Totalt antall sidevisninger

mandag 12. august 2019

Turblogg: Ein herleg trekant med knall og fall

Eg sleit med å finne ein høveleg tittel til denne teksten... "Ein trekant som sa seks", "Ein herleg trekant"...  Ok, eg måtte ha med det om trekant - og det var ein super tur! Til trass for litt styr...



Vi vart einige om å ta nokre Stikk ut-turar, min kamerat, Asbjørn, og eg. Eg skulle bestemme turmål. Alltid kjekt når ein kan ta fleire postar på ein tur, tenkte eg, og peika meg ut det som såg ut som ein herleg trekant på kommunegrensa mellom Molde og Gjemnes.
Så turdestinasjonane denne tysdagen vart Oltervatnet - Tovarden - Silsetvatnet. For lettvintheits skuld starta vi turen frå oppe i Grøndalen på Istad. Det står skilta nede ved fv 62 at det er Stikk ut-tur der. Du passerer og ein bom som betalast med å sende ein sms til eit nummer med ein kode, så får du sms tilbake med betalingsinformasjon. Når du køyrer oppover dalen, må du følgje skilta som seier at det er Stikk ut. Til slutt kjem du fram til ei parkering ved ein bom ved eit pumpehus. Der startar spaserturen til Oltervatnet.

Turen startar oppover langs ein lang og fin kanal. Her kan ein tru at ein er i Sverige...
Dette er ein grøn tur som går på grusveg heile vegen. Den er fin og astort sett flat, så dette er ein tur alle kan ta. Eg er ikkje heilt sikker på kor lang denne turen er, for når ein les om turen på stikk ut-sida, startar dei avstandsmålinga ein annan stad. Eg trur denne delen av turen er omlag 3 km.
Oltervatnet er eitt av fleire oppdemde vatn i dette området, så når ein kjem fram til turpostkassa, ser ein demninga - og sjølvsagt dei flotte fjella i bakgrunnen :)




Somme står hvide, andre står blå

med takkede, kappende, hidsige tinder,
somme sig binder
sammen i kæder og fræmad gå.
Af vejen små-folk! - Der inne "skjorten"!
(Sitat: diktet "Romsdalen" av Bjørnstjerne Bjørnson)
Har eg sagt kor svert det er å gå tur i ulltrøye om sommaren? Dagens turtips!


Det er alltid spennande å sjå kva fjell ein kan sjå og dra kjensel på på ein tur. Reinsfjellet er eit slikt fjell ein kan sjå på ganske lang avstand, og på bildet under her, kan du sjå det i det fjerne. På denne turen kunne ein mesta ikkje sjå toppen i det heile tatt.
Når eg zoomar kameraet bedre, ser ein tydeleg den høge masta på fjellet. Men stort sett låg Reinsfjellet i le resten av turen.


Asbjørn og Prins blei gode kompisar på turen :)
 Som ein ser på bildet over, har denne posten vore både sommar- og vinterturmål for Stikk ut. Ved sidan av der postkassane heng, er det ein kjekk benk å kvile seg på. Her tok vi den første rasten, men vi skulle vidare, så vi hadde ikkje all verdas tid å bruke der.
På veg til Oltervatnet snakka vi med nokre damer som hadde vore der. Dei kunne fortelje at det var lett å ta seg vidare på den ruta vi ville gå. Frå like før Oltervatnet går det grusveg vidare opp til Trollvatnet, som har vore Stikk ut-post fleire gonger.
På veg oppover mot vatnet fekk vi auge på denne hytta med strålande utsikt, og når du kjem til den, er du rett ved Trollvatnet.
Trollvatnet er og eit oppdemnd, regulert vatn. Du kan lese meir om turen på Moroturs nettsider. I følgje denne informasjon er det 4,5 km å gå frå pumpehuset til Trollvatnet, og det kan bety at det stemmer ganske bra at det er 3 km til Oltervatnet.


Utsikt mot Oltervatnet.

Ved Trollvatnet står det eit naust med ein båt liggande.

 
På Trollvatnet fekk vi auge på Tovarden øvst i lia. Damene vi hadde prata med, sa vi ville sjå varden, men at det truleg ikkje var nokon sti frå vatnet. Vi fann ein sti dei første 3-400 metrene, men i det vi gjekk oppover frå vatnet, var det ikkje noko sti å sjå. Oppe i lia beita sauer, så ein eller annan sti hit eller dit ville vi nok finne. Det var berre å stake ut kursen først som sist.

Der oppe er Tovarden.

Slakk og fin li for å komme seg opp til varden.

Eg blir verkeleg aldri lei av å fokusere mot Skjorta... Men når tid skal eg på toppen der???



Det var veldig lettgått oppover lia. Heldigvis ikkje nokre våte parti, ikkje for mykje kratt og kjerr, så det tok ikkje så lang tid å komme seg oppover. Og langt bak ragar sjølvsagt Skjorta.
På bildet under ser ein godt kor vi gjekk: Demninga til Oltervatnet er til høgre. Så gjekk vi oppover bak den haugen midt i bildet, og ein ser så vidt demninga til Trollvatnet. Vi kom over frå demninga til venstre for den haugen, før vi laga eigen sti i vellinga oppover lia.

Eg hugsar ikkje heilt kva eg sa til turkamerat Asbjørn, men plutseleg flaug det opp ei rype berre ein meter eller to frå meg. Eg vart frykteleg overraska, og eg hadde ikkje kome meg av overraskinga då det plutseleg flaug opp ei til. Artig å sjå, og det går jo mot rypejaktsesong no :)



Utsikt mot fjellet Skåla på Skålahalvøya, også eit flott turmål.
Ei stund gjekk vi oppover og bortover utan heilt å vite kor langt det var att til vardane, og mens vi gjekk, mista sauene av synet og. 
Men plutseleg såg vi toppen rett ovanfor oss, og det var ikkje langt opp til dei to vardane som viser kommunegrensa mellom Molde og Gjemnes - der av namnet Tovarden. Her kan du lese om turen på Stikk uts sider, som er på Gjemnes sitt turkart i år. No var eg spent på utsikta.

Tovarden i sikte :)
 I turomtalen på Stikk ut-sida begynner turen frå Indergardssetra, som ein køyrer til frå Silset i Batnfjord. Det er ganske bratt veg oppover frå europavegen, og om ein vil ha ein slakkare veg å køyre, vil eg absolutt seie det er bedre å køyre opp frå Istad. Litt seinare i teksten fortel eg kor du kjem att - du treng nemleg ikkje ta den same ruta som vi tok.




Til trass for "berre" 672 meter over havet, er det god utsikt i alle retningar frå varden. Ein ser godt utover til fjella utanfor Molde; både Vestnes, Midsund og Fræna.

Utsikt mot Molde.


Utsikta mot Krifast, Averøy og Kristiansund var ikkje så veldig god. Då måtte ein enda høgare, til dømes til Mannen, som ligg ved sidan av Tovarden.
Men i bakgrunnen på bildet under ser ein Meekknoken til venstre på Averøya, ein ser Krifast-brua og Bergsøya og så ser ein vel og fjella på Tustna til høgre baki.



I Gjemnes er det ganske mange fjell som er rundt 700 meter høge, og alle desse som ein ser på bildet under i retning mot Tustna er ganske jamhøge med Tovarden.
I rekka bak fjella i Gjemnes ser ein fjella ute i Straumsneset, og så ser ein Tustnastabbane i bakgrunnen.



Her kan ein skimte Tingvoll.

Reinsfjellet med Duå i framgrunnen.

Prins var lite nøgd med å bli brukt som fotografisk staffasje....:D

Viktig å hugse å skrive seg inn i turboka.



Så lettgått og fint terreng :)
Etter å ha stoppa passe lenge på Tovarden, var det berre å komme seg vidare. Vi hadde eit godt stykke igjen å gå, og vi skulle trass alt heilt ned til Silsetvatnet.
Frå vardane ser ein i retning mot Molde ein merka sti. Den er merka med raude merker, og stien er tydeleg heile vegen. Dette er ein blå tur, og det er ein lett og fin sti - verkeleg ein motiverande tur, om eg skal seie det slik. 
Vi hadde ikkje gått veldig langt då vi kom til denne merkinga av sti opp til Mannen/ Mana. Den turen har vore stikk ut-tur i fleire år, men ikkje i år. Mange synes det er kjekt å legge turen oppom dette fjellet. Meir om turen kan du lese på Moroturs sider.


Mannen/ Mana 785 m.o.h.


Haustfargane er på veg å smyge seg fram til glede for alle som kjem seg ut i naturen i månadane framover :)




Det gjekk lett og slakt nedover i retning Silsetvatnet. Ein passerer nokre vardar. Alle tre - inkludert Prins - var blide og nøgde, og det lura ingen farer rundt neste sving.
Eg veit ikkje kva som skjedde... Plutseleg trakka eg over på høgrefoten, og angsten skar tvers gjennom hjartet. Utan sjanse til å unngå det neste steget, trakka eg noko så inni granskauen over på venstrefoten. Eg skreik høgt og segna i hop på stien... Stakkars Asbjørn og Prins ante ikkje si arme råd, og det er sanneleg ikkje mykje å hjelpe seg med i fjellet. Det einaste Asbjørn fann som kunne avkjøle skada litt, var mose.
Men det nytta ikkje å legge seg ned på stien der - vi skulle trass alt ha med oss ein stikk ut-post til - for det var jo ein trekant det skulle bli på denne turen. Så eg reiste meg opp, fekk overta Asbjørns turstavar, så tok han ansvar for Prins, så rusla vi sa-a-akte avgarde. Det gjekk smått og sakte, men ned skulle vi. Undervegs hadde eg fleipa om at kanskje eg skulle eg ringe etter helikopter... Men eg skulle jo ikkje det då....

AU! Kva gjer du når ulykka er ute? Eg hadde heldigvis med ei støttestrømpe å ta på foten.


Etter ei stund fekk vi auge på Indergardssetra og Silsetvatnet. Dei ligg ikkje så langt frå kvarandre. Vi møtte nokre damar som vi spurte til råds, og dei sa at det ville komme eit stiskille eit stykke nede i lia, slik at vi kom rett ned mot vatnet i staden for å gå mot setra.
Og på bortsida av vatnet var posten vi trong for å få trekanten fullendt...

Indergardssetra og Silsetvatnet.
Litlvatnet og Indergardsnebba.


Der kor stien gjorde eit skilje, dukka det opp eit nytt skilt som viste vegen oppover mot Mannen. Det er denne stien ein skal velje om ein vil gå frå Silsetvatnet til Tovarden.




Her fortsett stien nedover lia mot Silsetvatnet. Det er godt merka, så det er uråd å gå feil. Terrenget blir litt brattare, men stien er like fin, og litt breiare, nedover.


 Stokkåsen var ein idyllisk liten plass i skogen. Vi lånte litt tid og plass å sitte utanfor huset, og der har nok heilt sikkert mange opp gjennom åra - kanskje i fleire hundre år - og grunna på kva livet og kvardagen skulle bringe.



Vi måtte fortsette turen vidare nedover lia. Det begynte å gå mot kveld, foten var vond og vi var ikkje ferdige med den planlagte ruta vår...
Nede ved Silsetvatnet kom vi til eit tydeleg skilt om kor vi skulle gå for å finne fram til Stokkåsen, Indergardssetra og Silsethytta. Og Stikk ut-posten ligg eit par kilometer bortover langs Silsetvatnet.




Korleis tar ein seg over demninga på vatnet? Vi vart usikre på om det var lov å gå på ho eller ikkje. I og med at tilkomsten til demninga var litt vanskeleg, tok vi fatt på ein litt usynleg sti på nersida av ho. For foten min var nok ikkje dette den likaste vegen...



Så var det berre å gyve laus på det siste strekket av turen vår. Asbjørn og Prins greidde å halde opp ei god fart bortover. Eg gjekk saktare og saktare, og foten verka meir og meir. Berre eit par hundre meter (maksimum) frå denne berømmelege posten ved Silsetvatnet, måtte eg rope til dei to karane som var eit stykke framføre meg at dei måtte signere inn i boka for meg... Då var kreftane oppbrukte, eg hadde sikkert gått i rundt 5 km med den vonde foten... Skikkeleg ulurt...

Silsetvatnet og Harstadfjellet i solnedgang.


Her enda dagens trekant. Nede i krysset er det eit Stikk ut-skilt. Vegen til venstre går opp dit bilen var parkert, det var berre to-tre hundre meter opp dit. Rett fram går vegen ned mot Istad.
Turen vi gjekk, vil eg verkeleg rangere høgt, for det var ein lang, men ikkje veldig tung tur i nydeleg terreng. Men - det gjekk som det gjekk med foten min... og når eg ser kor hoven og blå han fortsatt er omlag ei veke etterpå, angrar eg på at eg valde trekant framføre helikopter...
Snipp, snapp, snute...



Ingen kommentarer:

Etiketter