Totalt antall sidevisninger

tirsdag 10. oktober 2017

Turblogg: Med utsikt mot Atlanteren

Det har vorte alt for få turar ute ved kysten. Det fekk eg gjort noko med i dag - i eit fantastisk haustver og med ei fantastisk utsikt til Atlanteren.


Varden på Talstadhesten - 913 moh.
Eg hadde avtalt med ei venninne at vi skulle utforske Talstadhesten i dag. Med sine 913 meter over havet er det ikkje det høgaste fjellet i Fræna kommune, men blant dei høgaste. Uansett reknast det i stikk ut-sesongen 2017 som det høgaste stikk ut-målet  i Fræna (Luten reknast for å vere eit turmål i Eide).

Turen starter eit stykke ovanfor sentrum av Elnesvågen. Det står godt skilta oppover. Stor og romsleg parkering, for dette er eit populært turmål. Dessutan er det ikkje parkering berre for dei som skal til Talstadhesten, men og dei som skal til Lågheia, Høgheia og Haukåssetra. På ein godversdag i ferien, slik som i dag, var det mange bilar der.

Skilting til de viktigste turmålene i området.
Opp til Haukåssetra, kor det er ein nybygd gapahuk med fine forhold for ein liten søndagsutflukt, er det fin grusveg.

Haukåssetra gapahuk.

Skilting av den bratteste stien mot Talstadhesten og stikk ut-målet Lågheia.

Det var denne vegen vi tok opp mot Talstadhesten.
Vi tok den lengste vegen mot toppen. Frå Haukåssetra startar turen ikkje spesielt bratt. Vi går over ei elv, men vi tok ikkje vatn i flaskene. Vi var rett og slett usikre på om elva var rein. Derfor er det viktig å hugse å ha tatt med seg nok vatn til turen.
I det partiet er det ein del blaute, gjørmate område. Ein greier seg fint om ein siktar mot alle steinar og røter ein kan sjå. Stien er ikkje spesielt godt merka, men ein ser at det er ein sti. Når ein har kommen forbi dei blautaste områda, kjem ein til det bratte partiet. Ikkje veldig super sti, det går oppover og oppover, og det verkar som at skogen og den dårlege stien aldri tar slutt. Denne delen av turen får eit terningkast 2 av meg.
Så nær sagt plutseleg skjer det det som er så herleg med mange fjellturar. Ein kjem over skoggrensa, og plutseleg sansar ein at turen har ei langt større meining enn kjedeleg skogvandring.

Skog og skog og inga utsikt.

Midtkvile - på tide å få i seg litt mat - alle tre var svoltne.

Sjå der - det begynner å bli utsikt :)

Prins var gira på å komme seg opp.

No begynner vi å snakke!!!

Så steig Jendemsfjellet fram.
På Midtkvile var vi svoltne alle tre. Her lærte eg og noko nytt (det er det fine med turar!). Prins hadde nemleg ikkje spist noko til frokost før vi drog heimanfrå, og oppover lia var det tydeleg at han begynte å gå tom og bli umotivert. Han var tydeleg fornøgd då eg fann fram matboksen hans med brødskive og tørrfor. Maten fekk bein å gå på. Då var vi klare til å gå vidare og gi oss i kast med dei neste høgdemetra.
Det var ein fantastisk følelse å stige over tregrensa. Då skjønte vi kor flott utsikt vi skulle få. Eg gledde meg veldig på å sjå havet. Hadde vi vore der noko seinare, hadde vi vel kanskje sett sola ned mot horisonten.
Litt meir pause måtte vi ha på vegen før vi kunne ta dei siste høgdemetra. Men det fine med å stige over tregrensa, er at det begynte å flate meir ut, slik at det vart ein jamn, fin sti oppover. I omtalen av turen (som du finn her), står det at ein kjem først til nokre "luretoppar", men ein skjønnar når ein begynner å nærme seg toppen. Og nær sagt plutseleg stig varden fram frå det blå. Hurra - snart oppe!

Matpause.

Så dukka høge fjell i Rauma opp i horisonten.

Her ser vi opp på ein av desse "luretoppane".

Det vart litt meir moderert terreng etter kvart.

Terrenget vart lettare etter kvart som vi kom oppover.

Siri ved ein av "luretoppane".
Vi har aldri blitt fotografert så mykje, Prins og eg, som på denne turen... hehe :)
Like før toppen kom vi til eit platå kor vi fekk panoramautsikta rett imot oss. Noko så fantastisk! Det var panorama i 360 grader - men dessverre gløymde eg å filme det... 
Oppe på toppen står varden og postkassa. Talstadhesten er stikk ut-post! Her kjem eit knippe bilde av den fantastiske utsikta :
Utsikt mot Frelsvatnet, Hostadvatnet,  Sjurvarden, Stemshesten, Melen og Farstad.

Litt usikker kva denne fjellrekka heiter. Kanskje nokon kan bidra her?

Tid for å skrive seg inn i stikk ut-boka :)

Tenk å vere stikk ut-postkasse med denne vakre utsikta!

Kva skoder våre auge i bakgrunnen? Skjorta, Fløtatinden, Vikesaksa og andre viktige fjelltoppar. For ein vellukka tur!

Litt bedre zooming av fjella heime! Det aller viktigaste med turen - sjølvsagt :) Kan nokon hjelpe til med namning?
Eg zoomar litt til, eg, forresten :)

Langvatnet, Herskarvatnet og Lauvhornet.

Det fantastiske Romsdalspanoramaet! 

Utsikt mot Jendemsfjellet.
Ja, det var kjempefint oppe på toppen. Det var berre eit minus: Alle teikn tyder på at eg gløymde gåstavane mine ved postkassa. Eventuelt litt lenger nede. Kan nokon bringe dei ned og leggje dei inn på ein butikk kor venner av meg kan hente dei?

Men då vart det retur ned same vegen. Vi såg ikkje kor den andre stien gjekk hen frå toppen, og uansett var den vesentleg brattare enn den vi hadde gått, så det var ikkje veldig aktuelt å leite opp den stien heller.
Totalt på turen brukte vi i overkant seks timar. Vi brukte - med matpauser - rundt fire timar opp, og så vart det rundt to timar ned.
Det fantastiske med denne turen, var den enorme utsikta. Vi kunne sjå over mot ganske mange kommunar - frå Sandøy ute i vest til Sunndal og mogleg Surnadal i aust. Totalt trur eg ein kunne sjå inn i nærmare 12 kommunar.

Verdas beste turkamerat <3


tirsdag 26. september 2017

Turblogg: No veit eg kva eg kan sjå over dei høge fjella

Vi har mykje felles, Bjørnson og eg. Vi vil ut - vi vil sjå kva som er over fjella. No veit eg litt meir om kva som var å sjå over mine høge fjell!
Hoåslia sett frå trappa heime. Kva er bak fjella? Eg må opp og sjå.
Det starta med at eg var litt stor i munnen i fjor haust. Lars la ut bilde på Facebook frå turen opp mot Trolla han hadde vore på, og då erklærte eg at greidde han turen, skulle eg og greie den. Då blanda Arne seg inn og sa han og ville vere med på turen. Og eg kommenterte at eg kunne vere med gammelkarane på tur for å halde gjennomsnittsalderen nede...
Så i forrige veke kom meldinga frå Lars om eg ville vere med på tur til Store Trolla (fjellet er rundt 1800 m høgt). Jada, svara eg, det kunne eg nok sikkert.
Så starta vi avgarde søndag morgon kl. 8 frå grinda like nedanfor Hoåsbrekka på Grøa. Først måtte vi over ei grind, litt seinare over enda ei. Det var litt kjøleg, men det var lova fint ver på turen.

Strategi for turen leggast før avgang.

Det startar lett, men hardnar fort til opp lia.
Ikkje så langt oppe i lia måtte vi lette på hammen. Av med jakker - frå no var det t-skjortetemperatur! Lia er bratt, stien er smal, men det var tørt og fint. Karane jubla over den fine lia - det var lett å vite kor ein skulle gå, sjølv om det ikkje er noko merking. Eg vart meir og meir sliten og litt arg inni meg fordi det var bratt.
Med to karar som hadde plan om å komme seg opp på 1800 meter, var det ikkje rom for noko stor pause på veg opp. Her var det berre å henge på. "Et du ikkje blåbær du, Arne?" ropte eg. "Skal vi rekke Trolla, kan vi ikkje plukke bær", fekk eg til svar. Det var nemleg fortsatt godt med blåbær langs stien langt oppe i lia.

Hugs å drikke på veg oppover.

Eit stykke oppe i lia møtte sola oss og helste "god dag".

Utsikt ned mot Grøa-bygda og huset mitt :)

Det går oppover og oppover - men raske høgdemeter.

Ved veggen av Hoåsnebba.

Lars kunne sjå mesta heilt heim til Flatvad.

Blei mektig sliten på turen opp, men greide å halde motet oppe! Girlpower! Eg går ikkje langt utan stavane.
Langt oppe i lia fekk vi høyre lyden av sildrande vatn for første gong. På veg opp er det nemleg ikkje tilgang til vatn. Men no høyrde vi lyden av Fossa - eine elva eg ser heimefrå. Før vi nådde opp til elva, kom vi fram til turpostkassa. For ei glede å signere seg inn i turboka på 900 meters høgd!
Oppe ved Fossa vart kranvatnet i flaskene bytta med iskaldt, friskt kjeldevatn. No kunne vi endeleg ha matpause - tre timar etter at vi hadde starta frå Hoåsbrekka.

Like før vi nådde postkassa, fekk vi auge på Fossa.

Endeleg framme ved turpostkassa på rundt 900 meters høgd øvst i skaret.

Med Trolla i bakgrunnen var det ei stor glede å skrive meg inn i turboka rett før kl 11 om føremiddagen.

Borte ved Fossa var det ut med kranvatnet og påfylling av ekte kjeldevatn.

Dette er steinen som står skildra i turomtalen til Litjnebba.

Det fins ikkje spesielt mange omtalar av turen opp lia, men på denne linken frå www.ut.no står turen omtalt for å kome seg til fjellet Litjnebba lengre inn i dalbotn. Der står det og omtale av denne steinen som ligg over elva.
Lunsjen smakte framragande i høgda - sjeldan et eg lunsj i så mektige omgivnader. Då vi hadde ete, skiltes min veg frå Arne og Lars sin. Dei skulle innover mot Trolla, mens eg bestemte meg for å gå dalen der Skorgavatnet ligg. Herfrå kjem fossen Skorga som eg ser frå stuevindauget mitt heime. Den skal visstnok vere den femte høgaste fossen i verda med sine 864 meter. Når eg skriv "visstnok", er det fordi det ikkje er fritt fossefall, slik som Mardalsfossen er. Mardalsfossen er Nord-Europas høgste frie fossefall. Eg tenker fortsatt med glede på at eg var med å berge Fossa og Skorga mot kraftutbygging for nokre år sidan gjennom underskriftskampanjen eg var med og sette i gong.
Lunsj i mektige omgivnader.

Arne studerer oppover mot Trolla og lurer på kva som vil møte han der.
Lars og Arne forvinn innover Fossbotnin med Store Trolla.

Då eg kom opp mot 1000 meters høgd, var det fortsatt godt med både blåbær og krekling. Eg plukka litt, men ville ikkje bruke for mykje tid på det heller. Lysta i meg sa eg måtte vidare. Kor langt orka eg å gå? Kunne eg omså hamne over til Nerdal, kor ein parkerer for å gå til Innerdalen? 
Eg hadde ikkje gått veldig langt då eg møtte to ungguttar - ganske overraskande å møte fjellfolk der i 12-tida på nedovertur. Dei hadde overnatta ved Skorgavatnet, og skulle no gå ned til Hoås. Dei sa at eg måtte halde mot høgre viss eg skulle gå over mot Grønmyra og Grasdalen.
Fargane er ekstra sterke i fjellet. Og blåbæra var veldig god :) Fortsatt mykje att for den som orkar å gå.

Til og med blåklokka nytte haustlivet på 1000 meters høgd.
Eit stykke oppi, på ca 1050 meters høgd, kom eg forbi ei hytte.
Hytta sett frå motsett kant.

Skorgavatnet ligg 1041 meter over havet. I bakgrunnen ligg Kaldfonna.

Innover botnen her gjekk eg. Det er same vegen som når ein skal til Litjnebba (på høgresida). Frami heiter det Kleiva.
Innover dalen her var det ikkje så mykje sti, men det var lett å skjønne kor ein skulle hen. Inst inne heiter det Kleiva, og det er her ein skal sette nasen oppover fjellsida mot toppen av Litjnebba. Det kjem ikkje eg til å prøve meg på. På denne turen skjønte eg plutseleg at eg blir aldri ein ekstremist i fjellheimen - eg blir nok aldri ein tindebestigar... men kanskje, kanskje Innerdalstårnet ein gong...
Då eg kom inn der det heiter Kleiva, var eg på rundt 1200 meters høgd, og der breia landskapet seg ut nedover dalen som heiter Grønmyra. Men her skjønte eg kva dei to ungdommane meinte med å halde til høgre. Mens eg stod der og såg og lurte på kor eg skulle gå, skjønte eg at her var punktet eg skulle snu. Klokka var blitt 13.30, og eg stipulerte vegen heimatt til å ta rundt fire timar. Distansa eg hadde gått, var fem-seks kilometer. I skildringa av turen til Litjnebba står det at den turen er 6 km kvar veg, og min tur var noko kortare.

Litjnebba - 1611 m.o.h.

Fann ein stor kvarts og på turen.
Hit, men ikkje lengre! Ned passet mot Grønmyra skjønte eg ikkje kor vegen gjekk, og då snudde eg.

Eg bestemte meg for å ta pause ved hytta eg hadde passert på vegen opp. Då kjente eg at eg var sliten i beina og ganske svolten til trass for at det berre var to-tre timar sidan forrige gong eg åt. Ein blir fortare svolten att på fjellet, og eg beordra meg sjølv til eit kvarter lang kvil. Etter at eg hadde starta å gå att, ringte plutseleg telefonen. Det var Arne og Lars som lurte på kor eg var. Dei hadde snudd på rundt 1350 meters høgd, og no ville dei tilby meg følgje ned lia att viss eg var i nærleiken. Ja, det var berre rundt 20 minutt å gå frå der eg var, så eg skunda meg avgarde. Jammen var det ei meining med at eg skulle snu der eg snudde, det var altså heilt sikkert! 
Klokka 15 starta vi å gå ned lia att i samla tropp. Eg var kjempeglad for at eg slapp å gå lia nedover aleine. Litt pause hadde vi i den varme ettermiddagssola, det kunne vi unne oss før vi skulle ned i skugganes dal... Likevel brukte vi berre litt over 1,5 time ned att - det var vi svært nøgde med. 
Som Arne sa: Målet med turen endra seg undervegs, så det vart sjølve turen som vart målet og ikkje toppen. Og då kan eg avslutte som ein kvar skulestil gjorde før i tida: 
Og alle var einige om at det var ein fin tur!
Takk for følgjet, Lars og Arne! Det var heilt topp!

Heldigvis fekk eg følgje med turkarane mine ned Hoåslia att og.

Ingen av oss nådde noko spesifikt mål, men alle var einige om at det var ein fin tur :)

Etiketter