Totalt antall sidevisninger

onsdag 7. august 2019

Turblogg: Draumen om Trolltind lever vidare...

Det var ikkje det at eg snudde... Eg fullførte berre ikkje turen (denne gongen heller). Draumen om Trolltind lever vidare til eit anna år.



Mange av dokker lesarane mine hugsar kanskje då eg fortalte at eg hadde tenkt meg på skitur til Trolltind på vårparten. Det kan du lese om i dette innlegget frå april. Eg kom meg jo ikkje til topps der, men blei veldig glad då det vart stikk ut-post denne sesongen. Då ville det bli ein god grunn til å komme seg opp. Her kan du bli med meg oppover mot toppen.

Vi - det vil seie junior Aleksander og eg - køyrde opp frå Jordalsgrenda i Sunndal. Ved riksvegen står det stikk ut-skilt, og eit stykke oppe i dalen må ein køyre mot Trolltind. Bomvegen kostar 80 kr, og kan betalast på Vipps eller på kontonummer.
Oppe ved hyttefeltet står det fleire stikk ut-skilt, så du veit du er på rett veg. Når Trolltind har vore stikk ut-tur tidlegare, har problemet vore at det har knappast vore skilting. Derfor har ikkje den turen vore aktuell for meg tidlegare. Men no må eg verkeleg skryte av dei som har hatt ansvar for turen. Den er verkeleg tipp-topp merka oppover heile vegen!
Den dagen vi gjekk, såg eg nokon skreiv på stikk ut-sida på Facebook om turen, og ho som skreiv om turen, kommenterte at det hadde vorte merka ein del då ho gjekk. Så det var ferskt arbeid. Som sagt: Verkeleg bra!
På denne sida kan du lese meir om turen til Trolltind.




Porten mot Trolltind!

Viktig med godt turselskap <3

Så var det berre å starte på vegen oppover. Skiltinga fortalte at det var 5 km til toppen - altså ganske same lengda som turen til Ekkertind.
Det første stykket er lang og slakk stigning, og første stopp vart Varghaugen. Der er det ei turpostkasse kor ein kan skrive seg inn i boka.  
På Varghaugen.

Men i det gode veret må vi berre komme oss vidare. Veret er rett og slett upåklageleg - ganske perfekt temperatur, rundt 20 grader.
Stigen går oppover mot fjellveggen før han begynner å smyge seg oppover fjellsida. Det er då ein først begynner å få følelsen med høgdemetra.




Ryssdalsvatnet (som var stikk ut-post for nokre år sidan) og Gråfjellet og Ryssdalsnebba til høgre.

Om eg har lest kartet rett, manglar denne toppen eit namn.

Eit stykke oppe i lia før vi kom til ura, fann vi den perfekte staden å spise nista vår. Og det er viktig å merke seg at det ikkje er tilgang på vatn på turen. Vatnet i denne pytten var grunt og gromsete.

 


    Snart begynner vi på den verkelege jobben med å komme oss opp!
Den verkelege harde delen av turen begynner der ura begynner, og ein skal gå laaangt oppover i bratt ur. Og her vil eg komme med ei viktig - truleg openbar - påminning: Ver på vakt for lause steinar! Då vi var komne eit langt stykke oppi, var eg ein augenblink uforsiktig, og gjekk rett på rattata, og blåmerke og sårarr har eg faktisk enno. 
Så kjem det neste viktige punktet: Førstehjelpsutstyr på tur. Det har eg hittil - med skam å melde - aldri hatt med meg, men etter dei siste turane har eg erfart kor viktig det er å ha med seg noko i sekken. Meir om det i neste blogg. 



"Og det er langt å gå... Det er lengselen som driver deg..."
Her ser ein begge Ryssdalsvatna.

Flystripa over himmelen lagde seg som ei regnboge når eg fotograferte i panorama på telefonen.

Litt av Sunndalsfjella. Salsnebba ligg mot venstre og baki mot høgre ser ein Trolla og Hoåsnebba.

Langs Ryssdalsnebba her går kommunegrensa mellom Sunndal og Nesset.
Men kva heiter toppane til høgre, dei som du kan skode på mange mils avstand?
Bak tinden som ikkje har namn i karta skodar vi Eresfjord - heimbygda mi :) Kan det vere Breifonntind til venstre?

Og best av alt når ein har kome seg opp i høgda: Utsikt mot Tustnastabbane.
Hufatet, Smisetnebba, Flånebba, fjella i Ålvundeid og over mot Surnadal.

I same rennet som at eg snubla i ein laus stein, kom det ein familie gåande ned som vi slo av ein prat med. Dei sa vi snart var oppe på platået før siste kneika før toppen. Dei sa og at det var ein mann til ovanfor dei. Klokka begynte å gå mot 18, og eg kjente på ei viss frykt for at vi var dei einaste menneska i høgda der. Så då vi møtte han mannen som gjekk åleine, sa eg til han at vi skulle snu på platået. Og det sa eg og til Aleksander.
Så då vi kom opp på platået, som eg gjettar på ligg på omlag 1200 meters høgd, åt vi nista vår - ein treng trass alt krefter for å kome seg ned att og - tok nokre bilde og starta på nedoverturen. Sjølvsagt var eg litt snurt i mitt indre for at eg ikkje kom meg opp til toppen, men for å seie det slik: På det tredje smell det! Så det skal bli - men aldri på ski! Det fekk eg bevist for meg sjølv at eg ikkje skal dit på ski.

Aleksander er ikkje veldig turvant enno, men han var eit supert turfølge <3

Draumen om Trolltind lever vidare...

Takk for ein flott tur saman med deg, Aleksander!

Då vi kom ned att til tjernet, var sola gått ned og tinden spegla seg i vatnet.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Du skriv godt, Ingunn! <3 Flott tur sammen med Aleksander. 🥰

Lady Ingunn sa...

Tusen takk for hyggeleg tilbakemelding :)

Unknown sa...

Kjekt å lese, du skriver godt :-)

Etiketter