Totalt antall sidevisninger

tirsdag 26. desember 2023

Turblogg: Sommarens supersykkeltur: Eidsvåg - Eikesdal tur/retur - del 1 - Til Hoemsetra

Det er lenge sidan sommaren, og nettopp no i mørket mens snøen legg seg tung over Nordmøre,  treng eg å minnast den fine sykkelturen eg hadde i barndommens rike :)

Dette var målet for dag 1: Støa vår ved Eikesdalsvatnet med utsikt til Mardalsfossen.
Ein sommardag langt uti juli - kor eg knappast hadde tatt i sykkelen månaden etter skoleslutt! - var det endeleg dags for å sette seg opp på sykkelsetet. Startpunktet var hos mamma i Eidsvåg, og målet var sykkeltur opp langs Eikesdalsvatnet - og om så heilt til Finnset.  
Men dette skulle gjerast over fleire dagar - og det blir fortalt her i bloggen over fleire episodar :) Så heng på!

DAG 1: Eidsvåg - Øvre Vike, ca 40 km
Formiddagstid og klar for start frå Eidsvåg. Sidan eg alt skulle "heim", det vil seie feriestaden vår, så var eg lett pakka. Om sommaren pendlar vi mykje att og fram mellom heime og Hoemsetra, så mengde baggasje varierer mykje. Dessutan hadde eg sendt med ungane det som var nødvendig.


Eg la opp passeleg høgt tempo innover frå Eidsvåg i starten. Dermed tok eg meg ikkje tid å stoppe å ta bilde av Nesset Prestegard. Første stopp var ved Buggetunnellen. Du treng ikkje sykle gjennom han, for gammalvegen på utsida er kjempefin å sykle, og du passerer og ein av Eresfjord ILs sykkelpostar på vegen.  


Ein av Eresfjord ILs sykkelpostar.
Rett innanfor tunnellen ligg Utbugge, og der går vegen ned til helleristningane ved sjøen. Den vesle raude boksen på veggen er også ein av Eresfjord ILs sykkelpostar. Så då stoppa eg og skreiv meg inn i den boka og. Viktig å vise at ein har vore på tur :)

No må eg innrømme at eg ikkje har vore mange gonger ved helleristningane ved sjøen, men vil absolutt seie at det er ein fin avstikkar å ta. Tenk at det finst så gamle restar etter levd liv ved Eresfjorden.




Sykkelturen fortsett vidaren innover, og neste stopp er veldig kort - for å fotografere den nydelege utsikta innover fjorden. Det er alltid ei eiga glede å sjå Skjorta og Goksøyra. Som ein ser av bildet, var det ikkje strålande vér, men det var heller ikkje dårleg vér.


Så var det noen få kilometer til neste stopp, som var på Godtemplaren. For nokre år sidan vart det sett opp ein stein til minne om eit stort godtemplarstemne som var i 1900. Og her på Godtemplaren, som er den store avkøyringa med rasteplass, men dessverre stadig mindre utsikt, er første møte med Sykkelbygda Eresfjord - altså dei 100 syklane som er sett ut i heile bygda.
Ein liten digresjon om akkurat det: I haust var det prøvekøyring av nye VW hybridbilar, og VW-konsernet hadde med ei gruppe journalistar frå ute i verda på prøvekøyring. Og av alle plassar gjekk turen deira (det var forresten fleire grupper, så det gjekk mange turar der) gjekk frå Molde til Eidsvåg - Eikesdalsvatnet - Aursjøvegen - Sunndalsøra - Molde. Vi traff desse tilfeldigvis på Øverås (dei hadde stoppa, og vi skunda oss å stoppe i stor nysgjerrigheit!), og kanskje var det den øvste informasjonssjefen i konsernet eg snakka med, men han undra seg veldig på korfor det var så mange syklar å sjå på vegen innover. Då måtte eg skryte av sykkelbygda Eresfjord og Kurt Asle Arvesen og slikt.



Det er så vakkert... Det er så vakkert... <3
Retning utover Eresfjorden.
Litt lengre inn i Stranda kjem ein til Vasstokken, som og er ei stor avkøyring. No har det og komme opp informasjon om den historiske tilknytninga plassen har - og ein ser tydelege restar etter der som hestane hadde drikkepause når dei var på veg mellom Eidsvåg og Eresfjord i gamle dagar. Plakaten fortel at i andre halvdel av 1800-talet kjempa Dyrenenes beskyttelse fram ein regel som sa at hestane hadde rett på kvile undervegs. Plakaten fortel og at vegen innover Stranda var ferdig i 1900, og truleg har ein slik vasstokk stått der heile tida.



Rundt 1 time og 20 minutt - og fleire stopp - etter at eg starta frå Eidsvåg, er eg på veg inn i Eresfjord. På Coopen skal eg ha ein liten pit-stop, matpause.




Skal ein komme fram i tide, nyttar det ikkje å bli sittande på butikken. Ein må komme seg vidare, og eg tar ein rask stopp for å fotografere avkøyringa mot Vistdalsheia. Eresfjord IL arrangerer årleg iallfall to store sykkelløp. Bygda rundt på Kristi Himmelfartsdag har vore arrangert i omtrent femti år no, og det er ein triveleg sykkeltrim som broderen og eg deltok på for første gong i år... (og då og sykla vi innover frå Eidsvåg). I tillegg har dei eit stort sykkelløp - Eresfjord Classic - frå Coopen til toppen av Vistdalsheia - og det er vel rundt 8 km og bortimot 500 styggbratte høgdemeter....



Eg syklar glad vidare gjennom bygda, passerer Kavlimoen og legg inn "siste spurt" mot Øverås. Snart ser eg Eikesdalsvatnet :)
Det kan vere greitt å legge til at dette var før det forferdelege uvéret som blant anna gav store ras ned over vegen mot Meringdalen. Det skjedde rundt ei vekes tid seinare.  

Endeleg ser eg Eikesdalsvatnet :)
På Øverås får eg forsyne meg selskap av sola. Den var ikkje noko hyppig gjest sommaren 2023. Men eg kan ikkje bli verande i sola, for eg skal vidare oppover langs Eikesdalsvegen. Enno har eg ei mil att før eg kjem på parkeringa vår.
Framme på Øverås.


Her startar stia opp lia og over til Brandstad. Står på lista over det eg må gjere.


Midtvegs oppover langs vegen kjem eg fram til starten av Viketunnellen. Den er mesta 4,3 km lang, og her gjeld det å stille førebudd. Ein syklar ikkje gjennom Viketunnellen utan lys og refleks!
Så eg får på meg refleksvest, hovudlykt og lys på sykkelen, for det skal iallfall ikkje vere tvil om at eg er i tunnellen. Tunnellen er dryg å sykle i retning Vike, for han går litt oppover, så det er vanskeleg å få god fart. Eg brukar eit kvarter gjennom, og det synes eg er heilt greit. 
Men det er og ubehageleg å sykle i ein så lang tunnell, for lyden forstørrast noko enormt. Når bilane kjem bak frå, har ein ikkje kontroll på kor langt unna eller tett på dei er. Eg trur ikkje eg tar veldig feil om eg seier at ein kan høyre bilane på rundt ein kilometers avstand, og det høyrest ut som dei er rett bak. Akkurat det er veldig ubehageleg.


Vel ute av tunnellen er det berre å få av seg lys og refleks. Eg bestemmer meg for å ta ein tur ned til kaia og sjå på utsikta. På veg ned bakken tar eg meg i å tenke korleis dei i verda kunne køyre lastebil ned brauta då dei filma ein scene i "Gulltransporten" der... Men det er jo fantastisk fin reklame for Eikesdalsvatnet og vassgardane at vatnet og gammelferga er i filmen :)
Frå kaia ser ein godt oppover Vikelia - den fryktinngytande Vikelia. To somrar tidlegare kom Aleksander og eg ned lia etter den fine turen vi hadde frå Brandstad. Det kan du lese om i dette blogginnlegget
Frå kaia kan eg sjå heim til Hoemsetra. Eg sett sykkelen der ferga pleidde å legge til før i tida (og i "Gulltransporten") og tar bilde. Nei, det kjem inga ferge denne dagen... Så då må eg sykle vidare, forbi Øvre Vike og fram til parkeringa vår. Endeleg framme ved målet på dag 1! For ein herleg tur!




Endeleg framme! Hoemsetra ventar! For ein herleg sykkeltur eg har hatt frå Eidsvåg!

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for en fin tur Ingunn.👍👍😍

Etiketter