Midt i mars fekk eg moglegheit til å gå dei 418 trappetrinna opp til Aksla i Ålesund. For ein fantastisk flott tur!
Eg budde tilfeldigvis på Scandic Parken Hotel i Ålesund, og frå der er det kort veg opp til Byparken, kor turen startar frå.
Det er mogleg å gå ein større rundtur, men det hadde ikkje eg tid til, så det vart med tur-retur dei 418 trappetrinna. Turmålet er jo utruleg tilgjengeleg, og ein kan vel seie at sherpajobben har betalt seg.
Dette er ein flott tur for alle å ta i frå Byparken. Hadde eg hatt bedre tid, hadde eg sjølvsagt tatt heile rundturen. Den kan du lese om
på Moroturs sider, og eg reknar med turen blir stikk ut-tur i år og.
Til sommaren skal eg tilbake til Aksla med ungane og vennene mine frå Australia, og det gler eg meg veldig til. Då må vi ha tid å gå trappene og ta kjempefine bilde.
 |
| Startpunkt lang og kort løype til Aksla frå Byparken. |
 |
| Ein kanon treff ein og på oppi. |
 |
| Trappetrinnteljing med jamne mellomrom oppover. |
 |
| Byrampen er eit flott utkikspunkt. Her traff eg nokre trivelege folk på veg ned att. |
 |
| Snart framme ved turmålet. |
 |
| 10 trinn att berre. |
 |
| Utruleg flott utsikt i mange retningar og ut mot mange kommunar. I bakgrunnen her er Sula. |
 |
| Utsikt mot Brosundet, som deler Ålesund i to, og Godøya i bakgrunnen.. |
 |
| Utsikt mot Godøya, Giske og Valderøya. |
 |
| Statue av fjellmannen Kristofer Randers. |
 |
| Utsikt mot Sula og fjella i Ørsta i bakgrunnen. |
 |
| Frå Fjellstua på Aksla kan du gå vidare endå høgare opp. |
 |
| Denne benken er til minne om ein engelsk offiser som døydde i Ålesund i 2. verdskrig. |
 |
| Sjølvie :) Fredag og helg og nydeleg ver :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar