Fangholsetra. For ei perle! Der var det bålpanne og eit solid bord, slik at ein kan ha ein lang og god matpause der, om det er behov. Eit utmerka turmål i seg sjølv.

Fangholsetra :)


Endå ein gong låg Fangholdsetra der som ei perle - ein skatt i skogen.

Venninnelunsj på Fangholsetra i godver og t-skjortetemperatur blir ikkje feil!
Redigert 22.september 2017:
Denne gongen gjekk vegen rett opp til Fangholsetra. Verken Gammelsetra eller Storklauva er stikk ut-postar i 2017, men det er Fangholsetra. Derfor tok eg med venninna mi, Sissel, dit for å ha piknik i det fri. Og Fangholsetra leverte 100 %!
Etter lunsjen tok vi ein svipptur til Storklauva for å nyte utsikta før vi skilte våre vegar. Eg ville nemleg nyte dagen ute i Julsundmarka. I motsetning til i fjor, kor eg måtte gå nedover igjen, tok eg denne gongen retning mot Eidskremheia. Derfor kjem bilda frå Eidskremheia her. Eg gjekk her med ei venninne i fjor sommar, men då starta vi på Eidskrem, som er nokre kilometer nærmare Molde.

Etter å gått eit lite stykke, kjem ein til eit vegval. Eg fulgde sjølvsagt stikk ut-skiltinga. Delar av stien hit var myrete og våt.

Oppover gjekk det, men ikkje verre enn at det var greit å gå utan stavar.

Kvilarsteinen.

September er definitivt min månad til å gå i fjellet <3

Endå eit vegval - Eidskremheia eller Julaksla (Rishaltheia)? Det vart for langt til Rishaltheia denne gongen og.

Eg vel meg september <3

Eidskremheia på ca 500 meters høgd og med nydeleg utsikt til mange kommunar - Aukra, Sandøy, Fræna, Molde, Vestnes, Misund, Nesset, Rauma

Ein sjølvie må vere lov ;)

Eg peilar etter fjella heime...

Må berre skryte av skoa mine - goretex fra Merrel, kjøpt i fjor! 
På Fangholsetra blir ein møtt av nok eit val: Gå vidare oppover mot Eidskremheia og Rishaltheia eller rusle vegen nedover att og avslutte turen. Eg måtte velje det siste, men eg vart sopass opprømt av å ta denne turen, at eg er heilt sikker i mi sjel på at eg skal ta vegen mot dei nemnte heiene i løpet av sommaren.

Etter at eg avslutta denne turen, køyrte eg nokre kilometer vidare for å ta turen til Hundetjønna, som har parkering på første avkøyrsle etter avkøyringa til fergeleiet mot Gossen. Den var litt vanskeleg å finne på grunn av litt dårleg skilting oppi bakken. Då eg fann fram - til nok ein idyll i Julsundmarka - stod det skilting av sti mot Storklauva. Det betyr at om ein har planlagt turen litt godt og parkerer ein bil der ein kjem ned frå Rishaltheia, ikkje langt frå avkøyringa til Mordalsvågen fergeleie, kan ein gjere ein lang og god tur på tvers av heile Julsundmarka. Det er eg sikker på at eg kjem til å gjere - om ikkje i år.


Denne turen frambrakte mengdevis med turglede og turlyst som kom rett frå hjartet og gjekk til hjartet. Då dagen enda, hadde eg klatra ytterlegare nokre plassar på stikk ut-lista, og det var heller sjølvsagt ikkje noko minus :)
Dette er mesta garantert ein tur som vil liggje på 10 på topp-lista av stikk ut-turar eg har gjort!

Hundetjønna i juni.

Hundetjønna i september.
Hundetjønna i september.                             
Eg var og innom Ramshaugen, som har denne artige benken.
    
Nydeleg utsikt frå Ramshaugen innover fjorden mot Molde og Nesset - og fjella heime :)

Ingen kommentarer:

Etiketter