Totalt antall sidevisninger

søndag 27. august 2023

Turblogg: Så vart det ein slik dag i dag... Ettermiddagstur til Aursjøen (bildebonanza)

 I dag var ein slik dag ein ikkje kunne sitte heime og gjere ingen ting... Den første planen, snartur til Hoemsetra, gjekk ut som plan allereie i går. Plan B, topptur, kjente eg at eg ikkje hadde krefter til etter ei lang veke. Men kva skulle vere plan C?

Eg mangla ein plan C, og då blei gode råd dyre etter kvart som klokka gjekk. I plan C var det berre eg sjølv. På ein heilt alminneleg laurdag skulle eg ønske nokon spurte "Ingunn, skal vi...". Men det var ingen som sa det denne gongen heller.

Så då bråbestemte eg meg for å køyre til Aursjøen ein tur - det skulle vel vere ope på Aursjøhytta så eg kunne drikke kaffi der? Kanskje kunne eg teste ut stien mot Naustbukta og kanskje kunne eg finne bær.

Tja, det er mykje kanskje i ei slik filosofering. Men eg drog avgarde og første stopp var ved brua over elva ved Hallarvasslia. Men kva heiter elva og fossen? Heiter den Litldalselva? Heiter den Hallarvassfossen og Hallarvasselva? Ja, det er ikkje godt å seie!

Fossen var iallfall sterk og frodig, og eg fekk auge på han allereie nede ved Dalavatnet. Langt framme der såg ein noko kvitt og frådande nedover berget.

Inne i dalen ser ein fossen kvit og frådande.

Første stopp er altså her på brua akkurat der elva endrar karakter frå ei litt meir forsagt reise frå Hallarvatnet til å gjere seg klar til å kaste seg utfor berget - ikkje i heilt fritt fall, men iallfall i eit flott fossefall langs bergveggen.

Her kastar fossen seg utfor på veg ned langs Hallarvasslia.



Dette er eit kjent motiv for den som har køyrt Aursjøvegen.

Like ved brua er det merka sti til ei jettegryte.
Så gjekk turen vidare, og det viste seg at det var ei naturleg årsak til at fossen var så sterk og frodig. Det var nemleg overløp frå Holbuvatnet. Eg måtte ta dette i nærmare augesyn! Er det vanleg at det er overløp her? 




Berre ein liten sjølvie ved dammen... Og det var litt hustrig vind.



Frå Holbua gjekk turen vidare til Aursjøen. Der viste det seg at eg kunne droppe innom eit par hytter på besøk - og slike moglegheiter lar eg sjølvsagt aldri gå frå meg.
Då det viste seg at gutungen var på tur ut døra heime, fekk eg plutseleg meir tid til turen. Og eg hadde jo ikkje gløymt at eg skulle sjå på overløpet på Aursjøen.
Då eg gjekk mot jettegryta tidlegare på turen, traff eg ei triveleg dame. Ho kunne fortelle at ho hadde spist middag på Aursjøhytta forrige helg, og då hadde styraren sagt at det var siste dag hytta var opa. Det var veldig trasig at han stengte ei veke tidlegare enn planlagt, men no har det dessverre vore to somrar med dårleg omsetning. I fjor var det både dårleg vér og delvis stengt på Eikesdalsvegen. I sommar har det vore omtrent samanhengande dårleg vér. Dei som driv turisthytter er ganske avhengig at véret er på deira side for å få god drift.
Eg håpar verkeleg at Aursjøhytta opnar igjen neste sommar! 

Sist gong det var overløp på Aursjøen, var i fjor sommar, men då tidleg i juli. Då var det på grunn av stor snøsmelting i fjella i kombinasjon med mykje regn. Akkurat no har Aursjøen eit svært prektig overløp - og det skuldast altså... regn (eg er så lei regn!). Og det er lite som tyder på at det er ferdig snart, for meir regn er i vente.
Men akkurat då eg var der denne laurdagen, var det ei svært så hyggeleg og gjestmild ettermiddagssol.


Dette bildet har eg kalt "Sjølvportrett - lita kvinne i stor natur"...



Her begynner Aura å renne. H U R R A det er levande vatn i Aura!

Alt dette er ein del av den store Aurakraftutbygginga for snart sytti år sidan. Det førte til at Aura, som var ei flott lakseelv som rann gjennom Eikesdal, blei regulert - og med det tørrlagt. Reguleringane i Eikesdalsfjella - både Takrenna, Aura og Mardalsfossen - førte til at mykje av den store, fine laksen og auren forsvann frå både elva og Eikesdalsvatnet. 
Aursjøen er ei samanføying av Aursjøen, Grynningen og Gautsjøen, og ligg i grenseland av Molde, Sunndal og Lesja kommuner. Når dammen er heilt full, slik som no, er han 30 km lang og 561 millionar m3 (kubikkmeter) vatn. Høgaste regulerte vasstand er 856 meter.
Vatnet frå Aursjøen bringast vidare til Osbuvatnet og Holbuvatnet. Med andre ord: I dag var det overløp i begge endar av Aura kraftverk. Det er noko som heiter "gråt ikkje over spelt mjølk", og det trur eg Aura Kraftverk tenker... Det er mykje, mykje elektrisitet som renn over kanten av Aursjøen no.
















Så var det tid for å reise heimover. Det var lite diesel på tanken, så det gjaldt å komme meg mest mogleg rasjonelt og rasjonert nedover til Sunndalsøra att. I kvar minste helling rulla bilen i fri...

Men: Eg oppdaga noko veldig spesielt då eg kom tilbake til Holbuvatnet og demninga der: Det var plutseleg ikkje overløp lengre. Det var knusk tørt! Veldig spesielt altså - i og med at det var mykje overløp då eg køyrte oppover.

Ikkje minst gjorde jo dette opplevinga av overløpet endå meir spesiell. Men kan det vere at Aura Kraftverk regulerer når tid det skal vere overløp? Er det eigentleg ikkje styrt av for mykje vatn i dammen? Eg må jo gruble litt på dette i og med at først så var det overløp, og så var det plutseleg ikkje overløp...

Så eg stoppa og tok bilde av den flotte fossen i storsvingen, altså nokre hundre meter rett ned i line frå brua kor eg tok bilde tidlegare. Når ein køyrer bil, er det nokre store svingar i mellom desse to punkta.

Eg var veldig fornøgd med bilturen eg gjorde i dag. Nokon gonger er det bra å hoppe frå det planlagte til det impulsive. Når ikkje forma var tipptopp for ein lang tur i oppoverbakke, var det desto bedre å dra på oppdagingsferd. Eg er tilfreds med oppdagingane eg gjorde i dag :) 






Ikkje mykje vatn i Sandvatnet akkurat no.

søndag 28. mai 2023

Turblogg: Sommartur til fagre Goksøyra - og utsikt heim til Hoemsetra

Sidan eg gjekk til Goksøyra hausten 2016, har eg drøymd om ein ny tur dit - og endeleg vart det ein vakker augustdag i 2021 :) Det vart ein tur med mykje innhald :)


Goksøyra låg fager og venta på oss då vi kom køyrande innover Eresfjorden denne vakre augustmåndagen. Vi var turvenninnene mine, Anne Grete og Anisa, og Prins og eg.
Anne Grete og Anisa hadde aldri vore på fjelltur i bygda før, så for å gi dei eit skikkeleg "view" - oversikt over turmålet - køyrte vi ned til Nauste og beskua Goksøyra derfrå - for så vidt ei kjekt instagrammotiv for mange.
Eg kjente mest som ei både ære og glede å skulle vise dei noko av det vakraste eg veit i verda, nemleg utsikt ut over heile Eikesdalsvatnet.


Turen til Goksøyra startar midtvegs i Eresfjord. Ein køyrer nokre hundre meter oppover frå Fagerslett i retning Kanndalen, og der kjem ein til eit lite skilt som viser vegen til Goksøyra.
Dei første 400 - 450 høgdemetra opp til Ufsalen er tunge, men dei betalar seg.


Ufsalen 550 moh



På Ufsalen er det tid for å kvile og få i oss del ein av nista. Turen til Goksøyra er lang, så det er viktig å vite at det er mat for heile turen. Sola skin på oss og vi skin med sola :)
Og eg må seie det som det er - det er få damer eg trivst bedre på tur saman med enn Anisa og Anne Grete - historier kjem som perler på snor, og det gjer latteren og...Med andre ord: Eit særdeles lettliva turselskap :)





Ei dagsaktuell sak vart omtala, og AG måtte rett inn og kommentere på Facebook...


Ja, det er enno sauer i denne kanten av Eresfjord, og det er derfor viktig å halde på bandtvangen av hunden. Området er landskapsvernområde, og frå Miljødirektoratets nettside har eg saksa følgande:
"Landskapsvernområder er natur- eller kulturlandskap med stor økologisk, kulturell eller opplevelsesmessig verdi. Til landskapet regnes også kulturminner som bidrar til landskapets egenart. Verneformen brukes ofte for å ta vare på kulturlandskap i aktiv bruk. Bevaring av landskapsbildet og landskapsopplevelsen er en sentral målsetting ved opprettelse av landskapsvernområder. I noen landskapsvernområder er også bestemte deler av dyre- eller plantelivet vernet."

Kvidalsskaret med Litlefjellet til høgre og Litlskjorta til venstre.
Her kan ein gå over til Ljøsabotn.

Frå Kvilhaugbotn til toppen      
                                                      

Frå Ufsalen går stien lett, tørt og slakt oppover til ein rundar Kalberget og kjem til Kvilhaugbotn. Mesta heilt umerkeleg er ein no oppe på 900 meter, og det er berre 400 høgdemeter igjen - og dei er bratt og dei går på stein. Namnet på Kvilhaugbotn er nok ikkje for inkje, for å seie det slik. Her trengs det kvile og her trengs det matinntak.



Steinvandringa ein startar på er kjedeleg... Det er mange store steinar og det er bratt. Det er ikkje alle plassar det er like godt merka, og det gjer ikkje så mykje, for opp kjem du. Dei fleste plassane er trygge å trakke. Vi kom opp midt mellom dei to toppane, og den som ikkje har gjestebok og postkasse, er litt høgare enn den andre. Eg har enno ikkje vore bort til den, så kanskje treng eg enno ein tur opp...


Rett fram ser ein Reinsfjellet.

Det er nokre vardar på vegen opp ein kan peile etter.

På toppen av Goksøyra 1318 moh

Første teikn til den fine utsikta.

Borte der er den ordinære toppen kor turboka er.

Det er overraskande lenge sidan vi tok denne turen - det var faktisk i august 2021, men eg har ikkje tatt tid å fortelle om han før no. Når eg ser på dei neste bilda, blir eg så innmari glad i meg for å sjå dei, for dei er minner om ein utruleg fin og triveleg tur. Og så er det mange grunnar til at det ikkje har blitt fleire slike turar etter den hausten, og det med helse er ein viktig del av det. Vi må aldri tru at det med helse er konstant. 
Stå opp og ver takksam når du har god helse!

UBETALT REKLAME: Eirawater når ein er på Goksøyra ;)

Gjett om Prins og eg var glade for å komme opp!!!

Vis meg den kortaste vegen til Hoemsetra :) På høgre side av vatnet ei mil oppover.



Ei lang rekke av fjell i retning Rauma.

Ei lang rekke av fjell på kysten av Romsdal og Nordmøre - like ut til Tustnastabban (til høgre).





Det var tid for å starte på nedturen. Eit stykke nede i ura kom vi i prat med nokre damer, og mens vi står der og pratar, blir det svartare og svartare skyer som kjem frå Vikesaksa. Det var tydeleg at desse ikkje hadde godvér i seg... Vi skunda oss å få på oss regnklede og komme oss det fortaste vi vann nedover mens tora skralla... Heldigvis varte det ikkje lenge, men regnvéret fulgte oss nedover, så vi vart våte.
Når eg tenker tilbake på turen så lenge etterpå, er det jo faktisk ikkje regnvéret eg hugsar best. Det er kor utruleg triveleg vi hadde det saman eg hugsar best.





Og alle var einige om at det var ein flott, flott tur :)

 

Etiketter