Denne veka kunne
lokalavisa Driva melde at det hadde vore maktskifte i Sunndal KrF.
Arne Chr. Drøpping hadde overlate leiinga av lokallaget til
underteikna.
Eg kunne vel ikkje
vore meir ueinig i framstillinga enn det eg skal presisere her.
Det Driva ikkje
fortel noko om, er om dette sokalla maktskiftet utgjer noko endring.
Og i såfall: For kva eller kven skulle denne endringa ha noko å
seie? For lokallaget Sunndal KrF? For folk elles?
Eg reagerte altså
mest på at leiarskiftet vart kalla eit maktskifte. Makt er eit
sensitivt omgrep, og dei færraste vil vel innrømme at dei søker
makt. Å delta i eit politisk parti er ei form for maktsøking. Makt-
og demokratiutredninga som vart lagt fram i 2003 viser at makt knytta
til politiske parti har hatt ei endring dei siste tiåra. Parti som
før samla store massar, har no i større grad vorte nettverksparti.
Å kjenne dei rette personane har blitt meir og meir viktig. Dei
største partia har greidd å senke sugerøret ned i kassa til store
organisasjonar og bedrifter, og pengar og makt heng uløyseleg saman,
det er ei kjensgjerning.
Noreg har noko som
vert kalla mindretalsparlamentarisme. Det vil seie at det er faktisk
mogleg å oppnå politisk makt utan at ein har vunne valet. Dette har
ein sett i fleire regjeringskonstellasjonar dei siste 16 åra. 1997
var eit tidsskilje i det politiske landskapet i Noreg, då
mindretalsregjeringa Bondevik I vart skipa, og viste seg og å vere
svært levedyktig. Regjeringa viste seg og å vere svært
handledyktig, og fekk sett fleire viktige saker på dagsorden og
vedtatt til trass for at dei tre regjeringspartia hadde berre 42
representantar på Stortinget.
Mitt klare
inntrykk er at folk flest ønskjer at denne
mindretalsparlamentarismen skal oppretthaldast. På den måten har
dei små partia – uavhengig av fløy – høve til å kunne søke
reell makt og påverking. Men ein stiller seg lagleg til for hogg!
Det har det siste halvåret vist, kor presset mot det vesle 5,5
%-partiet har vore hardare enn nokon gong. KrF gjekk inn i reelle
forhandlingar om å vere i regjering saman med Venstre, Høgre og
Framstegspartiet. Då det viste seg ikkje å vere mogleg, fekk
likevel både KrF og Venstre reell påverking av
regjeringspolitikken, deriblant i fleire saker som har skapt sterke
dragningar i debatten. Det er det slettes ikkje alle som tåler, men
er fullt og heilt ein legal måte å søke makt på.
Den gong eg
studerte statsvitskap, fekk vi høyre at politikk handlar om «how we
talk and how we act». Ja, tale og handling heng saman! KrF ønskjer
på same måten som andre parti å kunne setje sin politikk ut i
handling. Å kunne vise at ein har evna til å handle er å vise at
ein har makt. Det er ikkje alltid det er verken pengane eller
storleiken som bestemmer kor mykje makt ein kan utøve.
Sunndal KrF har
hatt eit leiarskifte. Det vil ikkje medføre verken meir eller mindre
makt til lokallaget. Makta er fortsatt den same, men vi skal bruke
den til å påverke i det som er små og store saker i
sunndalssamfunnet. Så får vi heller sjå om styrkeforholdet er
endra når stemmene ved kommunevalet i 2015 er opptalt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar