Totalt antall sidevisninger

fredag 29. desember 2023

Turblogg: Sommarens supersykkeltur: Eidsvåg - Eikesdal tur/ retur del 2 - Til Eikesdal

Dag 2 på sykkelturen, og med solskinn i dalføret bestemte eg med for å sykle opp til Eikesdal. Spørsmålet var sjølvsagt: Kor langt orka eg å sykle denne gongen?

Det er få ting i verda eg oppfattar som så ekstrem kvalitetstid som ein rotur i solskinnet med fiskestanga ute. For ein flott start på dagen - broderen med årene og eg med fiskestanga. Det er rett og slett lite som kan måle seg med eit speilblankt Eikesdalsvatn.

Utover mot Hoem og Øverås. Nokre skyer foran Goksøyra.
Oppover mot Eikesdal - med Mardalsfossen som naturleg midtpunkt.
Forsyne meg vart det ein liten fisk på kroken og.
Turen startar der han slutta dagen før. Sykkelen står på parkeringa vår og ventar på meg. Foran meg ventar ein kosetur oppover langs vatnet, og iallfall ein tur til Mardalsfossen. Men kjem eg til å sykle heilt til Finnset? Det gjorde eg nemleg for eit par år sidan. Då sykla eg to turar frå parkeringa til Eikesdal, og på den første turen sykla eg til stikk ut-posten som låg innanfor Finnset og ned att, og på den andre turen sykla eg både til Finnset og til Mardalsfossen.

Det fine med heile vegen fra Øverås til Eikesdal er at han er veldig flat. Den største stigninga finn ein inne i Viketunnellen på veg innover. Så turen frå parkeringa vår til Eikesdal er ein rein kosetur. Eg pleier for eksempel å sjå etter markjordbær langs vegen - og om så stoppe og putte nokon i munnen :)

Ved Ågothammaren har det vore mykje sikringsarbeid på vegen, slik at det skal vere trygt å fare langs vegen. Det skjer iallfall ikkje meg noko når eg rundar rundt det markante fjellet. 

Mange hugsar kanskje "71 grader Nord - team" på TV Norge sist vår, for då var det tur til toppen av Ågottind - med overnatting midtvegs oppi ein plass der... Med synet av Hoemsetra i bakgrunnen og mest av alt vakre bilde frå Eikesdalsvatnet vart det ei fantastisk flott reklame for denne indre kjerna av Molde kommune.



Her startar stien ein må gå for å komme opp til Strandkolvet kor ein hoppar ned.
Eikesdal i sikte.
Bilde frå sykkelturen i 2021. Då var det ganske bra med vatn i Vestre Mardøla.


Dette bildet av vertshuset i Eikesdal var tatt på sommarturen i 2021. Det ser ein fordi det var mange bilar utanfor, og det var dagleg drift der. Dessverre har det vore vanskeleg å få dagleg drift der i 2023, og det var ope berre nokre få gonger der. Håpar på bedre tider, for vertshuset ligg glimrande til ved inngangen til bygda - og med ein campingplass på andre sida av vegen.


Første skikkelege stopp på turen er nede på kaia for å sjå at cruiseferga Mardøla låg der. Og for å sjå etter kjentfolk. På stranda rett bortanfor var venner av meg i gang med å gjere eit formiddagsbad... Det er slettes ikkje ein favoritthobby eg har. 


I Eikesdal er det fleire moglegheiter for å finne vegen til fjells, og utanfor Sandgrovsletta Camping står det skilt med to av desse rutene. Om du kjem deg opp til Finnset, så startar turen opp lia på sti der fjellvegen startar. Like ovanfor Reitan finn du stien som går opp til Sandgrovbotn. Der kan ein ta seg fram til Mardalsfossen, eller ein kan kan gå utover Mardalsbotn mot Isfjorden.


Gamle Eikesdal skole kor eg var elev i åtte år.
Dessverre vart det ikkje noko tur oppover Eikesdalen denne gongen fordi eg prioriterte å drikke kaffi hos vennar på campingplassen. Men eg har mange fine bilde frå turane eg gjorde i 2021 som eg vil lage til ein del 3.


Turen min går vidare frå campingplassen mot Mardalsfossen. Det er rett og slett eitt bilde eg likar godt å sjå sjølv: bilde av sykkelen min oppe ved stikk ut-posten under fossen. Rett før ein kjem til parkeringsplassen er det skilting om at det er ein annan tursti som er mogleg å gå. Det er gammelstien som var før ein laga den fine grusvegen opp til fossen. Eg tar grusvegen oppover først, men planlegg å ta gammelstien ned att...




Det er nyttig å ta seg tid å lese på infoplakatane som er sett opp.
Oppe ved konsertplassen treff eg fem trivelege damer. Det er naboen Marit Vike (90 år om nokre få dagar!) og hennar turvenninner - ingen er under 85 år! Dei har gått gammalstien oppover, for dei er nemleg på stikk ut-tur, og har derfor allereie vore til posten ved stortolla. Då eg sa eg skulle ta gammalstien med sykkelen, trur eg eigentleg dei berre såg rart på meg... 

Vi sa ha det, dei gjekk ned att til parkeringsplassen og eg og sykkelen gjekk vidare opp til Mardalsfossen for å registrere stikk ut-koden.



Postkassa kor ein kan skrive seg inn i turboka.
Dette er draumen eg ber: Bilde av sykkelen foran Mardalsfossen.


Så gjekk turen vidare frå grusvegen til Mardalsfossen til gammalstien bortover skogen. I starten såg det greit ut, men eg hadde ikkje gått så veldig langt før eg skjønte at dette kunne bli ei selsam historie... For den veldig smale stien er ganske attgrodd, det er store steinar i vegen og det er tre i vegen. Så for meg med sykkel vart det ei aldri så lita utfordring...



Her gjekk rett og slett både sykkelen og eg i koll. Eit kronglate parti å ta sykkelen gjennom trillande.

Puh! Endeleg gjennom. Der stien går opp mot stortolla sett eg att stien og går opp for å få registrert koden.


Litt attvakse her og...
Stikk ut-posten ved stortolla.
Frå stortolla er det berre å gi seg på heimveg utover langs Eikesdalsvatnet. Om ein vil ha kortreist ferie på lågbudsjett er det ikkje så mykje som skal til før ein har ein skikkeleg bra tur. Ta det litt saktare, sjå seg i rundt, høyre på lyden av naturen og trekke inn lukta av sol, sommar, blomster og skog. Det gir ei enorm glede og det gir mykje energi om ein er i mangel av det.
Ikkje minst er det å ta seg tid å treffe folk og snakke med folk viktig, og det er jo mykje enklare når ein sitt på ein sykkel enn når ein sitt i ein bil.




1 kommentar:

Anonym sa...

Tusen takk for konkret, motiverande og inspirerande blogg om tur til den store fossen. Dit berre må eg ein gong😇

Etiketter