Totalt antall sidevisninger

fredag 19. januar 2024

Turblogg: Sommarens supersykkeltur Eidsvåg - Eikesdal t/r, del 4: Retur til Eidsvåg

Turen nærmar seg slutten, men eg må sykle tilbake til Eidsvåg igjen. Her er siste del i historia om sykkelturen til Eikesdal.

Alt har ein ende, også besøka på Hoemsetra, og på ny går turen over Eikesdalsvatnet. Det er tid for å finne vegen tilbake til Eidsvåg. Sykkelen står og ventar på meg på parkeringsplassen, så når hjelmen er på hovudet, er det berre å gjere meg klar i både kropp og hovud for fire mil tilbake til Eidsvåg.
Viketunnellen gjer eg fortare unna denne dagen, for der han går litt oppover på veg innover Eikesdalsvatnet, går han jo tilsvarande litt nedover på returen. Dermed brukar eg fem fine minutt mindre gjennom på veg mot Øverås - men sikkerheita med lys og refleks er den samme. 
På Øverås stoppar eg sjølvsagt for studere fjella, vatnet og refleksjonen - det som eg elskar i sjela mi så inderlig sterkt - før eg syklar vidare ned gjennom Eresfjord. I det eg syklar ut av bygda, passerer eg skiltet som viser at det er 17 km til Eidsvåg. Eg hugsar den gong i tida vi måtte reise med ferga til Øverås. Då stod det eit skilt på kaia som fortalte at det var 28 km til Eidsvåg.


Like utanfor bygda, i det som heiter Paulen, er det ein stor klatrevegg. I gamlare dagar, fram til eg var lita jente, gjekk vegen under berget der, men no fungerar fjellet som ei leikegrind for dei som elskar å klatre.

NB! VIKTIG INFORMASJON!

Sykkelturen langs vakre Eresfjorden går vidare - og det er heilt speglblankt. For meg er noko slikt rein nyting. Eg kunne eigentleg berre blitt der og nytt det vakre i ei lang stund. Men eg har eit tidsskjema, ein bussavgang, eg skal rekke - og det er meldt regn. Så dermed er det berre å trakke vidare.

Svarttind speglar seg i Eresfjorden.
Eg stoppar på Godtemplaren og skriv meg inn i idrettslaget si sykkeltrimbok, slik eg gjorde på tur innover. Turen går vidare forbi Bugge, før eg også denne dagen stoppar på Ut-Bugge for å signere i sykkeltrimboka der. Samtidig tar eg tid til å helse på krøttera der - og som ein ser: Der eg har ein time tidlegare, er det tydeleg regnvér. Alle teikn tyder på at det er på veg utover, og eg vil helst ikkje bli våt.


Sidan eg enno har litt tid og regnvéret ikkje har komme heilt ut til Eidsvåg, bestemmer eg meg for å legge inn ein Stikk ut-tur i turen. Dessverre har eg ikkje tid å gå til Prestaksla, men tar ein tur langs Bjørnsonstien. Her kan du få vite om denne turen:
Det er ei felles avkøyring for turane til Prestaksla og Bjørnsonstien, men parkeringa til Bjørnsonstien er nede ved vegen, mens ein må køyre eit par hundre meter oppover for å komme til parkeringa til Prestaksla. 
Turen langs Bjørnsonstien er i stor grad den gamle traséen til vegen innover mot Eresfjord. No er det ein triveleg skogssti. Det er ikkje så mykje utsikt langs stien, men det er sett opp nokre plassar å sitte ned. 
 

I alminneleg tempo tar det rundt tjue minutt å gå stien til ende, og der blir ein møtt av eit flagg - og utsikt innover mot Skjorta. Mens Bjørnson hylla Skjorta - "se, der inde Skiorten" - så er ikkje utsikta til det monumentale fjellet særleg slåande den dagen eg er på Bjørnsonstien.
Tilbake på vegen igjen syklar eg to hundre meter fram til Nesset Prestegard. Tidlegare var det prestebustad, og det var jo derfor Bjørnstjerne Bjørnson hadde tidlege barndomsår der. Og derfor har Nesset Prestegard ein særeigen plass i både lokalhistoria og den nasjonale historia. Tida i Nesset forma Bjørnsons forfattarskap, og gav såleis inspirasjon til både Arne, Synnøve Solbakken, En glad gutt, historia om Blakken og om eit barndomsminne (han er vitne til ein som blei halshogd) - og utvilsamt og til "Ja, vi elsker".
Nesset Prestegard var for eitt eller to år sidan rehabilitert, og er no open for besøk og omvisning. Fjøsen er jamnleg i bruk til ymse arrangement.
Eg har ikkje tid til noko omvisning denne dagen, og sykkelturen går vidare i retning Eidsvåg. Eit kort stopp for å ta bilde av det som frå gammalt av heitte heiter Schnitlertun. Allereie for hundre år sidan heitte dette huset Schnitlertun Hotel & Pensionat, mens det i dag heiter Eidsvåg Fjordhotell. Men i mellom desse to hotelldriftene har det vore mykje forskjellig aktivitet i huset. I mi levetid har det vore aldersheim, nærradio, vevstue og no, hotell.
Men kven var Schnitler som gav namn til huset?
Det var ein kaptein Schnitler som var veginspektør i Vestre Nordmøre veginspektørdistrikt på 1850-talet, og som hadde eit vesentleg ansvar i planlegginga av vegen i Eikesdal. I "Vegbygging og vegvedlikehald i Eikesdal" av Bjarne Rekdal og Romsdal Sogelag (1984) står det at han budde på Vorpenes i Eidsvåg, det vil seie garden som ligg i bakken ovom Schnitlertun. Kaptein Schnitler er ikkje referert med noko fornamn, og når eg prøver å leite i kjelder, dvs. Digitalarkivet, er den einaste eg finn busett på Vorpenes i Eidsvåg med Schnitler til etternamn, ein som heiter Ebbe Carsten Schnitler, fødd 1809 (døydde i Tromsø i 1864).
På nettsida Vorpenes finn eg informasjon om at Vorpenes-garden blei skilt ut frå Nesset Prestegard tidleg på 1600-talet, og fungerte saman med prestegarden som kyrkjegods. Den kom inn i Schnitler-slekta i 1763, og vart i familien gjennom fire generasjonar i 111 år. I 1765 vart garden ein embetsmannsgard, og kaptein Ebbe Carsten Schnitler var i løpet av dei fire generasjonane den mest markante eigaren av garden, og han var og ein arg rival til Peder Bjørnson, Bjørnstjerne sin far. Schnitler virka som ordførar i Nesset kommune i perioden 1846-1849.
Huset Schnitlertun har ikkje namnet etter den nemnte kapteinen, men etter hans dotter, som i følge Kulturminnefondets sider frå mai 2023 fortel at huset vart reist av Sophie Alethe Schnitler (f. 1844), i 1926. Ho var gift med sokneprest Søren Koch i Surnadal, men vart skilt frå han. Etter skilsmissa flytta ho til heimbygda Eidsvåg, og gjekk då i gang med å sette opp eit hus som skulle bli heim for eldre, fråskilte kvinner. Før ho døydde, overførte ho eigedommen til Raudekrossen, som skulle vidareføre hennar ønske om at huset skulle vere ein heim for eldre, fråskilte kvinner. Mannfolk hadde faktisk ikkje rett til å gå inn i huset i det heile.
Men Raudekrossen lukkast ikkje å halde huset i drift etter Schnitlers intensjon, og dei leigde huset ut til ei frøken Brecke, som så starta med hotelldrift under namnet Schnitlertun Hotel & Pensjonat. Hotellet vart svært populært på 1930-talet, og hadde gjestar frå både inn- og utland.
Mange år seinare, på slutten av 1950-talet, vart huset til aldersheim, men ikkje berre for eldre, fråskilte kvinner, men for alle som hadde behov for ein plass på aldersheimen. Eg kan hugse bestemor og eg gjekk frå sentrum av Eidsvåg til gamleheimen ein gong i rundt 1979 for å besøke gamle tante Marie, som budde der siste tida ho levde. Men eg meiner å hugse at vi stoppa der for å selje den "berømte avisa" Eikesdalingen våren 1985. I såfall vart det avvikla som aldersheim like etter, for då Nessetradioen starta opp i rundt midten av 1980-talet, var det oppe i 2. etage der.
Schnitlertun reklamerte i si tid for at det hadde fine uteområde og ei fin strand, og når ein ser ned mot sjøen frå hotellet, stemmer det heilt. Sjølv om mykje har vore gjort med stranda der dei siste åra, var den nok eigna som strand allereie for nitti år sidan og.
Eg ser over mot Eidsvåg sentrum - turen er snart over. Eg slapp regnvêr på turen utover, og det siste eg skal gjere er å trykke inn Stikk ut-koden like ved rådhuset - før eg kjøper mat og strekker beina på verandaen til mamma :) 
Det var turen sin det! Takk for alle som fulgte med gjennom å lese fortellingane mine :)



Ingen kommentarer:

Etiketter