Totalt antall sidevisninger

mandag 27. oktober 2014

"Fotballen er fantastisk vakker, liksom..."

Sitatet er henta heilt ut frå sin eigen samanheng. Så lite interessert som eg faktisk er i fotball, skal eg iallfall ikkje kommentere Branns exit frå eliteserien...!


Denne autografen er faktisk det einaste som handlar om fotball heime hos meg...


Men overskrifta frå VG i kveld fanga meg. Fordi eg først hadde skrolla forbi overskrifta om den sørafrikanske målvakta som var skutt og drepen. Nei, fotballen er ikkje alltid vakker. Av og til er den brutal. Heilt umotivert brutal!
Slik som då fotballspelaren Andrès Escobar frå Colombia kom heim att etter fotball-VM i USA i 1994. Eit stakkars ulykksaleg sjølvmål førte til eit bestialsk mord - og drapsmannen som opprinneleg fekk 45 år fengsel, var ute etter 11 år! Vakker fotball? Rettferd? For kven?

Eg måtte sveipe innom artikkelen kor bloggtittelen er henta frå. Stakkars Brann-trenaren har rett: Fotballen er ikkje muleg å forutseie! Det er det som gjer det spennande å sjå på. Skjønt heilt rett har han ikkje: For tap avlar tap, siger avlar siger! Om ein tapte kampen forut, er det langt meir sannsynleg at den neste kampen og går ut i eit negativt resultat. Livets hårde verkelegheit!
I Sverige har supportarane til Djurgården gått amok, og ein brannmann vart skada av ei røykbombe. Ei verkelegheit vi så langt ikkje har her i Noreg... men kven veit kor lenge det er til norske supportarar begynner å gå berserk?

Så er det likevel to artiklar på nettavisene  som kan vise det som eg tenker er vakkert med fotballen. Historiene om dei gongene kor fotballen kan ta livet og kvardagen eit steg høgare - og gjere livet litt meir verdifullt.
Utgangspunktet for historiene er grusomme. Den eine låg med store skotskader etter massakren på Utøya. Marte Ødegården var denne helga på besøk på Old Trafford personleg invitert av Manchester United. Endeleg frisk nok til å reise over og treffe favorittlaget!

Tysdag omkom ein supporter av Roma og hans son i ei trafikkulukke på veg heim etter å ha sett kampen kor Roma tapte grovt mot Bayern München, På kampen hadde dei smila og tatt ein selfie av seg. Det siste biletet av dei.
I kveld vart far og son hylla då romaspelarane tok på seg t-skjorter med det siste motivet av dei to døde på. Kapteinen på Roma uttrykte sorg på vegne av laget. Ei symbolsk handling, ikkje veldig stor, men likevel så viktig i ein idrett kor mykje handlar om økonomisk vinning og gode resultat.

I blant tenker eg at ja visst kan fotballen vere vakker! Idrett er vakkert! Til og med det Cecilia Brækhus gjer, kan i eit augenblink vere vakkert!
I streben etter gode resultat, topping av lag og eiga vinning er det viktig å huske den sunne sjela i den sunne lekamen - mens sana in corpore sano! For kva gagnar det om ein vinn verda, men mistar sjela?!


Ingen kommentarer:

Etiketter