Totalt antall sidevisninger

onsdag 28. oktober 2015

For ei naturoppleving!!!

Eg har lenge tenkt på at eg skal gå til Kongelhjellan ein tidleg morgon for å fange morgonsola. I kveld fekk eg fanga månen der.


Då har eg besøkt Kongelhjellan i mørket! For ei oppleving!

For meg er det god trening i å ta meg sjølv eit steg lenger. Eg er ikkje så flink på slike ting, men kjenner at desse utfordringane trivst eg med. Det starta med at eg måtte ha variasjon i turane til mitt næraste turmål, Knutsliøya. Då begynte eg med desse haulyktturane i fjor haust. Seinast i går var eg ein tur dit saman med hovudlykta og hunden, men det var på tide å få tatt turgåinga eit skritt lenger. Derfor vart det Kongelhjellan på Fale. Den stien kjenner eg godt, og det ser eg på som ein fordel når ein skal gå i skogen i mørket. Skikkeleg godt skotøy ser eg på som ein anna viktig fordel.

Kongelhjellan er eit supert turmål. Eg har skrive om den før ein gong og. No var det ei god stund sidan sist eg var der, og det slår ikkje feil: Eg begynner mesta å mase på meg sjølv: Er eg framme snart? Er eg framme snart?

I dag var det eigentleg berre ein tanke bak turen: Sjå på månen.
Mesteparten av vegen opp, låg han bak fjellet, og det var eigentleg plana mi og. Tenk å vere oppe på Kongelhjellan i det månen kliv opp bak Ottemfossen? Han kom meg i forkjøpet, månen, men då fekk eg nydeleg månelyst sti resten av vegen.


Oppe på toppen får eg den utsikta eg likar så utruleg godt: Nedover heile Sunndal heilt til sjøen. Dessverre har eg ikkje så bra fotoutstyr at eg kan gjengi skikkeleg det eg såg frå utsiktsplassen på Kongelhjellan, men prøv å sjå forbi det litt skjevande inntrykket og førestill deg korleis det er å sjå over ei mil nedover dalen, heilt knallblå og stjerneklar himmel.
For ei mektig naturoppleving!

Litt skjelvande: Utsikt mot Sunndalsøra og Sunndalsfjorden.

Ja, det er Stikk ut-turmål. Og dette var sesongens 60.turregistrering for min del!




Ingen kommentarer:

Etiketter