Totalt antall sidevisninger

søndag 24. desember 2023

Sorga og saknet etter Prins

Jula er ei høgtid kor ein merkar sorg og sakn ekstra sterkt. Fire og ein halv månad etter at vi avliva Prins kjenner eg enno sterkt på sorga og saknet etter den vesle hunden min.

Den siste avskjed med bestemor.

For nokre veker sidan såg eg nokre "gamle gubbar" som prøvde å gjere narr av at ei av handballstjernene hadde mista hunden sin...
Dette innlegget er til forsvar av oss som både sørger og saknar hunden vår - sjølv mange månadar etter at vi måtte ta avskjed.


Prins kom til oss - eller rettare: Vi henta Prins heime hos eigarane hans ein tidleg septemberdag i 2012. Det hadde vore nokre tunge månadar for oss etter at mannen min og barna sin pappa døydde brått. 

"Kan vi få ein hund, vi må jo vere fire her," sa Ingvild (då rundt 9 1/2 år), og ho begynte å leite openlyst på Finn. Eg begynte å leite i det skjulte, og ei natt fann eg annonsen som sa at det var ein liten gutekvalp til sals i Rindal. Eg skunda meg å sende ein e-post til han om at vi var veldig interesserte i denne heilt nyfødde hunden.
Nokre veker seinare stoppa vi og fekk helse på han då vi var på tur gjennom Rindal. Ungane fall pladask, jau, han måtte bli vår. Då vi var på returen nokre dagar seinare, stoppa vi igjen for å helse på han. Så kunne vi starte å forberede å få han heim til oss - det var mykje som skulle skaffast.

Prins si oppgåve i familien var veldig enkel: Han skulle gi oss kos og glede - ikkje meir og ikkje mindre. Heldigvis tok han oppgåva på ramme alvor - eller strak arm. Det vart mykje kos og glede med Prins.


Det vart mange fine turar og mange, mange mil vi fekk saman: Mange toppturar (Goksøyra, Duå, Ekkertind, Stortua, Salsnebba +++), mange korte turar og lange turar, skiturar (som og resulterte i mesta eit beinbrot), overnattingsturar - og enormt mange turar her i Sunndal: Grøa rundt, Synnåhaugen, Gjersvollsetra, Rennsetvatnet, Seljebøvatnet, Innerdalen, Grødalen, Kongelhjellan+++).

Så mange timar vi hadde saman på tur - Prins & eg, eg & Prins. For meg var Prins alt, på mange vis var han det viktigaste familiemedlemmet - for han kunne jo ikkje ta vare på seg sjølv. 
Og vi var så heldige som fekk ha Prins heilt frisk så lenge som vi fekk. Første gong han var sjuk var i påska i år, då var han mesta 11 år gammal. Ein tarmbetennelse i påska sette han veldig tilbake, og sjølv om han vart frisk av medisinen, såg vi at han ikkje var frisk.
Heilt plutseleg vart han blind over natta, og han begynte å dunke borti ting inne i huset. Han slutta å gå trappa, og han ville ikkje gå så lange turar. Og parallellt med det la han mykje på seg, borti 30 % av si eiga vekt i løpet av nokre få månadar.

Men ekstra spesielt og leit var det at han ikkje såg. På bildet under er vi på veg til Hoemsetra. Vanlegvis står han heilt framme med halen til værs, og konkurransen om å vere først på land vann alltid han. Men på dei siste turane hans til Hoemsetra trong han at vi passa på. Drona som irriterte han i fjor, affekterte han ikkje i år, og ikkje var han på oppdagingsferd rundt på garden heller.


Vissheita om at vi ikkje kunne ha han lengre, seig inn over meg. Helsa hans var ikkje bra, han var veldig avhengig av at vi var i nærleiken av han. Prins sov meir enn han var vaken, og han var ikkje lengre den hunden som gav oss mykje kos og glede. No var rolla snudd: Det var vi som måtte sørge for at han fekk kos og glede.

Eg hadde dessverre ikkje noko anna val enn å bestille time til han hos dyrlegen - den siste timen. Prins hadde oppnådd alt som farga livet hans vakkert, vi hadde fått alt det beste av han - han hadde gitt oss så mykje kos og glede som eg trur var mogleg.

Dei siste vekene var veldig vemodige sjølv om eg måtte leve og tenke det beste. For til sjuande og sist var dette mi bestemming som vaksenperson. Det var dessverre ikkje meir Prins hadde å leve for.

På bildet under er han på veg fra sin siste tur til Hoemsetra.


Siste kvelden han levde gjekk mamma tur med han, og etterpå fekk han ein god dusj. Rein og fin skulle han nemleg vere. Det var mitt siste ønske for han.
Det var viktig at alle tre vere med når han skulle avlivast. Vi var tre om å få han til oss, og vi skulle vere oss tre om å overgi han til døden. Den vesle kvite, krøllate pelsdotten skulle somne stilt inn.
Det er dette som enno gjer vondt å tenke på. Sjølv om eg veit det ikkje var slik, så føler eg at eg forrådte han.

Neste dag tok eg han til Hoemsetra. Eg hadde kjøpt ei fin trekasse til han, la han inn i eit putetrekk han hadde bitt høl i sjølv og la bilpleddet hans over han. Den neste dagen låg han på ein slags lit de parade - han var trass alt ein prins... - mens eg grov grava hans. Grava ligg der det før var utedo, som vi jo reiv ein månads tid før... Ikkje spesielt rikt jordsmonn, men passe nært huset vårt.

Så gjekk eg rundt i alle hyttene og inviterte til gravferda hans. Rundt tjue stykker i talet var vi. Vi hadde signering i sørgeprotokoll, minneord og song "Fager kveldssol smiler". Så sette eg kista hans ned. Neste dag spadde eg jorda over, og oppå grava vart det planta ei ripsbærbusk (for hjorten et truleg ikkje ripsbusker...).

Enno tenker eg dagleg på Prins og saknar han og sørger over han. No tenker eg irrasjonelle tankar om kor trasig det er at han ligg i det hølet på Hoemsetra - og ingen er der og passar han.
Skal du ha ny hund, spør somme. Nei, eg trur ikkje det blir til det. Då vi fekk Prins, hadde han si klare oppgåve: Å gi oss kos og glede - underforstått: Han skulle binde familien saman, han skulle vere den fjerde i heimen.
Då vi fekk Prins, var situasjonen annleis - eg skulle vere heime i det kommande året for å halde familien samla. Derfor passa det fint å få ein hund som trong meg, ein vi kunne oppdra i fellesskap.

Elleve år seinare er barna snart vaksne og er eller er på veg ut av heimen. Eg kjenner eg saknar ein hund å bruke tid på, men eg kjenner og at eg vil ha meir friheit til å reise utan å måtte spørre om hundepass. Prins hjalp meg til å komme meg ut og få mange fine turopplevingar - men no må eg greie meg sjølv. Kanskje det er ein av grunnane til at eg har begynt å sykle så mykje...

Så til sist: Det er ikkje skamfullt og flaut å seie høgt at ein sørger over hunden sin. Eg kunne ikkje hatt ein bedre venn enn Prins - han som elska meg uansett. Eg trudde ikkje det skulle ta slik tid å ta avskjed med han, men innser at denne jula er det han eg saknar aller mest.




Ingen kommentarer:

Etiketter