Totalt antall sidevisninger

tirsdag 1. mars 2022

Kor var du då Olof Palme blei skoten? Eg ser tilbake

I kveld, 28. februar, er det 36 år sidan hendinga som innleia ein spesielt dramatisk periode i europeisk historie. Drapet på Olof Palme hugsar eg godt, og alt som skjedde i dei to månadane fram til slutten av april det året, var og viktige hendingar i mitt liv då.

Bilde funne på internett.


Dei siste rundane rundt Grøa i saman med Prins, har eg brukt på podkastar på NRK om to av 1986s mest skjebnesvangre hendingar. Dei innleia ein vår som er vanskeleg å sleppe - særleg fordi Ukraina var så sentral i all dramatikken.

Det er enkelte hendingar som sitt godt i minnet, og eg hugsar godt kor eg var då nyheita om at Olof Palme var skoten og drept kom på nyheitene laurdag morgon 1. mars. Sjølv var eg på besøk hos søster mi på folkehøgskolen ho gjekk på.
Drapet gjorde stort inntrykk, og eg kan hugse at eg såg gravferda hans på tv. At denne hendinga skulle innleie to dramatiske månadar i både norsk og europeisk historie, kunne ein knappast sjå for seg.
At ein statsminister blir skoten på opa gate ei kveldsstund, er ikkje kvardagskost - verken i vår del av verda eller elles rundt om. Skjønt det hadde vore fleire attentat i dei siste åtte-ti åra (til dømes Anwar Sadat i Egypt, Indira Ghandi i India, Ronald Reagan i USA, John Lennon i USA), så det var ei uroleg verd vi vaks opp i.

Mindre enn ei veke etter at Palme var drept, skjedde den fatale ulykka i Vassdalen. 16 unge soldatar gjekk meiningslaust i døden då dei måtte gå inn i Vassdalen kor dei vart tekne av snøras.
Den gang dette skjedde, var eg berre 14 år, og det gjekk hardt inn på meg. Kveld etter kveld handla Dagsrevyen (dåtida si einaste nyheitssending) om drapet på Palme og soldatane som vart tekne av raset. Faktisk så vanskeleg var det, at eg måtte skrive dikt - eg veit ikkje om det finst lengre, men det å sjå 16 kister draperte med det norske flagget, gjer inntrykk. Det gjorde det då og det gjer det enno.

Bilde funne på internett.

Eg har lytta til to podkastar som er publiserte på NRK om drapet på Olof Palme og om Vassdalen-ulykka. Han som truleg drap Palme, er død, og derfor har politiet lagt bort vidare etterforsking av ulykka. Det vart gjort i 2020, og eg vil tru dei kjende tida gjekk frå dei - 34 år etter.

I podkasten om Vassdalen-ulykka er det tydeleg at Forsvaret ikkje har tatt på seg tilstrekkeleg nok skuld for det som hende. I følgje etterlatte held det ikkje berre at han som var leiar for forsvaret i Nord-Noreg då, Arne Pran, tok på seg skulda. Dei som iverksette øvinga burde og ha vedgått at dei vurderte feil.

Så var det roleg lenge. Sakte gjekk både Palme og Vassdalen ut av minnet og våren kom. Heilt til nyheitene 26. april - så vidt eg hugsar tok det mange timar eller var det dagar? - kunne melde om eksplosjonen i atomreaktorane i Tsjernobyl. I Noreg merka vi dette ved at det var mykje dyrekjøt som ikkje kunne etast i lang tid etter på grunn av den farlege gifta bequerel, som det var store utslepp av etter eksplosjonen. Vi hadde jo aldri høyrt ordet bequerel før, men brått vart det eit kvardagsord i norsk språk og. Stråling var eit anna ord som dukka opp, og det påverka byen Tsjernobyl så sterkt at han vart ein spøkelsesby i fleire tiår etterpå. No kan ein dra inn i byen og vere turist og sjå korleis alt står att etter at folket drog (jamfør det nedste bildet, som er tatt av ein venn av meg).

På den tida hadde eg inga oppfatning om at det store Sovjetsamveldet var delt inn i mindre land eller regionar. Derfor merkte eg meg ikkje med at Tsjernobyl låg i Ukraina. Det tok lang tid før eg fekk det med meg.


Funne på internett.

Då desse hendingane skjedde, var eg som nemnt, berre 14 år. Eg veit ikkje om det verken var eller er så vanleg at 14-åringar får med seg slike hendingar og reflekterer rundt det (forutan at eg veit det er heilt normalt i min familie).


Foto av Todd McNamara tatt på sjukehuset i Tsjernobyl.

Kanskje var det ikkje så rart at eg grubla. Dette var første vinteren det var berre pappa, bestemor og eg på Hoemsetra, der ute i øydemarka. Utanom skoletid var det ikkje så mykje som skjedde i livet mitt, men heldigvis kunne eg dra på helgetur til søster mi på folkehøgskolen. Det skjedde ikkje så mange gonger, så at drapet på Palme fann stad då, var all grunn til å legge merke til. Fleire av dei søster mi gjekk saman med, snakka om det.

Eg har faktisk ikkje tenkt så nøye på at alt dette skjedde i løpet av eit par månadar før no nyleg. Ikkje så rart at det gjorde store inntrykk på ein 14-åring - det hadde det gjort om det var mine eigne ungar i notid og.

Heime snakkar vi ein del om det som skjer i Ukraina no - 14-åringen og eg. Det er naturleg at ein snakkar om det som skjer i verda - for oss er det iallfall det, og eg håpar andre og har denne praten rundt middagsbordet eller mens ein ser nyheitene saman. 

Vi blir bombarderte med nyheiter no - heilt sidan Gulfkrigen i 1991 har ein vel i stor grad kunne ta del i hendingane live. Det vart forsterka då TwinTowers i New York ramla på direkten 11. september 2001. Slik er det og med krigen i Ukraina - han skjer på direkten mens vi ser på tv.

Det slapp vi heldigvis i 1986. Om vi ikkje høyrde på nyheitene i radioen kvar time, måtte vi vente til nyheitene kl. 19.30 på tv. Vi kunne i mykje større grad distansere oss frå det som skjedde - uansett om det var i Noreg eller ute i verda. 

Slik sett var det mykje tryggare å vere 14 år i 1986. Kanskje eg skulle fortelle det til min eigen 14-åring når vi snakkar om tanks som omringar Kiyv, fredsforhandlingane i Kviterussland og ekskludering av russarane i idretten.

Det var mange fleire dramatiske hendingar den våren, men ingen som rører i minnet slik som desse tre. Kanskje kunne ein seie at det jo var bra det var Eurovision Song Contest i Bergen i mai då. Ein fin måte å avslutte den trasige våren på... Men heller ikkje her gjekk det heilt feilfritt for seg, for ei gal kvinne gjekk til angrep på dåverande kronprinsesse Sonja og tømte ei oljeblanding på henne.

Heldigvis gjekk det bra, det var berre ei lita hending, og heile kronprinsfamilien hadde ein triveleg ESC-finalekveld i Bergen.

I same tida som det var finalen i Bergen då i 1986, er det no finale i Eurovision Song Contest i Torino i Italia. Ikkje berre på grunn av sympati frå heile Europa, men dei siste dagane har songen frå Ukraina, som ved ei underbar tilfeldigheit vart deira bidrag (fordi det var noko med at ho som eigentleg skulle delta, hadde vore i annektert område og forfalsking av ID), segla opp på rankinga som ein stor favoritt. 

Måtte den beste songen vinne årets finale - og må den for all del vere den fantastiske songen til Kalush Orchestra frå Ukraina ! 



Ingen kommentarer:

Etiketter