I dag var ein slik dag ein ikkje kunne sitte heime og gjere ingen ting... Den første planen, snartur til Hoemsetra, gjekk ut som plan allereie i går. Plan B, topptur, kjente eg at eg ikkje hadde krefter til etter ei lang veke. Men kva skulle vere plan C?
Eg mangla ein plan C, og då blei gode råd dyre etter kvart som klokka gjekk. I plan C var det berre eg sjølv. På ein heilt alminneleg laurdag skulle eg ønske nokon spurte "Ingunn, skal vi...". Men det var ingen som sa det denne gongen heller.
Så då bråbestemte eg meg for å køyre til Aursjøen ein tur - det skulle vel vere ope på Aursjøhytta så eg kunne drikke kaffi der? Kanskje kunne eg teste ut stien mot Naustbukta og kanskje kunne eg finne bær.
Tja, det er mykje kanskje i ei slik filosofering. Men eg drog avgarde og første stopp var ved brua over elva ved Hallarvasslia. Men kva heiter elva og fossen? Heiter den Litldalselva? Heiter den Hallarvassfossen og Hallarvasselva? Ja, det er ikkje godt å seie!
Fossen var iallfall sterk og frodig, og eg fekk auge på han allereie nede ved Dalavatnet. Langt framme der såg ein noko kvitt og frådande nedover berget.
![]() |
Inne i dalen ser ein fossen kvit og frådande. |
Første stopp er altså her på brua akkurat der elva endrar karakter frå ei litt meir forsagt reise frå Hallarvatnet til å gjere seg klar til å kaste seg utfor berget - ikkje i heilt fritt fall, men iallfall i eit flott fossefall langs bergveggen.
![]() |
Her kastar fossen seg utfor på veg ned langs Hallarvasslia. |
![]() |
Dette er eit kjent motiv for den som har køyrt Aursjøvegen. |
![]() |
Like ved brua er det merka sti til ei jettegryte. |
![]() |
Berre ein liten sjølvie ved dammen... Og det var litt hustrig vind. |
![]() |
Dette bildet har eg kalt "Sjølvportrett - lita kvinne i stor natur"... |
Men: Eg oppdaga noko veldig spesielt då eg kom tilbake til Holbuvatnet og demninga der: Det var plutseleg ikkje overløp lengre. Det var knusk tørt! Veldig spesielt altså - i og med at det var mykje overløp då eg køyrte oppover.
Ikkje minst gjorde jo dette opplevinga av overløpet endå meir spesiell. Men kan det vere at Aura Kraftverk regulerer når tid det skal vere overløp? Er det eigentleg ikkje styrt av for mykje vatn i dammen? Eg må jo gruble litt på dette i og med at først så var det overløp, og så var det plutseleg ikkje overløp...
Så eg stoppa og tok bilde av den flotte fossen i storsvingen, altså nokre hundre meter rett ned i line frå brua kor eg tok bilde tidlegare. Når ein køyrer bil, er det nokre store svingar i mellom desse to punkta.
Eg var veldig fornøgd med bilturen eg gjorde i dag. Nokon gonger er det bra å hoppe frå det planlagte til det impulsive. Når ikkje forma var tipptopp for ein lang tur i oppoverbakke, var det desto bedre å dra på oppdagingsferd. Eg er tilfreds med oppdagingane eg gjorde i dag :)
![]() |
Ikkje mykje vatn i Sandvatnet akkurat no. |