Totalt antall sidevisninger

mandag 1. januar 2024

Turblogg: Sommarens supersykkeltur Eidsvåg - Eikesdal t/r, del 3: Til Finnset og Slette

Turen i 2023 gjekk tilbake til parkeringa vår ved Eikesdalsvatnet. Men i 2021 fortsetta turen oppover bygda og så langt ein kan komme innanfor Finnset.

Då eg var unge, var det grusveg oppover heile Eikesdalen, men dei siste åra har vegen vore asfaltert - heldigvis, må ein no seie.

Så turen min går vidare forbi Reitan, det som ein gong var både gard og pensjonat og postkontor. 

Eg tar ein rask stopp der stien oppover lia mot Sandgrovbotn går. Opp her strena demonstrantane på veg til demonstrasjonen mot utbygginga av Mardalsfossen i 1970. Det heiter at dei som kom rett frå jazzfestivalen i Molde visstnok gjekk berre i småsko og tresko - og gitaren bar dei visst og i handa. Kven visste vel før festivalen starta at dei plutseleg skulle hamne oppe i fjellheimen som demonstrantar?!

Det er mesta flaut å seie at eg berre har vore halvvegs oppe i lia, men satsar på at det blir tur heilt opp dette året. Det er jo mange attraksjonar oppe i Sandgrovbotn. For å starte med den ein ser i bildet - til venstre for Sandgrova ligg fjellet Børa, som er 1247 meter høg. Oppe der demonstrasjonane fann stad er det reist ein minnestein, og følger ein vegen utover Mardalsbotn heilt til ende, går det sti ned langs Vestre Mardøla. Der får ein nydeleg utsikt bort til Mardalsbotn.

Men NB! Dette veit eg berre fordi eg har sett det på bilde, og ikkje fordi eg har sett det sjølv. Men når eg har sett dette sjølv, lovar eg å berette om det her.

Stien til Sandgrovbotn og vidare til Isfjorden går opp lia her.

Første stopp på turen blir den ærverdige turistattraksjonen Arne-steinen. Her stod det ein gong ein alm, og i 1858 satt Bjørnstjerne Bjørnson under den almen og forfatta bondefortellinga "Arne". Derfor vart denne steinen sett opp eitt hundre år seinare, 1958, til minne om dette, og steinen heiter Arnesteinen og står i Utigard.


Frå Utigard går turen vidare opp til Oppigard. Gardsnamna i Eikesdal er ganske greie. Når du er ferdig med Reitan, kjem du først til Utigard, så Austigard og så Oppigard. Og i Oppigard ligg Eikesdal kyrkje frå 1866, og der er både pappa, søster mi og eg døypte og konfirmerte, og broderen er konfirmert der.


Kyrkja sett frå nabogarden som har den fine rosehagen.
Frå rett ovom Oppigard startar det som er skilta Gammelvegen. På oppslagstavla står det ein notis om at vegen opp gjennom Eikesdalen vart påstarta allereie i 1828. Men det tok si tid å få vegen ferdig, godt over ti år. Det er jo ikkje så rart når det var kvar enkelt gard som skulle stille arbeidsfolk til disposisjon i korte arbeidsperiodar på tre dagar om gongen. Gardane i nedre del av bygda bygde den vegstubben, mens arbeidet langs Litlevatnet, som slettes ikkje var ufarleg, var eit fellesskapsprosjekt som gjekk over fleire år.

Det er nok forresten ikkje ei kjent sak, men i Oppigard renn og to av verdas høgste fossefall! Det eine er Bruåna som ein ser skiltet til. Den startar å renne på mellom 1000 og 1100 meters høgd før ho til slutt endar ned i Aura på rundt 50 meters høgd. Dessverre er fossen regulert, men har litt vannføring. For nokre år sidan var det ein stikk ut-post ved elva like ovanfor vegen.

Den andre høge fossen ligg på motsett side, og det er Rangåna, som startar si ville ferd nedover lia på rundt 1100 meters høgd.   


Rangåna burde ha anerkjenning som ein av verdas høgaste fossar,
der han startar på godt over 1000 meters høgd å renne.
Verdas høgste fossar i Eikesdalen er eit tema som eigentleg er verd eit blogginnlegg åleine.

Mi kjelde om vegarbeid er "Vegbygging og vegvedlikehald i Eikesdal" av Romsdal Sogelag frå 1984. Når ein les der, ser ein fort at Bruåna var eit rett smertens barn når det var uvér, for det var slettes ikkje uvanleg at elva/ fossen fløymde over av vatn eller snø og øydela den skjøre brua som gjekk over ho. Kanskje var det såleis ei praktisk forordning at elva vart utbygd seinare, slik at skadane då truleg vart mindre.

Ferda går vidare til det som på skiltet kallast Hølsteingjerdet. Eg meiner å hugse frå barndommen at denne marka heita Linset, men det namnet står ikkje på kartet eg brukar (ut.no).

Du lurer kanskje på om det er hoggorm i Eikesdal? På nettsida www.eikesdal.no kan du lese dette sagnet om korfor det ikkje er orm der.


Det artige med å ta ein slik avstikkar som gammelvegen er, er å oppdage noko nytt. Slik som denne digre Ryabrekksteinen. Synet av den fortel i grunnen alt om korfor vegen ikkje kunne ligge der. 
Det er mange slike store steinar som har namn og som det er skilta til langs gammalvegen, men eg sjekka ikkje ut alle. Vegen går mest på øversida av hovudvegen, men og litt på nersida. Det gjeld spesielt ned mot Litlevatnet, kor det var ei stor ur, Digerura.

I den nemnte kjelda får ein lese om kor krevande det var å bygge vegen oppover bygda på område som var svært rasutsett. På 1800-talet fungerte det på den måten at kvar garde eigde eit vegstykk, så også bøndene på Vike og Hoem eigde eit stykke veg i Eikesdal. Det gav plikt til å drive sommarvedlikehald av vegen, men og utbedring etter flom og ras. I heftet står det at bøndene på Vike og Hoem fekk eit slags fritak frå vedlikehald utanom sommarsesongen. Først i 1925 fekk desse to gardane offisielt fritak frå plikta om å gi naturalarbeid på Eikesdalsvegen.


Til mi store overrasking oppdagar eg og ein fritidsbustad eg ikkje hadde peiling på var der fordi eg alltid har køyrt den vanlege vegen. Men då vegen gjekk der i gamle dagar, gjekk han rett forbi huset. Tenk så herleg å ha eit hus folk knappast veit eksisterer!



Turen min går vidare oppover, dels langs denne gammalvegen og dels på hovudvegen. Det er fredeleg å finne ein slik skogsveg å ta seg fram på. Fuglane syng og ingen veit at du er akkurat der på di eiga oppdagingsferd.



Ved Litlevatnet: Gammalvegen visast oppe i bildet.

Restane av mur viser eit område kor vegen gjekk.
Litlevatnet er idyllisk denne julidagen eg syklar forbi. I barndommen, då eg gjekk på Eikesdal skole, var vi fleire gongen på skøytedag på Litlevatnet når det var attfrosen.

Bekken på andre sida av vatnet heiter Slettabekken, og startar å renne på mesta same plassen oppe i fjellet som Rangåna i Oppigard.


Tid for ein sjølvie...

Denne har eg ikkje utforska, og veit såleis ikkje noko om den.
Eg syklar vidare, og stoppar ikkje på Sæter-gardane, sjølv om det er mykje historie å fortelle der og. Men eg stoppar ved gamleskulen på Sæter og tar eit bilde. Den har ein plass i familiehistoria som ikkje skal gløymast, nemleg historia om då pappa som gutunge blei sendt dit som elev for å forhindre nedlegging av skolen.

Eg er usikker på årstalet, men pappa var fødd i 1941, så det kan ha vore skoleåret 1952-53. Det var nemleg ganske tett i tid på at bror hans Knut omkom i ei motorsykkelulykke, og det skjedde sommaren 1952. På den tida måtte små barn handtere si eiga sorg, det fanst ikkje vaksne som kunne hjelpe dei, og pappa har fortalt han låg i senga og gret og sørga over bror sin.

På Sæter og Finnset skole, som eg ser Digitalt Museum brukar som namn på skolen, var det lite elevar, og spørsmålet var korleis ein kunne sørge for drift minst eit år til. Det var då nokon kom på at gutungen på Hoemsetra kunne sendast øvst i dalen for å gå på skole. Søndag ettermiddag tok han rutebåten til Eikesdal, og då måtte han gå heile Eikesdalen, dei 11 kilometra til Finnset, åleine. Uansett om véret var godt eller dårleg, om det regna, snødde eller bles, måtte han gå vegen oppover i mørket åleine. Når han kom til Litlevatnet, særleg i området ved Selskreda som er ei lumsk fonn, prøvde han seg ut på isen for å ha avstand om fonna kom. Likeeins måtte han gå ned dalen tilbake til rutebåten når han skulle heim på helgetur på fredagane.

På Finset hadde han godt losjement og gode leikekameratar som han kunne gå saman med til og frå skolen kvar dag. På den tida var Aura ei stor og flott elv, og ein kunne nær sagt gå ned i elva og fange auren med hendene. Eller ein kunne skyte ekorn... 

Sjølv om historia om pappa er ei rystande historie om korleis storsamfunnet brukte pappa som eit "utjamningsmandat", har heldigvis historia noko godt i seg og. At han budde trygt og godt på Finset, hos Marit og Nikolay, og at i nabogarden hadde han leikekameratar. 

Sjølv om eg nok ikkje visste om denne historia så godt då eg sjølv var unge/ tenåring, visste eg iallfall at det ikkje var storsamfunnet som skulle bestemme om eg skulle vere den som heldt skolen i drift i Eikesdal som einaste elev i ungdomsskolen. Om eg ikkje hadde bytta skole til Eresfjord siste året på ungdomsskolen, hadde eg blitt åleine i ungdomsskolen i Eikesdal. Den familiehistoria skulle ikkje gjenta seg.


I 2021 kunne ein endå møte sauar oppe i dalen. Det gjer ein dessverre
ikkje no lengre.
På Finnset møter vi att veghistoria som fortel om då det skulle byggast bru over til Finnset i 1838. Dette var jo ei bru som berre dei på Finnset ville ha nytte av, ergo var det ikkje noko samfunnet ville betale for... I 1854 vart det skrive eit brev til veginspektøren (kaptein Schnitler) om bruforholda på Finnset, og om korleis dei kvart år prøvde å bygge ei bru etter beste emne... Det var ei bru dei kunne ta seg over, men slettes ikkje utan livsfare. Og kom det flaum, forsvann brua i den. I brevet frå oppsittarane på Finnset vart det vist til at vedtaket om veg fram til Finnset ikkje var gjennomført så lenge det mangla bru. På same måte som til andre gardar i distriktet, burde det vere rimeleg at storsamfunnet tok sin del av kostnaden for å bygge brua. Mangel på bru hadde kosta to liv, og det var fare for at fleire liv kunne gå tapt. På den tida var det nødvendig med bru både over Breimega og over Aura. I rundt 1850 vart det bygd bru over Breimega, men den vart tatt av fonn i 1858.

Om brua over Aura til Finnset tok det verkeleg på tida. På eit kommunestyremøte i 1862 vart det bestemt at det skulle ikkje ytast tilskot for å bygge bru over Aura. I følge nemnte kjelde kom det bru, men det blir ikkje tidfesta. I 1871 vart brua tatt av flaum, og først mange år seinare, i 1888, var ei ny bru under oppføring. Teksten konstaterer og: "Det skulle ta mest 40 år før det vart opparbeidd veg frå brua bort til husa". Først i 1923 var den første skikkelege brua over mot Finnset ferdig, så ein kan trygt seie at dei venta jo ikkje forgjeves på Finnset, men sanneleg venta dei lenge.



Frå Finnset går turen med sykkelen innover i landskapet - i retning Aurstaupet. I 2021 var det stikk ut-post inne på det området som heiter Slette. Derfor tok eg med sykkelen innover for å få med meg denne posten.

Innover mot Slette, det er fleire kilometer innover, er det laga landsbruksveg, så det er høveleg å ha med sykkelen. 

Bekken på bildet under heiter Gjølbekken, og går oppover Finnsetlia. Turiststien frå Finnset oppover lia går ganske parallellt med bekken, mens Aursjøvegen kryssar bekken.



Slette ligg endå eit stykke til innover dalen.

Her startar stien mot Hessura. Eg har ikkje testa han ut.
Like innanfor Hessura ligg Per-Nilse-spranget. Namnet kjem frå ei segn om ein fredlaus kar som heita Per-Nils som på flukt frå folkehopen, og derfor måtte hoppe over her. Det kan du lese om i denne lenka. 



Eg trur at ein viktig grunn til at det vart slutt på stikk ut-post på Slette, er fordi det kom i konflikt med dyra. Krøttera er heilt sikkert snille, og dei gjorde ikkje meg noko, men likevel kjente eg på angst for at dei skulle vere farlege. Det trur eg heilt sikkert fleire enn meg har kjent på.


På Slette er det laga ei kjekk innhegning med ein gapahuk med grill. Ein kjekk plass å ha matpause før ein gir seg på vegen tilbake til, for dei fleste - bilen på Finnset, eller som meg: på sykkelsetet nedover dalen att.

Litt overraskande finn eg ut på kartet at også oppe i fjellsida heiter det Slætte, og under der er det eit parti som heiter Slætteråsa. Men Slette, der som gapahuken er, er det heilt flatt og fint. Fossen ovom Slette er på kart omtalt som Slættafossen, men eg veit lokalfolket kallar han Brudesløret.


Oppe på toppen her ligg Brønnhøa, det høgaste punktet på Aursjøvegen. Og det er det punktet ein kan begi seg nedover mot den plassen ein kallar Brønnhøbrøstet for å studere den ekstreme utsikta.

Så, då er det tid for å finne vegen nedover dalen. Eg har att rundt 25 kilometer å sykle før eg er framme på båtparkeringa vår, ein rett så fin ettermiddagstur i nedoverbakke.


Hugs å fylle flaska! Dette er ekte ferskvare!

På veg forbi Sætra fekk eg følge av kveldssola :) 

 

1 kommentar:

Viggo Finset sa...

Interessant og fin turskildring Ingunn. Du har ein god penn og tek gode bilete! 🌻Eit par kommentarar til stadnamn i artikkelen. Linset ligg rett ovom Ryabrekka, der jordene er, altså ikkje nede ved Hølsteingjerdet. Fossen/fallet ein ser på andre sia av Sundet når ein kjem til Setra heiter Kjøtåfossen, og elva der heiter Kjøtåa (Kjøtåna). Eg er ikkje kjent med at er brukt Slettabekken om denne fossen. Men, det er rett som du skriv at fossen innom Finnset, rett ovom gapahuken på Slette, vert kalla både Slettabekken og Brudesløret. 🙂

Etiketter