Totalt antall sidevisninger

onsdag 18. mai 2016

17.maitale på Bergtun Grendahus i Eidsvåg

17.mai var eg så heldig å få halde 17.maitalen på Bergtun grendahus i Eidsvåg. Her er talen i sin heilskap.

Den fine buketten eg fekk som takk for talen eg heldt :)

Kjære nessetgjeldinger!

Tusen takk for invitasjonen hit i dag! Ekstra kjekt er det når invitasjonen kjem frå nokon eg reknar som mine eigne. I dag gjorde eg som Bjørnson: eg velte meg Nesset. Det er i grunnen ikkje så vanskeleg: Ein gong nesssetgjelding, alltid nessetgjelding!
Tema for tala mi i dag er identitet. Identitet er viktig, og utgangspunktet for ordet er henta frå matematikkens verd, og betyr "det samme" eller "lik". Utover 1900-talet vart omgrepet tatt inn i den psykologiske og sosiologiske verda.
Eg likar godt å snakke om å spegle seg - finne noko eller nokon ein kan spegle seg i. Når vi er ute i verda på reise, blir vi glade når vi møter nokon vi ser og høyrer er norske. Då snakkar vi som om vi har kjent kvarandre lenge berre fordi vi møtes på ein annan kant av verda. Dei fleste av oss har vel både høyrt og snakka om historier kor ein møter kjentfolk tilfeldigvis på ein heilt annan kant av verda. Klart det er artig at verda er så liten. Då bankar det norske hjartet ekstra hardt.

På 1800-talet kalte ein det i litteraturen "nationalkarakter". Frå 1850-talet og utover var nasjonalromantikken på sitt høgste i kunst og litteratur, og ein kan rett og slett ikkje halde tale 17.mai utan å nemne Bjørnson, iallfall ikkje i Nesset.
For Bjørnson var identitet viktig. Han var ikkje først og fremst det eine eller det andre, han var ein verdsborgar. Allereie i 1870, berre seks år etter at han hadde publisert "Ja, vi elsker", skreiv han eit hyllingsdikt til Norden. 
Men sjølv ein verdsborgar treng ein stad han kan kjenne på som det som er heime, ein stad kor ein kan spegle seg med både naturen og folket. Midt i blant fleire hyllingsdikt til Noreg og det norske, skreiv han og hyllingsdikt til det området som han skal ha sagt gjorde han til diktar, nemleg Nesset og Romsdal.

      Dette er Romsdalens stride land! 
Nu er jeg hjæmme; 
ti alt, som jeg ser, har øje og stemme! 
Og folket ? - Jeg kænner hvær eneste mand, 
om aldrig jeg så ham. Her er han tolket: 
kænner du fjorden, kænner du folket.

Sa Bjørnson i det kjente diktet "Romsdalen" frå 1879-1880. Pappa sa eg måtte nemne at det står om Skjorta i diktet og (men skjorta med liten s). Bjørnson spegla seg i både naturen og folket her i Romsdal. Litt seinare i diktet skriv han om romsdalingar som likesæle, lunefulle og heftige. Eg er vel ikkje heilt sikker på at det ligg berre positive skildringar i dei adjektiva han tilskreiv romsdalsfolket mot slutten av 1800-talet.

"Af vejen små-folk! - Der inne "skjorten"!

"Dette er Romsdalens stride land! ... kænner du fjorden, kænner du folket"

Sjølv legg eg aldri skjul på at eg er romsdaling og nessetgjelding. Det er det slettes ikkje grunn til. Heime har vi litt diskusjonar om kven vi er og kor vi kjem frå. Midt i den heitaste kommunereformdebatten erklærte dotter mi: "Det er ikkje så nøye med Sunndal, men Møre og Romsdal er viktig! Det er bra å kunne seie at ein er frå Møre og Romsdal!" 
Identiteten er ikkje alltid der ein veks opp, men kan vere knytt til mange andre forhold. Dotter mi hadde vore med på fylkesfinalen av UKM, og hadde nok ei god oppleving av det å vere frå fylket vårt.
Då eg vart spurt om å halde denne tala, vart det spurt om eg kunne seie noko om korleis 17.mai i Eikesdal føregjekk. Og det kan eg, sjølv om eg aldri har omtalt meg sjølv som eikesdaling. Det var berre ein stad eg gjekk på skule, men identiteten min ligg i Eresfjord og det å vere eresfjording.

Då eg vaks opp, var eg meir enn sikker på at Bjørnson meinte Eikesdalsvatnet når han skriv i "Ja, vi elsker" "furet, værbitt over vannet". Eg er fortsatt sikker i mi sak, for i følgje Edvard Hoem var denne teksten først tiltenkt å vere i "Arne", som Bjørnson sat og skreiv i Eikesdal. Du skal rett sjå det var ein av dei mange roturane over vatnet han skreiv inn i nasjonalsongen.

Kvart år fram til eg var ferdig med 8.klasse feira eg 17.mai i Eikesdal. Og desse 17.maifeiringane hugsar eg ikkje først og fremst for strålande ver (for det var det sjeldan), ikkje for fergeturar eller båtturar oppover frå Hoemsetra (vi slapp heldigvis å ro - det ville eg nok hugsa!), ikkje for strålande musikk (for det var det ikkje, for det kom aldri korps til Eikesdal), ikkje for underhaldninga vi skuleungane hadde eller for det fantastisk lange toget (som gjekk til Reitan og ikkje til Arne-steinen i Utigard). Men det eg faktisk hugsar når eg tenker tilbake, det er det eg saknar mest i dag, nemleg at dagen var for alle, og mesta heile bygda stilte opp - både gammal og ung. Du kunne telje på to hender dei som ikkje var til stades, og det var dei eldste. Elles var alle der, og på den måten kunne og vi som var ungar bli kjent med dei som var gamal, eller eldre som det vel helst heiter.
Ja visst hugsar eg både Petronelle, Marit og Helga som stilte opp i sine flotte bunadar på 17.mai, sjølv om dei vart etter kvart gamle dei og. Eg trur dei hadde like stor glede av å sjå på potetløp og sekkeløp som oss som deltok.

For ein del år sidan satt eg i 17.maikomiteen i Tromsø (og nei, det var IKKJE då NRK hadde sending frå feiringa i byen!), og noko av det aller viktigaste vi i komiteen gjorde, var å inkludere våre nye landsmenn i feiringa. I dag, då eg var på feiring på Sunndalsøra, var mesta halvparten av dei som var på Øratorget og feira dagen, dei som er våre nye landsmenn i Sunndal. Det er bra og viktig å inkludere dei i vår feiring, og vise at dagen er for alle.

I dag trur eg svært mange barn ikkje veit av andre eldre enn sine eigne slektningar. Når eg tenker tilbake på 17.mai som unge, er det historiene om at alle var inkludert eg vil trekke fram. Sjølv om eg aldri fekk min identitet til Eikesdal, er eg ikkje i tvil om anna enn at det er nettopp slike fellesskap som bind bygda og folket saman. Derfor håpar eg de nyt dagen i saman her, både barn og vaksne i alle aldrar, og har ei feiring de kan minnest ein gong i framtida og.

Gratulerer med dagen, og takk for meg :)



Hoemsbu ved Eikesdalsvatnet pynta til pinse- og 17.maifeiring.

Eikesdalsvatnet i sin finaste skrud 16.mai.

Legg inn en kommentar

Etiketter