Totalt antall sidevisninger

onsdag 27. juli 2016

Coldplay og falafel er sant


Musikk og mat begynner på same bokstav. Det trur ikkje eg er tilfeldig... mmmm... :)

Det er spesielt ein ting som betyr enormt mykje for meg, og det er å kunne lytte til musikk. Då blir eg glad til sinns, musikk er balsam for sjela.
I begynnelsen av juli var eg på konsert med favorittgruppa over alle favorittar - Coldplay - i Stockholm. I forkant av konserten måtte vi ha mat, og hamna på ein libanesisk restaurant på kjøpesenteret ved sidan av Friends Arena, kor konserten skulle vere.

Der var ikkje valet av mat vanskeleg. Eg har smakt den vegetariske retten falafel eit par gonger på IKEA, og hadde lyst å spise den på skikkeleg vis. Og kva passa betre då vi besøkte den libanesiske restauranten SOOK, som ligg i kjøpesenteret ved sidan av Friends Arena. Falafel er mat frå Midt-Austen. På restauranten fekk eg velje mellom bulgur, couscous og ris, og eg velte bulgur, for det hadde eg knappast smakt.
Og eg vart ikkje skuffa! Prisen var ikkje dyr - 105 svenske kroner, og maten var særdeles god.
Det gjorde at eg hadde lyst å prøve å lage dette sjølv då eg fekk besøk av venner litt seinare i månaden.

Ingrediensar eg måtte skaffe: Kikertmjøl, kikerter, bulgur og tahini.
Oppskrifter vart googla fram, og her er det eg laga:

FALAFEL: Oppskrift henta frå www.matpaabordet.no

2 bokser kikerter i lake
1/2 lauk finhakka
1 kvitlaukfedd finhakka/knust
1 ss finhakka persille
2 ss finhakka koriander
1/4 ts cayennepepper
1/2 ts spisskummin
1/2 ts malt koriander
1/4 ts kardemomme
1/2 ts bakepulver
1 ts salt
1-3 ss kveitemjøl eller kikertmjøl
sesamfrø
olje til steiking

Framgangsmåte:
Hell av laken frå kikerta. Bland erta saman med lauk, kvitlauk, persille og koriander. Bruk food processor eller kjøttkvern til å mose saman blandinga. Den skal vere grov og samanhengande deig. Tilsett salt, bakepulver og krydder. Ha så i mjøl/ kikertmjøl (om du brukar kikertmjøl, blir den glutenvenleg). Mengda mjøl må ein kjenne seg fram på. Om ein har for lite mjøl i deigen, vil bollane ein skal lage, smuldre opp når ein steiker dei. Ein må derfor prøve seg fram på kor mykje mjøl ein treng å ha oppi.
MEN: Deigen skal stå og kvile i kjøleskåpen ein times tid, så det er først når du tar han fram for å steike bollane at du må finne ut akkurat kor mykje mjøl det skal vere.
Bruk ei spiseskei for å lage bollar i handa. Prøvesteik ei bolle for å sjå om deigen har nok mjøl.
Form resten av deigen til bollar og dypp dei i sesamfrø før du steiker dei i rikeleg med olje.
Bollene skal spisast varme, og dei kan og frysast.

Så til det ein kan ha attåt falafelbollane.

HUMMUS: Oppskrift henta frå www.kjoekkentjeneste.blogspot.com


Hummus er og mat frå Midt-Austen. Det er laga av kikerter som hovudingrediens. I tillegg er det tahini i den, og det er sesampasta. Eg fekk kjøpt det på LIFE-butikken her på Sunndalsøra.

1 boks kikerter i lake (t.d. frå Go Green)
olivenolje
saft frå ein halv sitron
1-2 kvitlaukfedd revet på rivjarn
Spisskummin
eit par skeier tyrkisk yoghurt eller matyoghurt
tahini
paprikakrydder
chili eller cayennepepper
ev. salt

Skyll erta før du skal bruke dei. Bland kikerter og yoghurt i ei bolle og køyr det glatt med t.d. stavmiksar. Tilsett den knuste kvitlauken, spisskummin, sitronsaft, tahini og olje. Smak til med chili/ cayenne, paprikakrydder og salt. Strø litt paprikakrydder på toppen og strø over litt hakka persille.
Hummus kan serverast saman med ulike typar kjøt, og kan og brukast som grønsakdip.

BULGUR MED GRØNSAKER OG KRYDDER: Oppskrift henta frå lisevonkrogh.wordpress.com

1 stor kopp bulgur
2 ss rapsolje
2 gulerøter revne
1 ts spisskummin
1/4 ts kayennepepper
1 paprika finhakka
4 dl spinat (ca ein pose fersk)
2 vårlauk finhakka
salt og peppar

Kok opp to koppar vatn (den same som du målar opp bulgur med). Hell i bulgur og la det koke til vatnet er vekke, det tar rundt eit kvarter på svak varme med lokk på kaserollen.
Varm opp olje i steikepanne, og ha i gulerøter, spisskummin og kayennepepper. La det frese i eit par minutt før du har oppi bulgur, spinat og vårlauk. Rør godt rundt og la det stå og trekke under lokk på middel sterk varme ei lita stund. Når spinaten er mjuk, er retten ferdig. Smak til med salt og pepper og eventuelt litt meir kayennepepper.

Ha nokre falafelbollar, hummus og bulgur på fatet, og legg over litt rømme på toppen. Smakar ganske så fortreffeleg ! Eg brukte ganske lang tid på å lage dette, men med trening så blir tida kortare. Smaksmengden må ein arbeide seg fram til. Nokon likar sterk smak og nokon likar det med litt mindre smak.

Bon appetit :) Til maten hadde eg ananasbrus frå Oskar Sylte.



Sidan det trass alt var konsert med mine favorittar over alle favorittar, Coldplay, eg skulle på konsert med, legg eg med ein liten videosnutt med dei :) Konserten var heilt fantastisk!!!

Coldplay og falafel = sant <3

Legg inn en kommentar

Etiketter