I dag var eg på ein ny tur! Etter 10 1/2 år i bygda, er det for gale å innrømme at eg aldri har gått Grølia opp - før i dag... Ein gong må vere den første! Men eg har gått ned lia to gonger, for eg har gått Sunndalsmarsjen frå Vangshaugen til Grøa to gonger for mange år sidan.
Vel: Eg tok laus i dag. Turmålet var turboka i postkassa ved Jonkerdalen oppe i Grølia. Postkassa er ved grinda som bringer deg videre inn i den grødalske fjellheimen. I turboka "30 turar i Sunndal" står den som tur nr. 6 til Dalavatnet.
Aller først må eg skryte av dei som har laga til det flotte området med benk og gode greier før ein startar skikkeleg på turen. Ein vegg med informasjon er og bra, og der heng og ei postkasse, kor ein kan ta seg eit papir med informasjon om namn på dei forskjellige stadane oppover lia. Verkeleg bra :)
Like ved rasteplassen er det restar etter truleg ei mølle. Inni mølla var det einaste nokre få sauar som oppheldt seg.
Den fine stien oppover er faktisk brattast i starten av turen. Når ein har kommet seg opp på Bruhjell, begynner det å flate ut.
Bruhjell var ei hyggeleg overrasking! Like ut av skogen dukka det opp ei stor slette - informasjonsarket fortel at det har vore slåttamark i tidlegare tider der - og der var det stubbar å sitje på og ein liten bålplass. Garantert fin stad å rusle seg ein tur for å grille ei ettermiddagsstund!
På Øvre Bruhjell har ein fin utsikt over dalen til elvene Skorga og Fossa. |
Frå Øvre Bruhjell går det fint og jevnt oppover. På grunn av alt regnet som har vore i det siste, var stien rimeleg blaut fleire plassar. Det vil vel tørke opp om det kjem jamnt med sol utover sommaren :)
Så er det berre å følgje på oppover lia. Ivrige lokalkjennarar har fått laga fine skilt på fleire plassar, slik at ein veit kor ein er.
Like nedanfor Landlaupet har det vore slipsteinsplass, og om ein er merksam, skal ein finne årstalet 1886 innrissa i berget (det fekk sjølvsagt ikkje eg med meg...). Det årstalet skal truleg peike tilbake på ein periode kor det var mykje utbetringar av stien oppover, og Sunndal Sparebank, etablert 1892, var ein viktig sponsor av dette.
Før ein kjem til Landlaupet,
passerer ein eit busstopp! Det er iallfall eit prov om at ein er på rett veg!
Ved Øltappen finns det ei oppkomme som renn heile året. |
No har eg kome så langt opp i dalen, at den begynner å opne seg meir og meir. Elva er langt nede i dalen, den høyrer ein berre suset av. Stien er av ganske god kvalitet, og innbyr til å løfte beina i eit litt raskare tempo. Det er hunden min interessert i og :)
Når ein går eit stykke til, kjem ein til Jokran. På midten av 1800-talet var det buplass oppe der - forstå det den som vil - men rundt 1863 vart det fråflytta. Eg vil tru det var stor rasfare der på den tida og, slik det fortsatt er i periodar i dag og.
Postkassa som er drifta av Grøa IL, heng ved sidan av grinda. Det beiter sauer i Grølia og Grødalen. Eg snudde ved postkassa, men om ein følgjer stien eit stykke til, kjem ein til idylliske Dalavatnet, kor ein kan bade på ein god sommardag. Fortset ein lenger, kan ein enten følgje stien vidare innover Grødalen til turistforeiningshytta Vangshaugen, eller ein kan finne vegen forbi setrene i dalen, og gå til turistforeiningshytta Rauberghytta. Grøa - Rauberghytta - Vangshaugen trur eg er ein bra todagarstur å ta. Frå Grøa til Vangshaugen er det 25 km, og turen tar (i motsett retning) nærmare 5 timar.
Prins kunne godt tenke seg å gå lenger!
Utsikt vidare oppover dalen mot Dalavatnet.
Her ved Jokerdalen snudde eg. Ein annan gong skal eg gå heilt opp i Grødalen! |
Alltid trygt å følgje KNTs T-merking. Stien går heilt til Vangshaugen. |
På nedovertur tok eg ein litt anna sti enn opp, nemleg Trollstien, og då fekk eg litt utsikt nedover mot Sunndalsøra. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar