Totalt antall sidevisninger

lørdag 27. januar 2024

No er mørketida snart over - og eg startar sykkelsesongen

Kjære brødre og søstre! No ser vi at ettermiddagane er lengre og at sola er på veg tilbake - vi kjem oss gjennom det denne gongen og.

På veg til arbeid i fullmåneskin... Det er nettopp då eg skjønnar korfor eg syklar til arbeid.
Har du tenkt over kor mange som synes vinteren er ei tung årstid å komme seg gjennom? Dei tunge tankane om kor vanskeleg vinteren er kan komme i ein lett grad ein kallar vintertrøyttheit eller i ein tyngre grad som er av meir depressiv karakter. Forskarar trur at opp mot 10 prosent av alle i Noreg slit med ein eller annan form for vinterdepresjon når året er på sitt aller mørkaste.

Kvar haust seier eg til meg sjølv at vinteren som kjem blir bra. Det blir fint med mørket, fint med snøen - alt blir fint. Det prøver eg å fortelle meg sjølv - overbevise meg sjølv om. Og så har eg planar om korleis vinteren skal bli - kva eg må gjere for at vinteren skal bli fin.

Men vinteren er jo aldri lik frå år til år. Nokon gonger kjem han i desember, nokon gonger kjem han i januar - og omtrent alltid kjem han jo. Denne vinteren kom overraskande tidleg. Allereie 
i midten av november sette eg sykkelen i garasjen - med piggdekka på... Tanken på mørket, snøen og kulda tok overhand - dei negative tankane om mørket, snøen og kulda.
Det er jo ikkje slik at eg ikkje likar mørket, ikkje likar snøen og ikkje likar kulda - for dei har jo noko fint i seg. Mørket er fint når eg kan tenne lys inne - eller gå på tur i måneskinn. Snøen er fin når han kjem på ein kaldvérsdag, for då er han ingen plage - og snø må vi jo ha når det er vinter. Og kulda er fin når det er nokre få kuldegrader - det er ikkje så vanskeleg å kle den kulda ute.
Men denne vinteren er lang, denne vinteren begynte tidleg, denne vinteren går like sakte som dei andre vintrane - særleg januar. Januar månad er like lang som dei elleve andre månadane til saman... For i januar kjenner eg på eit sakn, og det er ikkje etter fleire mørke dagar. Nei, eg saknar sola som eg ikkje har sett på mange månadar - eg saknar lyset som kan fylle auga mine og sinnet mitt. For det er sinnet mitt som treng sola og lyset - sinnet som løftar opp sinnsstemninga og gjer det lettare å stå opp om morgonen.
Om morgonen vil eg stå opp og gå rett inn i kleda eg har på meg når eg syklar til arbeid. I staden har eg gått rett inn i arbeidshabitten og gått i bilen for å køyre til arbeid. I to månadar har eg gjort det no. I to månadar har eg mangla engasjement til å bruke tida til å herde meg mot alle dagane med ti kuldegrader, mangla engasjement til å ta vare på heimen og finne på noko ekstra. Slik blir det når mørket tar overhand om vinteren.

Eg budde fleire år i Tromsø, og eg hugsar det var tungt - særleg dei par-tre første vintrane. Eg hugsar spesielt ein januar som var ikkje berre lang, men stygglang. Men eg kom meg gjennom det. Men vintrane i Tromsø kan vere stygglange - som den vinteren kor det var snørekord: 2,40 meter snø 29. april 1997 - det var bart offisielt 10. juni på vérmeldinga i byen det året. Men då kom sommaren med ein gong, og alle sorgar var gløymt. 
Eg hugsar og den vinteren det var 2,14 meter snø 14. mars 2000 i Tromsø. Den vinteren starta tidleg, men tunge kjensler om snøen var blanda med tung sorg for den kjære tanta mi som døydde. Snøen snurpa seg i halsen på meg så eg knappast fekk puste. Før vinteren var på sitt verste, måtte eg kaste inn handduken og ta ein time out for å dra heim til Romsdal for å finne meg sjølv - snøflyktning. Etter eit par veker sørpå var det greitt å dra nordover att, men det var jo då det "plutseleg" låg 2,14 m snø på bakken...

(Her vel eg å sette inn ein digresjon om dette i parantes: Eg hadde jo bil på denne tida der eg budde i byen, og om det var dekka, bilen eller vegen som var dårleg, skal vere usagt, men eg trøbla veldig på det snøate føret. Støtt og stadig køyrte eg meg fast eller eg stod og spønte. På det tidspunktet var eg medlem av NAF, og dei hadde gratis bergingshjelp til medlemma sine... Eg vil nok ikkje seie at eg utnytta det rått, men eg gjorde meg absolutt nytte av tenesten... Og på NAF-kontoret kjefta dei på meg og sa at eg kunne jo ikkje berre kaste meg på telefonen til dei... Og eg blei lei meg, for eg hadde ingen som kunne hjelpe meg... Meeen, enden på visa vart at dei innførte eigenandel på bilberging... Eg håpar verkeleg ikkje det var berre på grunn av den håplause kunden Ingunn...)

I Tromsø er det to månadar med mørketid. Frå 23. november til 21. januar er sola borte frå sentrum av byen, men allereie ved nyttår, knappe to veker etter solsnu, merkar ein at dagane har fått lys i seg. Lys betyr håp - lys skaper håp, håp for det nye året og ei tru og vissheit om at sola kjem. Likevel velte eg å flytte sørover igjen -  eg vart aldri heilt herda.

Frå Tromsø hamna eg via Kristiansund (kor sola skin heile året!) til Sunndal. På    eigendommen kor vi budde først her i bygda, er det lang mørketid... Allereie 12. oktober går sola bort der - og kjem att 1. mars. Då kjente eg det var tungt å finne håpet i meg - blytungt. Og eg trur mesta januar månad der var dobbelt så lang som ein lang januar er her eg bur no.... Fleire gongar har eg sagt at mørketida i Tromsø var som ei lys sommarnatt i forhold til mørketida på huset der eg budde først her i bygda.
Heldigvis flytta vi derifrå, og her som heimen min er no, kjem sola allereie 4. februar - og det er veldig, veldig snart. Vissheita om at sola kan skinne på huset mitt i eit minutt eller kanskje to akkurat 4. februar rundt klokka 12.15, gjer at eg ser at januar er snart over. No er eg snart gjennom mørketida.

4. februar 2023 ca kl. 12.15.
Viss du spør folk rundt omkring, og slettes ikkje berre her i mørketids-Sunndal, vil du snart høyre at vinteren er lang, mørk og tung. Det kan opplevast meir som ei bragd å orke å komme seg gjennom vinteren når rullegardina går ned mange veker før jul. Og nettopp då er spørsmålet kva ein gjer med det - korleis kjem ein seg gjennom det? Kva gjer eg for å komme meg ut av den negative sirkelen for å komme på rett kjøl att?

"Om eg ikkje får begynne å sykle igjen, blir eg tullat", tenkte eg denne veka. Det var og utleia av eit bilde frå i fjor som dukka opp som minne på Facebook. Det var verkeleg tid for å finne fram att sykkelen - ta rev i segl - og rett og slett, som i Kompani Lauritzen: Arbeide med å bli ein bedre versjon av meg sjølv.
Behovet for frisk luft og ein måte som tar meg lengre tid for å komme til og frå arbeid, slik at eg får blese ut av hovudet - det var det eg trong. Og resultatet er bra: Etter tre dagar har eg sykla omlag seks mil fordi det er ei mil kvar veg. Skal eg rekke 100 mil før sommarferien, må eg skunde meg.
Bildet under her er frå dag 1: onsdag. Det øvste bildet er frå dag 2: torsdag morgon, 11 timar før fullmåne. Det er nettopp på eit slikt tidspunkt eg skjønnar korfor eg syklar til arbeid, korfor det er så ekstremt viktig til meg. Den følelsen av magi og fellesskap - det er berre månen og meg.
I eit innlegg ein annan gong skal eg fortelle korfor sykling tiltalar meg... Men denne gongen nøyer eg meg med å vise til det øvste bildet - det er grunn nok for meg! 


Sykkelen og eg - BFF!


4 kommentarer:

Ragna sa...

Bra skrevet Inngunn. Den er lang vinteren for meg også .

Anonym sa...

Du er tøff du, Ingunn, for å motivere seg selv i mørketida kan være vanskelig. Snart kommer sola🌞

Anonym sa...

Godt skrevet! Mørketida kan bli i lengste laget, både for psyken og fysikken!❤️

Anonym sa...

Ikke noe forskjell på mørketid og sommer her...
For her sykler vi til jobb hver eneste dsg hele året🚲

Etiketter