Endeleg vart det min tur å bli tindebestigar! Eg har latt auga kvila utover heile Nordmøre og Romsdal! Dagens mål var Blåfjellet og Blånebu på 1192 moh.
NB! Redigert inn fleire bilde frå turen søndag 10.september 2017.
|
Klart for start på Meisalvatnet. Her er utgangspunkt for mange turar. Blåfjellet i bakgrunnen. |
Utgangspunktet for turen i dag var at han var sett opp som ordførartur. Det tenkte eg var eit godt høve for endeleg å kome meg til denne tinden som har stått på stikk ut!-kartet i fleire år. Eg tenkte og at det var eit godt utgangspunkt for å kome i gang med topptursesongen min. Den har eg snakka om ei god stund no.
Eg skjønar eigentleg at det berre har vorte med praten, for toppturar er tyngre enn vanlege turar. Det krevst meir på ein raud tur med minst 600 meters stigning. Så eg er glad eg har utsett den sesongen så lenge som muleg.
Turen startar i slakt terreng. Første gongen eg gjekk turen, var det veldig blautt på myrene. I 2017 har det vore gjort godt dugnadsarbeid, og det er lagt ut fleire bruer der det er som mest blaut myr. Dermed er det tørt og fint heile vegen når det har vore ein lang tørrversperiode.
Stien er lett å fin å gå opp til rundt 850 meters høgd. Derifrå går det oppover og oppover, men det er 350 effektive, korte høgdemeter. Skal ein ha med ungane på topptur, kan ein gjere denne turen.
|
Fjellet kler seg i haustfargar i september, det gjer også Blåfjellet. |
|
Turen startar i slakt terreng. |
|
Utsikt har ein heile vegen på turen. Dette er ein flott tur for ungar med ei fin utfordring for å komme seg opp. |
|
Og oppover går det dei siste 350 høgdemetra. |
|
Kjekt å ha med onkel som godt turselskap :) |
|
Mitt motto på tur er: Kor hen eg er i verda, vis meg kortaste vegen heim :) Den går i direkte line rett bak meg. |
Her er fjella tydelegare å sjå enn på bildet av meg. Fjellet i framgrunnen er Vardfjellet. I rekke nr 2 ligg Goksøyra (turen til Goksøyra
kan du lese om her), og bak Goksøyra ser ein Breifonntinden, Sjøvdøla, Gjuratinden saman med fleire toppar eg ikkje er sikre på. Men eg trir eitt av dei bakerste fjella er Kyrkjetaket i Isfjorden.
Turen gav rom for ei fantastisk utsikt over store delar av Romsdal og Nordmøre. Vi såg til Rauma, Molde, Gjemnes, Averøy, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Halsa. Dei med gode auge greide å sjå heilt ut til vindmøllene på Smøla! Det vil seie at ein såg tvers over Halsa og Tustna. Reinsfjellet stod i vegen for utsikta til Kristiansund.
For øvrig kan du lese meir om turen til Blåfjellet og Blånebu, steinbua kor du kan ta ei overnatting om du vil, kan du lese meir om på
stikk ut!s nettsider.
|
Sommar: Utsikt utover Langfjorden - heilt ut til Sekken og Veøya. |
|
Haustbilete av same utsikta. |
|
Sommar: Utsikt utover Nordmøre. I framgrunnen er Sunndalsfjorden med Rotås og Ballstad. I bakgrunnen er Tingvoll. Fjella bakerst høyrer til Aure kommune - Tustnastabbane midt i bildet.
|
|
Samme området i september. Viss du zoomar, ser du Smøla og vindmølleparken midt i bildet - til venstre for Tustnastabbane. |
|
Tenk å ha ei slik panoramautsikt på turen :) |
|
Her er det utsikt over Sunndalsfjorden mot Hanemsvatnet, Meisingset og Vågbø i Tingvoll. I bakgrunnen er mellom anna Strengen som ligg på Kvanne i Surnadal. Den turen fortalte eg om her. Fjorden i bakgrunnen er Ålvundfjorden,
|
Reinsfjellet, til høgre, er lett å få auge på frå heile Nordmøre og ein del av Romsdal.
Her kan du lese om turen dit.Til og med vi ved Eikesdalsvatnet kunne såvidt skimte Reinsfjellet, og det var og derifrå vi hadde tv-signala våre. Den er og på
stikk ut!-kartet (i 2016 - ikkje 2017). Fjorden mot venstre er Batnfjorden og Gjemnessundet. Ein kan sjå Gjemnes kyrkje, og ein kan skimte Averøy baki der og.
|
Reinsfjellet sett på avtand utan zoom. |
Det er no ein gong slik at turen blir både lettare og trivelegare å gå når ein får gå i lag med trivelege folk. Gunhild og Ola Jakobsen er så absolutt i gruppa av trivelege folk, og dei fortener ein plass i bloggen :) Gode førebilete for eldre menneske som er dyktige på å gå turar og halde seg i form. Ola er vaksen opp på Bugge, og i oppveksten for han og fiska i tjernet ein kan sjå til venstre i bildet.
Tilføying september 2017: Trur du ikkje eg møtte desse to sprekingane oppe på Blånebu?!
|
No comments! Ganske fornøgd med eigen innsats! |
|
Yes! Høgderekord for denne guten her! Første topptur med ungane. Taket på Blånebu måtte prøvast. |
|
Sjølvie med fjella heimover i bakgrunnen. Ein ser Åbittinden, Skjorta, Goksøyra og Breifonntinden ganske tydeleg. |
|
Hausten er utvilsomt den finaste tida å vere i fjellet <3 |
|
Tid for å gå ned att same vegen. |
|
Ein liten kvil på heimovertur på ei av dei fine bruene som er laga i sommar. |
Som ein oppvarmingstur til søndagens fjelltur var bror Terje og eg på ein kveldstur til
Myrsetvarden. Vi gjekk opp frå garden Myrset i Eidsvåg, men du kan og starte ved Meisalvatnet kor ein startar mot Blåfjellet. Då sparar ein seg for mykje stigning, men ein sparar seg jo og for verdifull trim - og det var vel ikkje meininga?
Broderen og eg rakk att sola, som stod til venstre for Reinsfjellet. Det var ein utruleg nydeleg kveld, temperaturen var 17-18 grader, og eg kjente at det var ein maksimal oppstartar til søndagsturen!
|
Her startar turen til Myrsetvarden, som ligg midt på bildet i toppen. Ein utruleg flott tur! |
|
Poenget med turen er å skrive seg inn i boka - stikk ut!-boka :) |
|
Broderen på Myrsetvarden laurdag kveld i rundt kl 22.30. Reinsfjellet i bakgrunnen.
|
|
Utsikt utover Sunndalsfjorden. |
|
Utsikt mot Eidsvåg og Langfjorden |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar