Totalt antall sidevisninger

fredag 16. august 2013

Flashbacks til fortida

Forrige helg var eg på besøk i barndomstraktane mine, og det gav meg flashbacks til skuledagane ute i ytterkanten av distrikts-Noreg!


Skuleklokka har ringt for siste gong ved Eikesdal skule. Her gjekk eg i åtte år.

I desse dagar skal titusenvis av born ta fatt på skulevegen - nokon for første gong og nokon for snart siste gong. Før sommaren var det mange skular som sendte avgarde elevane sine for siste gong på ferie. Skuleklokka ringte for siste gong! Vemodig og trist, tenkjer nokon. Godt, tenkjer andre.
Før jul fekk eg honnør av ein journalist for å ha brakt fram mi historie om å vere elev på ein liten skule. Det var midt i oppstarten av omstillingsprosessen av skulane og barnehagane i Sunndal, og alle visste at nokon av skulane song på siste verset.
Eg har sagt tidlegare at eg nok var ei indirekte årsak til at ungdomsskulen i bygda eg gjekk på skule i, Eikesdal, vart nedlagt berre nokre få år etter at eg sjølv slutta der. For å ta denne historia kort:
Då eg starta som elev ved Eikesdal skule i 1978, var det 20 elevar på skulen, det var elevar på alle trinna, i min klasse var vi to saman. Så begynte talet å gå nedover, klassevenninna mi flytta etter 3.klasse, og eg var aleine i klassa til eg slutta i Eikesdal etter 8.klasse. Då var det ni elevar på skulen, vi var to i ungdomsskulen, og det påfølgande året hadde eg vorte åleine. Det nekta eg, og eg fekk bytte skule til nabobygda. Dei eldste elevane på skulen då, vart sjetteklassingane!


Er det noko framtid i å drive skule for ei handfull elevar?

Skuletida i Eikesdal vart aldri noko "højdare" for meg! Å vere aleine i klassa, var ei utfordring større enn ein unge skal vere nøydd å handtere. Heldigvis hadde eg i dei fleste av dei åra søskena mine på skulen, men dei hadde sine venner, og var trass alt ikkje so interessert i å ha veslesystera hengjande etter seg.
Eg kan fortelje ei historie frå skulen som kom som eit ekstremt flashback tilbake til meg i helga:
Det var ein eigentleg heilt vanleg tysdag i femte klasse. Akkurat denne dagen var begge syskena mine borte frå skulen, kanskje hadde nok dagen blitt bedre om dei var der... I eit friminutt utpå dagen var eg med på fotballsparking, og av ein eller annan grunn oppstod det ein konflikt eg var innblanda i. Eg reagerte med voldsomt sinne, og gjekk rett på do og låste meg inn! Der vart eg sitjande medan dei påfølgjande to timane og det siste friminuttet pågjekk. Kjensla av at ingen forstod meg, var grusom! Det vart ikkje noko betre då rektor nokre dagar seinare sende brev til foreldra mine og sa at fråveret i dei to timane ikkje var meldt på førehand, og det var ikkje i samstemming med reglementet... Hadde han verkeleg ikkje høyrt om skulking???!!!

Ein litt sliten skulegard har gjort jobben sin for generasjonar av born i Eikesdal.

Denne historia om meg sjølv bruker eg som ein illustrasjon på korleis skulegangen kan vere for veldig mange born som ikkje trivst på skulen, som ikkje har venner på skulen, og som på grunn av manglande sosial tilhøyre på skulen, også blir fagleg svak. Eg trur ikkje mi historie er særskilt, og eg fortel ho ikkje for å hengje ut dei andre eg gjekk på skule saman med! Eg fortel heller ikkje historia for å klandre verken medelevar eller lærarane. Lærarane gjorde nok heilt sikkert så godt dei kunne, men denne lille skulen med eit elevtal i fritt fall gjennom heile 80-talet, tilhøyrde på mange måtar ikkje den verkelege verda! Grunnen til at eg fortalte denne historia, er at eg vil motbevise noko som mange gonger har vore sagt og skrive gjennom åra, nemleg den forferdelege løgna om at mobbing ikkje skjer på små skular!
Eg har fleire historier eg kan fortelje, men eg gjer det ikkje, for det fører ikkje noko godt med seg! Men då eg såg skulebileta som hang i inngangspartiet på skulen, syntes eg oppriktig synd på dei ungane som var avbilda.
Kor små skular skal ein halde liv i? Kva er sosialt forsvarleg? På den andre sida: Kor langt er det forsvarleg å sende ein førsteklassing avgarde på skuleveg? Kor farleg skal skulevegen vere før det ikkje er eit alternativ?
Det er dei spørsmåla politikarane skal handtere. Politikarane skal setje dei to faktorane opp mot kvarandre. Og alt kan ikkje reknast i kroner og øre. Kva er viktigast - at ungane går på skule i heimbygda si eller at dei har eit klassemiljø som fungerer?

Ja - eg veit kva eg hadde velt! Og svaret er akkurat det samme som då eg var ungdom og foreldra mine lot meg bestemme! Det valet eg tok då, trur eg må vere den viktigaste bestemminga eg nokon gong har tatt for livet mitt, for alternativet kunne gjort framtida mi so mykje verre!
Eg meiner oppriktig at ein ikkje skal bevare dei små grendeskulane for ein kvar pris. Lærarane roper om at læringsmiljøet er like bra som på større skular - dei sentralgitte prøvene i norsk, engelsk og matematikk er provet på det! Men desse prøvene etterspør ikkje korleis elevane trivst på skulen. Dei etterspør ikkje om alle elevane på dei små grendeskulane har andre elevar å vere saman med i friminutta og i fritida. Desse prøvene er i det heile tatt ikkje nokon mentometerknapp på den sosiale trivselen ved skulen.


Ein gong i tida var det både klasserom, bibliotek og legekontor her.

Skuleklokka ved Eikesdal skule har ringt ut for siste gong, og eg orsakar ikkje det. Eg vonar dei få ungane som er att i bygda får ein fin skulegange i nabobygda. Ja, dei veit at skulevegen er rasfarleg, og dei veit at det kan vere dagar dei anten ikkje kjem seg til skulen eller heim frå skulen. Men dei har eit klassemiljø og fleire ungar å vere saman med - dei har eit reelt val på kven dei vil vere saman med! Det synes eg er mykje viktigare!

NB! Eg har brukt Eikesdal skule som utgangspunkt for dette innlegget fordi det er der eg har vakse opp og har mest kjennskap. Det fins mange slike bygder i Noreg som liknar på Eikesdal, og eg vil tru det er mange som kan kjenne seg igjen i det eg skriv!


Ingen kommentarer:

Etiketter