Totalt antall sidevisninger

lørdag 21. januar 2023

Ein MORO sykkeltur til Sekken

Viss det er noko pandemien har vist oss, er det at kortreiste turar har like stor glede og verdi som dei langreiste. Ein sykkeltur rundt den vesle øya Sekken i Romsdalsfjorden fekk opp humøret på oss tre som tok av garde.

I det ferga sig ut frå Sekken, har vi tatt til høgre på vegen på runden rundt øya.

- La oss ta oss ein sykkeltur på Sekken, tenkte eg, og fekk rekruttert med broderen og ein kamerat til turfølge.

Syklane fekk plass på sykkelstativet bak på bilen og vi peila oss inn på ein høveleg fergeavgang frå Molde ein formiddag i slutten av juni. Sola skein og humøret var på topp allereie før vi var komne fram.

Mitt formål med turen var sjølvsagt dei to stikk ut-postane på øya. Eg hadde aldri vore på Sekken, og Stikk ut er ei flott moglegheit for å bli kjent med nye stadar.

Sekken er den vesle, men grønne og frodige, øya midt ute i fjorden mellom Molde og Vestnes. For å komme dit, må ein ta ferga frå Molde ferjekai. Nokon hugsar vel ennå Juleferjå på TV2 for mange år sidan… Dessverre er ikkje den i drift lengre, men ferja som tøffar mellom holmane på Hjertøya, er ei lita og koseleg ferje.

      

             

                                              

I turomtalen på nettsida til Stikk ut står det at ein kan ta buss frå fergeleiet når ferga kjem til Sekken på dagtid. Det er slettes ikkje nødvendig med verken bil eller buss for å gjennomføre turane til Teppinga og Eikaberget, som har vore stikk ut-turar dei siste sesongane.

Den eine grunnen til at det ikkje er nødvendig med bil, er fordi ein kan sykle. Men turen til den første posten, Teppinga, startar i gåavstand frå fergeleiet. Då kan ein heller komme ned ved butikken og ta bussen tilbake.

Litt uflaks må ein rekne med, men resten av turen gjekk bra.

Broder Terje studerer utsikta frå vestsida av øya i retning Vestnes.

Planen vår for dagen er å sykle rundt heile Sekken for å sjå oss rundt og for å gjennomføre dei to nemnte småturane. I det vi syklat av ferga, legg vi vegen til høgre i staden for venstre.

Viss ein tar til venstre, kjem ein raskare til butikken og skolen, det vil seie sentrum av øya. Når ein tar mot venstre, er det asfaltert veg nokre kilometer forbi nokre hytter som ligg langs sjøen.


På vestsida av øya er det grusveg og ingen trafikk. Heilt perfekt å sykle ein godversdag.

Etter kvart kjem ein over på ein grusa bomveg som vi sykla langs. Delar av vegen er det utsikt over mot Molde, men i det vi rundar øya ned mot sørsida og passerer Romdalvika, ser vi over mot Vikebukt og Vågstranda.

Enno har vi ikkje starta på dei to stikk ut-turane, for først skal vi til butikken og sitte utanfor og spise lunsj. Før vi kjem fram til butikken, passerer vi ein stor jordbæråker på eine sida og stien opp mot Teppan på andre sida av vegen. Det er ein liten kilometer frå butikken. Inne på butikken freistast eg til å kjøpe sekkenbær for å få litt ekstra god motivasjon til å fortsette turen.

Framme ved butikken

Ved butikken ligg både skolen og barnehagen og det lokale muséet. Ved å forhøyre seg på butikken kan ein få ta ein kikk inn i muséet. Nokre andre som også var på sykkeltur rundt øya, gjorde det, men vi hadde dessverre ikkje tid.

Ein viktig del av turen er å støtte opp om øyas lokale næringsliv. Å handle på butikken er ein del av det.

Sekken Oppvekstsenter ligg på andre sida av vegen for butikken.

Vi syklar den lille kilometeren tilbake til der det står skilta stikk ut-tur, og der startar ein skogsveg oppover lia. Berre kompisen vår som er med er nok trent og har god nok sykkel til å trø seg oppover der, så broderen og eg startar den lange trilleturen. Heldigvis er det ikkje veldig bratt, og heldigvis er det skogsveg eller brei sti heile vegen.

    

                       

Skilting retning stikk ut-posten på Teppinga.

Framme på post 1 - Teppinga

 


Like nedanfor stikk ut-posten på Teppinga går det ein sti mot høgre, og der skal vi bortover for å finne den neste posten. Det er der den verkelege prøven kjem, for der er det ikkje brei og fin og tørr sti. Tvert om! Der er det smal sti og mange parti som går over myrlente område. Ikkje å undrast at ein blir litt blaut på beina – det skal godt gjerast å unngå det. Og mens stien til Teppinga ikkje var spesielt bratt å trille sykkelen på, går det saktare mot Eikaberget. Vi flirar godt der vi går med syklane attmed oss i skogen.

Dei siste 100 metrane opp til stikk ut-posten på Teppinga brukar
vi beina. I bakgrunnen kan ein sjå skilting vidare til Eikaberget.
Ta høgde for at det kan vere gjørmate!


Post 2 - på Eikaberget

På Eikaberget, som ligg på 302 m.o.h, er det kjempefin utsikt utover fjorden i fleire retninger. Til trass for alt strevet med å dra med sykkelen gjennom skogen, var utsikta verd strevet.


Det gode trekløveret framme på Eikaberget med nydeleg utsikt i fleire retningar.

Besøket på Eikaberget var verkeleg ei flott oppleving! Her kan ein nyte nista med godt samvit :)

Stien til Eikaberget går til venstre, følg skiltinga.

Då er det å tenke på returen til ferga. Vi har ikkje for mykje tid til ferga går, men vegen er lang og utfordrande. Stien nedover lia, som ender opp like ved butikken, er humpete, steinete, og det er fleire stiar å velje mellom. Sykkelen får verkeleg prøvd seg, der eg spring over både stokkar og steinar.

Etter å ha trilla sykkelen over stokk og stein ned lia, er eg endeleg rett ved butikken.

Frå butikken til ferja er det ni kilometer, og eg trakkar på det hardaste eg kan. Sjølv om det er knapt med tid, tar eg meg tid å stoppe ved kyrkja for å sjå statua til Håkon Herdebrei, som falt i slaget ved Sekken i 1162. 

Dei to karane har sykla frå meg, men i det eg også kjem fram til ferjeleiet, er det rett før ferja legg frå land. Vi kjem oss med i heilt siste liten. Sjølv på ein nydeleg sommarkveld er det greit å komme seg avgarde heimover igjen.

Men turen rundt og over Sekken var verkeleg moro. Vi flira godt av galskapen, for vi hadde ein triveleg tur – ein skikkeleg MORO tur.

Takk for denne gongen, Sekken. Det var eit triveleg dagsbesøk på den vesle øya i Romsdalsfjorden.








2 kommentarer:

Anonym sa...

Artig å lese om turen deres på Sekken. Hilsen ei Sekkjataus som er blitt urbanisert.

Anonym sa...

Kjempefint innslag frå Sekken,får min er oppvokst på denne flotte øya,og kvar helg og alle feriar budde vi der på hytta vår i Vedalshaugen. Sekken er virkelig ein draumeplass der du finn roen😊👍🏼

Etiketter