Totalt antall sidevisninger

søndag 26. februar 2017

Med atterhald om vér og føre - filosofi på ein søndag

Denne veka fylte kong Harald 80 år, men som kjent, er feiringa utsett til i mai. Kong Harald og svigerfar min var fødd same veka. Det trur eg svigerfar eigentleg var litt stolt av. 


I dag såg eg berre konturane av svigerfar si grav i snøen.
Så derfor hadde eg tenkt i dag å gå på grava hans og markere 80-årsdagen hans.
No er jo saka slik at det har kome ganske mykje snø her dei siste dagane, så sjølv om det vart mildvér i dag, er det fortsatt bra med snø. Eg begynte å tenke på det då hunden min, Prins, og eg sparka bortover langs vegen (ja, vi var på sparketur!). Kanskje det ikkje var liv laga for lystenning likevel til han svigerfar?

Kanskje eg rett og slett måtte sette atterhald om vér og føre for å markere dagen hans? I min familie er ikkje det så uvanlig praksis, men dette er trass alt svigerfar!

Det minte meg på ei historie som er mesta tretti år gamal, og eg fekk ho fortalt av venner av meg som hadde sett notisen i Dagbladet -  av alle plassar! Ho Oleanna i Eikesdal skulle feire 100 års dagen sin, og på den tida budde ho på trygdeheimen i nabobygda, i Eresfjord. Dagen skulle etter plana feirast på grendahuset i heimbygda, men når dagen fell litt uti mars, kan vér og føre vere høgst uvisst - særleg når ein skal fare langs Eikesdalsvegen med alle sine rasutsette stader. Derfor sette familien i notisen i avisa noko slikt som: 100-årsfeiring av Oleanna Sæter på Eikesdal Grendahus - atterhald om vér og føre.

Det var kanskje ikkje så rart at Dagbladet fatta interesse for den notisen... Vanlegvis vil ein vel sette atterhald om at jubilanten lever, men vér og føre?

Jaja, så det gjekk eg altså og tenkte på i dag då eg fann ut at eg ikkje var så interessert i å vee til knes i snø bort til svigerfar si grav. Svigerfar tilgjev meg nok heilt sikkert - fordi eg tenkte trass alt på han. Det var kanskje meir enn han ville ha rekna med.
Iallfall veit eg at han ville syntes det var heilt greit at eg gjorde litt humor ut av dette.

Ingen kommentarer:

Etiketter