Totalt antall sidevisninger

torsdag 2. juli 2020

Turblogg: Buferdsdag til Grøvudalen

Eg oppdaga til mi overrasking at eg ikkje har skrive om Grøvudalen på veldig lenge... Så denne bloggen handlar om buferdsdagen inn til Inner Gammelsetra - no er setra opna for gjestar :)


Tysdag denne veka var det dags for å få dyra avgarde frå Svisdal gard til seters for å gjere seg feite. Sju kyr og to små kalvar skal få nyte sommaren i fjellheimen - til glede for både menneske og dyr :)


Det er fleire grunnar til at eg likar å skrive om Grøvudalen, og som den skribenten eg er, har eg funne ut at eg kan lage iallfall fire artiklar ut frå den turen eg gjorde tysdag - fire forskjellige. Så mykje er det å fortelje om Grøvudalen og alt som skjer der og alt ein kan oppleve der. Derfor inviterer eg gjerne deg som lesar med innover denne fine dalen - og blir du med heile vegen, kan du få med deg litt drama og.


Fleire av kyrne har vore i Grøvudalen før, men gløymer frå år til år korleis det er, derfor tar det litt tid før dei forstår at dei verkeleg er på veg til seters. Kalvane, stakkar, dei har jo aldri opplevd dette før, og det er no ei utfordring til dei. Det kjem eg tilbake til.
Det finst veldig, veldig mange gode grunnar for å ta turen innover til Grøvudalen, og det å gå langs elva Grøvu, gir veldig god sjelefred. Dessutan er det ein veldig lett tur, mesta ikkje nokon bakkar, men nokon kan jo synes at 7 km er langt å gå.
Men tenk på det som møter deg når du kjem innover til Grøvudalen <3




Dei to kalvane heiter Pierre (den lyse) og Sivert (den brune). Men det er jo ei utfordring to så små, enno mesta nyfødde kalvar å komme seg innover. Det gjekk bra denne gongen, dei gjekk sjølv, men la seg ned for å kvile i blant, men kom seg trygt fram.



Då var det noko heilt anna i fjor...(bildet under). Då ville dei to kalvane absolutt ikkje gå, og til slutt måtte Pål Svisdal (til høgre) dra tilbake til garden og hente ATVn, slik at dei to små kunne ligge bak på planet saman med Jørgen (nybonden). 



Tilbake til årets tur: Det er ein del drama som kan skje på slike turar, og vi hadde ikkje kome langt før panikken vel steig nokre hakk hos nokon av oss... Traktoren med ganske mykje pikk-pakk på hengaren hadde køyrt seg fast i den litt for store elva... Kva skjer, blir dette løyst greit? Eg såg dei prøvde å bruke strammereim festa til tre, og etter at eg hadde gått vidare, løyste det seg - traktoren kunne køyre vidare.


Kyrne trur eg var veldig fornøgde med turen innover. Dei pilta innover i eit bedageleg tempo, stoppa og åt, stoppa og drakk, stoppa for å tenke på korleis sommaren vil bli... Trur det var mange gode tankar i dei sju kuhjernane :)
Enn han Prins då... Han prøvde å halde seg unna kyra, men når det kom til kalvane... Då trur eg rett og slett han begynte å lure på om han var kalv...



Prins trudde visst han var kalv... (foto: Anisa)



Det blir ikkje seterdrift i Grøvudalen utan dyktige budeier. Nokon få av dei kan til og med køyre traktor - slik som Eli, som kom på at ho kan å køyre traktor. Ho er budeie på 18. året på setra, så det ho ikkje har opplevd der, trur eg ikkje har skjedd...Det vil seie - eg trur nok ho har opplevd det meste som kan opplevast av gode og dårlege dagar, godt og dårleg ver+++

Eli testar køyreferdigheitene :)

Meir enn 100 års setererfaring samla rundt traktoren Blåmann. Frå venstre Magne Olav Svisdal, Tor Helge Gravem
og Eli Bæverfjord Rye.



Endeleg - etter seks lange kilometer gått, ser vi endeleg fram til setra - rundt ein kilometer lengre inn. Alt har gått greit, kyra har oppført seg eksemplariske, knappast eit raut var å høyre før dei nærma seg setra. Folket er intakte... Snart framme!


Eit viktig skilt som seier at vi snart er framme :) Og at det finst meir enn berre setra i Grøvudalen.
Før ein er heilt framme på setra, må ein over brua... Eg bestemte meg for å filme i ca 40 sekund... Sjå i videoen kva som skjedde.... Eg skulle ha filma i 5 sekund til!


Då dei var komne mesta heilt over, skjer det plutseleg eitt eller anna, og gjennom eit hol i gjerdet, deiser to kyr, mellom anna bjellekua, rett i elva. Heldigvis gjekk det bra, dei kom seg trygt på land igjen, og lever no seterlivet i Grøvudalen :)







Triveleg selskap rundt storbordet på Inner Gammelsetra - Anisa, Siri og Eva.
Noko av det eg synest er fint med buferdsdagen er at vi får middag når vi kjem fram. Etter å ha gått i mange timar utan mat, borrar svolten seg gjennom marg og bein... Heldigvis hadde eg med niste, og den gjekk rett ned.


Prins fekk mange venner på turen :) Her er det Tora frå Ålesund som gir han kos :)


Eg hadde fleire artiklar eg måtte førebu på turen, så det var fleire intervju å gjere - både på setra og nede på Grøvudalshytta, som er eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforeining (KNT). Der er det oppgradering og utviding av hytta på gang, men hytta er open for alle som går forbi der.

Dyktige dugnadskarar for KNT: Jan Louis, Johan, Vidar og Arnt.
Her blir det påbygg med ny stue og kjøkken.
Så var det tid for å komme seg tilbake dei 7 km til Hallen, kor ein parkerer bilen. Med smertefulle bein vart det 7 lange kilometer, men det gjekk - eg hadde heldigvis nye stavar å stø meg på. Eg håpar helsa held til fleire fine fjellturar i sommar med minst mogleg smerter... det er håpet mitt iallfall.


Veldig kjekk turgjeng - håpar vi får til å ta turen igjen seinare i sommar/ haust :)


Ajajaj... Prins er vanlegvis nøye på ikkje å bli møkkete.... Men på denne turen måtte han berre ta det som det kom...
Det er alltid greit å prøve å søke ny kunnskap om noko, og på denne turen, tok eg nokre bilde av fjellblomane ein finn i dalen. Så er spørsmålet: Kva heiter dei? Jau, det fann eg ut ved å slå opp på bilda Tor Helge Gravems facebookside, fordi han hadde tatt bilde av dei same blomstrane og lagt ut.

Mogop: Sunndal er eit av dei nordlegaste område denne planta veks.

Smørblomst

Fjellsmelle - den kan ein finne i m.a. Jotunheimen heilt opp på langt over 2000 meters høgd.

3 kommentarer:

Arne Øversveen sa...

Tusen takk for turen. Grøvudalen er fineste området jeg har gått. 👍

Anonym sa...

Jeg tror den fine blomsten du kaller mogop, egentlig er en reinrose.

Lady Ingunn sa...

Takk for hyggelege tilbakemeldingar :) Eg er ikkje nokon blomstereksepert i det heile, og samanlikna bilde Tor Helge hadde lagt ut, og meinte dermed at det var mogop.

Etiketter