Totalt antall sidevisninger

fredag 3. januar 2020

Nyttårsforsett: Eg vil bli meir lik Ari

Gjennom heile romjula har eg tenkt mykje på Ari Behn. Kor tragisk det var at mørkret skulle ta så makta over han at han velte å avslutte livet. 

Faksimile Dagbladet 27. desember 2019
I dagane etter Ari Behns død har godorda om han strømma på gjennom media. Noko av det som har gjort mest inntrykk, er å lese om korleis han var mot andre menneske. Han var ein som såg og anerkjente den han møtte, han hadde alltid eit godord på lager til andre, og han kunne hugse att folk etter mange år. Det har vore sagt i veka som har gått, at han skulle fått godorda om seg mens han levde. Det er jo alltid lettare å skrive ein nekrolog enn å tale rosande om ein som er i live.
I nyttårstalen snakka Kongen om akkurat dette. "Vi skal gjøre alt vi kan for å se denne (livs)kraften i hverandre og løfte den frem". Og så sa han dei fine orda som er på bildet under her (bildet funne på Facebook). 
Kanskje var det frå Ari han lærte kor viktig det er å sjå kvarandre og gi kvarandre dei gode orda?


Gjennom dei siste seks-sju åra har eg i desembermånadane prøvd på akkurat dette. Når adventa kjem, framsnakkar eg ein eller fleire kvar dag på veggen min på Facebook. Eg begynte med det fordi eg høyrte ei på radioen som fortalte om at ho gjorde det ein dag eg var på veg til arbeid. "A ha, det kan eg og gjere", tenkte eg, og starta med det med ein gong. No har det blitt ein viktig førjulstradisjon for meg. Kroppen min og bevisstheita mi innstiller seg på det allereie ein gong i november.
Eg hugsar og at ho som no er fylkesordførar tente på ideen samstundes. Etter nokre dagar eller veker vart det ikkje meir med ho. Kanskje oppdaga ho det som slår meg kvart år. At det krevst både tid og omtanke for å gjere det. At ein ikkje berre framsnakkar dei som er nærmast, men at det og gjerne bør vere ein god grunn for at nettopp det mennesket får sitt namn nemnt den dagen - og at eit menneske blir hugsa for den ein er meir enn det ein gjer. Derfor er det faktisk litt meir intellektuelt å gjere det enn ein kanskje trur. Det ligg meir arbeid bak enn berre dei orda som når den som les.
Å hugse å framsnakke kvar dag, krevst litt ekstra merksemd og hugs. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på desse daglege boosta av gode tankar. Mange av vennene mine på Facebook synest det er hyggeleg å sjå kven eg vil trekke ekstra fram dei dagane.
Men eg kjenner eg møter meg sjølv støtt i døra - fordi i blant står eg rådlaus og lurer på kven som skal få sitt namn nemnt. Kven er det eg ikkje har nemnt før? Det skapar stress og panikk hos meg om eg ikkje har fått det til - det som eigentleg skal vere berre triveleg førjulsskribleri på veggen min.
Eg skal ikkje rose meg sjølv opp i skyene for at eg gjer dette, men ønsker å understreke at det å gi godord til andre er eit bevisst val ein tar. For Ari Behn låg dette tydelegare framme i bevisstheita enn det gjer hos folk flest.
Dei siste dagane har eg lest og høyrt frå fleire hald at han var den utvilsamt mest oppmerksame ein kunne vere i same rom med. "Ari var den varmeste og vennligste, en som fikk enhver han møtte til å føle seg som den eneste", skreiv Fredrik Skavlan i sosiale media i romjula (sitat: Dagbladet).

Gjennom romjula har eg tenkt mykje på Ari Behn. "For en fin fyr var", som Astrid Meland i VG skreiv. Eg har tenkt at eg ønskar å bli meir lik Ari Behn. Eg har lyst å bli flinkare til å sjå dei menneska som er i rundt meg - ikkje berre dei, men folk eg møter, folk eg ikkje kjenner, folk eg berre råkar på. Eg har lyst at fleire skal oppleve at dei er spesielle for meg. I 2020 vil eg bli flinkare til å gi fleire godord.

Men korfor skriv eg dette her?
Jo, fordi at det å få det til, krevst enorm merksemd og åtgaum frå mi side, eg må bli meir opensinna i møte med folk. Det gjer noko med heile det mennesket eg er. Fordi eg vil bli eit bedre menneske - eg vil tenke at eg har eit potensiale på å bli enda snillare og hyggelegare. Og det er ikkje fordi det skal vere noko eg skal skryte av eller gjere meg stor på. Når eg skriv det her, stiller eg samtidig strengare krav til meg sjølv - for at du som lesar kan spørre meg om korleis det går i dette "prosjektet". Eg vil nådig bli svar skuldig...
I følge Blomster-Finn skal Ari Behn ha sagt at han ikkje har tid å tale dritt om andre. Det er noko å strekke seg etter. Tenk om vi i 2020 kunne ha det travelt med å ikkje snakke dritt om andre - men ha god tid til å vere saman med kvarandre.
Å tale vel om andre og til andre gjer noko med heile mennesket. Det påverkar sinnet ditt, det gjer at du ikkje får lyst til å spreie ut så mykje gørr som kanskje elles kan komme. Det gjer deg sterkare i møte med dine medmenneske.
Om du er i lag med menneske som er slik, vil det vonleg spreie seg. Ein kjenner at ein skjerper seg på å vere eit bedre menneske - og er ein skjerpa lenge nok, blir det ein vane. Eg tenker at folk flest ikkje har vondt av å skjerpe seg...
Viss det som var Ari Behns sinnelag kan gjere at mange fleire blir meir oppmerksame på menneska i rundt seg. Viss mange fleire blir litt flinkare til å gi gode ord til både kjende og ukjende - viss vi startar leite etter livskrafta i kvarandre, slik kongen sa i nyttårstalen - då trur eg vi er med og bygge eit bedre samfunn rundt oss.
Ari Behn viste i praksis Kongens ord om at alle er like mykje verd - no har han kasta hansken over til deg og meg: No er det oss det står og fell på!
Ein på Twitter skreiv at vi no må gjere som Kongen befalar. Eg vil gjere det slik Ari praktiserte <3

Faksimile VG 27. desember 2019

Ingen kommentarer:

Etiketter