Totalt antall sidevisninger

fredag 26. juli 2019

Turblogg: Ein tur inn i dei fagre Sunndalsfjella

Sist veke var eg å heldig å få meg ein tur inn i Sunndalsfjella - nærmare bestemt på besøk til Raubergshytta, som Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) eig.


Kor hen eg er i verda, vis meg kortaste vegen heim <3
Bakgrunnen for turen var ein invitasjon frå Tove Hundseth som har tilsynsansvar for hytta. Dette var ein plass eg ikkje hadde vore før, så eg gledde meg til turen.
Det fine med Raubergshytta er at det er så mange moglegheiter for å komme til og frå hytta. Dette kjem eg tilbake til seinare i teksten, men vi tre som skulle gå saman, starta frå Grønvollsteinen i Torbudalen. Det er den kortaste og mest direkte ruta til hytta med sine 11 km. Dei sprekaste brukar 2,5 - 3 timar på turen.

Vi starta litt høveleg utpå dagen - Tove, venninna Kitty og eg. Skodda hang eit stykke ned i fjella, og eg lurte om morgonen på om eg fekk melding frå Tove om at turen var kansellert eller utsett. Men inga melding kom. Men det regna på Sunndalsøra, og det såg utrygt ut oppe i fjella.
"Det kan vere regn nede på Øra, men når eg kjem opp til Holbu, klarnar det som oftast opp," skryt Tove.
Så vi startar nøgde ut frå parkeringa ved Grønvollsteinen - vel å merke med regnklede på og både lue og hanskar i rimeleg nærheit - for det er utrygt for regn og regn er meldt.
Stigen innover har rundt 400 høgdemeter i stigning, og det aller meste av dei tar ein dei første kilometra. På godversdagar ser ein at ein legg Langvatnet, Reinsvatnet, Torbudalen og fjella over mot Eikesdalsvatnet bak seg - men vi hadde utsikt berre til Langvatnet.
Mens vi gjekk, fekk eit par av oss testa ut den litt slakke forma vi har... vèret var heller ikkje veldig bra - det var godt å ha på regnkleda, lua og hanskane. Regnet kom og gjekk, men heldigvis ikkje i store, tunge mengder - berre spreidde byger.

Mine turkompanjonger Tove og Kitty er startklare for å kome seg avgarde til Raubergshytta.

Grønvollsteinen kor vi parkerte bilane.

På Grønvollsteinen kjem elva ut av ein tunnell i fjellet.
Siste glimt av Grønvollsteinen før vi går vidare.


Turen startar med ein litt skarp oppoverbakke.

Vi møtte på ein fin liten flokk sauer og.

Stigen innover mot hytta.

Eit stykke oppe i lia kjem vi inn i Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark.

Tove er glad for endeleg å vere på veg til hytta i sitt hjarte.

Eg held motet oppe på ein kjøleg sommardag. Tenk om eg hadde visst kor fine fjell eg ikkje ser :)


Tove og Kitty nærmar seg det høgaste punktet på turen.

Kryssing av elva må til.

Rett ved ein haug på stigen kom vi til desse flotte stolane kor vi kunne ha pause.

Viktig med god niste for å ha energi til å gjennomføre heile turen.
Eit par lunsjpauser måtte til for å komme fram, og Tove visste av ein høveleg plass med fine stolar ved ein haug. Litt mat i kroppen før vi måtte komme oss vidare. Ein kan sjå hytta på ganske lang avstand - viss ein har godt syn, vel å merke! Rundt ein kilometer frå hytta, kan ein krosse over elvene og ta ein snarveg - eller iallfall ein kortare veg enn den merka T-stigen. Tove og eg tok den kortaste vegen, mens Kitty tok den lengste - og eg vil sjølvsagt ikkje seie noko om kven som kom først og sist...

Det var skikkeleg grått og ruskate då vi gjekk innover mot hytta.

Eit mala hjarte treff ein og på :)

Vidare innover bers det.

Endeleg kjem Raubergshytta nærare og nærare. Godt vi tok snarvegen som går tvers over elveleiene.
Vel framme på hytta vart vi tatt imot av ein strålande mottakingskomite! Det hadde nemleg vore dugnad på hytta, og alle rom hadde fått lagt inn LED-lys. Det er ein kjempefordel om ein må opp om natta og gå til do, som eksempel.
Det fine med Raubergshytta er at alle fasilitetar er innandørs. Etter at hytta vart påbygd for over tjue år sidan, vart det eit stort opphaldsrom med kjøkken og stue i eitt. Klestørking foregår ved omnen i gangen, så er det ein gang med vedrom og do og ein gang med soverom. Flotte oppreidde senger som krev at ein ligg i lakenpose eller sovepose. Einaste ein må ut av hytta for å hente, er vatn.
På denne linken kan du lese meir om hytta.
Noko anna som er flott med hytta, er at du kan vere der i fleire dagar, og samtidig ha tilgang på mange korte og lengre dagsturar og gode moglegheiter for å få fisk i dei mange vatna i rundt.

Endeleg framme på hytta som ligg på rundt 1300 meters høgd.
Etter å ha skravla ei stund med dei dugnadsarbeidande, var det tid for mat, og valet i proviantrommet vart baccalao. Eg var verkeleg skrubbsvolten, og Tove og Kitty diska opp for ein sliten vandrar. Mens dei varma boksane, sørga eg for å skrive meg inn i besøksboka. Eg brukte god tid, for eg måtte bla meg ein del år tilbake for å leite etter fetter Geir sine innskrivingar. Han hadde vore på overnatting på hytta fleire gonger - siste gongen i 2011, to år før han kom bort. Han hadde vore på vandring til og fra Grøvudalen og Vangshaugen på desse vandringane. Mi historie om Geir kan du lese i dette blogginnlegget. For meg var dette og ei søking etter å kunne gå i Geirs fotspor, noko eg imidlertid har tid gode til ein annan gong. Meir om det seinare.

Eg fann fetter Geir si innskriving i boka.

Fredfull utsikt frå hytta.

Tove tar ein rask kvil i stolen ho kjøpte til hytta.

Endeleg middag og den lekraste oppdisking :)
Maten smakte fortreffeleg - og damene hadde og lurt med seg noko drikke, viste det seg. For å seie det litt kort: Sliten - svolten - tørst er ingen god kombinasjon.

Så var det sengetid, og eg hadde mange tankar i hovudet om kvar eg skulle gå neste dag. For som nemnt er det mange moglegheiter for kor ein kan gå vidare frå Raubergshytta. For å ta dei ulike alternativa kort oppsummert:
1. Vangshaugen i Grødalen: To alternativ - eitt på kvar si side av fjellet Råstu. Stigen over Råstu er ikkje merka lengre, men skal vere fullt gangbar.
2. Hafsåsen via Geitådalen. På kartet på turistforeininga sine sider er denne turen stipla i staden for merka med raudt, men han er T-merka skal vere heile vegen (eg har berre vore til Falesetra langs denne vegen). Mykje av denne stigen er felles med den eine stigen til Vangshaugen. Det er den traseen som brukast for å køyre snøscooter om vinteren frå Hafsåsen til Torbudalen.
3. Grøvudalshytta via Geitådalen. Då kjem ein rett ned til Inner Gammelsetra og vidare ned til turisthytta.
4. Torbudalen og Aursjøen via Håkodalen. I år er dessverre ikkje Aursjøhytta betent, men har du nøkkel, er ho open for deg.
5. Torbudalen - Holsbu - Reinsvassbu via Grønnvollsteinen. Den kortaste stigen i strekning frå Grønnvollsteinen. Framkommelegheita til Grønnvollsteinen er ikkje tipp-topp, men det er bilveg.
Alle desse stigane er T-merka, og det er jamn og god trafikk der - sjølv om besøkstala til Raubergshytta har gått nedover.
Men det finst og ein sjette veg, og det er stigen frå hytta til Grøa, som går gjennom Grynningsdalen. Han er ikkje merka, men han er varda. Denne har eg veldig lyst å gå, og då kjem det sjølvsagt rapport frå turen.

Raubergshytta i ein sein kveldstime mens eg er ute og pussar tenner.
Her kjem nokre bilde av dei turrutene ein kan velje å gå frå hytta:



Innover dalen her går stigen til Vangshaugen og Råstu.
Neste dag rann i aust - og dagen som endte så mørk og grå då eg la meg, starta så ny og frisk og positiv med solskinn og det heile! Men kor skulle eg så gå vidare?
Enden på visa var at eg feiga ut frå min eigen plan fordi eg var veldig i tvil om eigen form og sjølvstende. Tanken var å gå til Vangshaugen og håpe på haik derifrå. Men så skulle desse dugnadsarbeidarane gå tilbake til bilane sine på Grønvollsteinen... Og eg kjente freistnaden i mitt hjarte på å velje deira selskap... Og slik vart det!

Statklar - det vart berre ein kort tur til Raubergshytta denne gongen.

Kitty og Tove ville gjerne ha oss på hytta lengre, men vi måtte avgarde.

Ein flott gjeng med dugnadsarbeidarar for Kristiansund og Nordmøre Turistforening.

Tove skulle vere på hytta i mesta to veker og nyte livet og freda.
Men det har nokre fordelar å gå tilbake same vegen! For det var grått og hustrigt dagen før, og det var ganske mykje eg eigentleg gjekk glipp av når veret ikkje var så klårt som då vi gjekk mila tilbake til Grønvollsteinen.
Ganske snart oppdaga eg det som er mitt motto i det meste av turgåinga: Kor hen eg er i verda, vis meg kortaste vegen heim :) For kva anna enn Vikesaksa, Slotthøa og truleg Breifonntind var det eg skua i det fjerne bak Reinsvatnet?!
Tenk å kunne gå heile vegen og kvile auga på dei fine fjella :)

Landskapet rundt hytta er både verhardt og gjestmildt på ei og same tid.

Somme plassar er det veldig mykje stein å gå på. Dette er på snarvegen mellom hytta og turiststigen.

Så begynner det vakre landskapet å stige fram...



Fjella i bakgrunnen blir høgare og høgare.




Hjartet eg såg dagen før, vart endå finare med dei fine omgivnadane.


Anna, Lars og Ståle tar ein pust i bakken.
Ragna og Joy tar et femminutt på turen.

Dei gamle fjell i synigom er alltid eins å sjå... Men legg merke til stripene på himmelen -
mange fly frå bl.a. Midt-Austen som flyg over Sunndalen på veg til Amerika.
Ein kan fort sjå både to og tre i løpet av få minutt.

I midten ser ein til Reinsvatnet, Reinsvassbu og utover Vikebotn. Slotthøa rett til venstre, truleg Reinstinden
og Vikesoksa på høgresida av dalen.

På veg tilbake gjekk det vesentleg fortare enn då eg gjekk dagen før. Det viste seg at det var ein plass ved ei elv som var kjempefin å raste. Eg hadde allereie hatt eit par matpauser før vi kom så langt, så det var ikkje det det gjekk i... Men det var godt å sette seg ned og nyte elvesuset.
Mens vi satt der, kom det eit følgje på fire-fem barn og vaksne gåande. Då dei såg at vi satt rett ved der ein krysser elva, gjorde dei ein stor sving og kryssa elva litt lengre oppe utan å helse på oss... Eg spurte dei andre om ikkje det var noko underleg i fjellet.... Og det var det! I fjellet helsar vi på kvarandre, og vi slår gjerne av ein prat og! Så er det sagt!

Matpause ved elva vi gjekk over dagen før. Her var det fint å raste i sola.

Ein følelse av friheit og velvere <3
Resten av turen gjekk utan noko større eller mindre som hendte. Det var som nemnt fint å skode over mot dei fine romsdalsfjella. Eg hadde og nemnt til ein av dei andre i følget om debatten eg hamna i etter turen til Bitihorn. Eg la ut bilde av ein blomster som nokon meinte var reinrose. Så eg skreiv det på instagram då eg la ut bildet der. Så fekk eg innspel frå nokre biologkollegaer som skreiv at det var issoleier, så eg endra teksten frå reinrose til issoleie. Då kunne turkompanjongen fortelle at skilnaden på dei to blomstrane er kor mange kronblad det er. Reinrosa har åtte kronblad, issoleien har færre.
Til oppsummering vil eg slå fast at det var absolutt heilt "ål reit" - for det å kvile auga på den utruleg fine naturen <3
Takk for triveleg turfølge, Ragna, Johan, Lars, Anna og Ståle :)

I slike augenblink kjennest alt heilt tipp-topp herleg :) Livet er i vater :)

Berre ned lia til Grønvollsteinen att - ca tre hundre høgdemeter.

I følge ein av dei andre i følget er dette reinrose fordi den har mange kronblad (ca åtte stk).

Dette skal vere issoleie - ho har berre ca fem kronnblad.

Ingen kommentarer:

Etiketter